Songtime med Kjartan Fløgstad
Torsdag den 19. november inviterer Grenland Friteater og Mållaget Dag til «Songtime med Kjartan Fløgstad og vener».
– Forfattaren lovar mellom anna å framføre det han kallar sin einaste «hit», det svingande stevet «E76 over Haukeli”, fortel programleiar for kvelden, Geddy Aniksdal.
Kjartan Fløgstad er mest kjend som lyrikar, novelleskapar og ikkje minst som romanforfattar. Men han har og bak seg eit omfattande samarbeid med Grenland Friteater, og med norske låtskrivarar.
– I «Songtime med Kjartan Fløgstad og vener» får publikum ein uhøgtidleg samtale om songskattane våre og det å skrive tekstar som svingar, lovar programleiaren.
Skodespelarar ved Friteateret framfører songane, mens spesialinviterte gjester som Vidar Ytre Arne og Chris Erichsen sørger for tonefylgje.
Du kan kjøpe billett her, eller i døra. Pris for medlemer i mållaget 200 kroner. Andre 250 kroner.