kalender

Landsrådsmøte i Noregs Mållag

Tid:
20. november 2027
til 21. november 2027
Stad:
Oslo
Arrangør: Noregs Mållag

Noregs Mållag inviterer til tillitsvaldsamling fredag 19. og laurdag 20. november 2027.

Dette er samling som passar for alle som har eit verv i Mållaget eller gjerne vil bli tillitsvald! Det blir opplæring i korleis organisasjonen fungerer og korleis og kvifor vi arbeider for målsaka lokalt og nasjonalt.

Vi kombinerer helga med eit landsrådsmøte som byrjar laurdag 20. november og vert avslutta sundag 21. november 2027.

Det møtet samlar alle fylkesleiarane i Mållaget i tillegg til representant for yrkesmållaga, styret og frå Norsk Målungdom. I år er det uvanleg mange nye fylkesleiarar, så for alle dei vil det vere svært nyttig å få med seg tillitsvaldsamlinga også.