kalender

Nynorskstafetten 2027

Tid:
25. oktober 2027
til 12. november 2027
Arrangør: Noregs Mållag og Norsk Målungdom

Kvart år fyller Noregs Mållag og Norsk Målungdom opp ein bil med materiell og folk i nynorskens teneste.

Gjennom tre heile veker vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemna nokre. På kvelden er det mållagsmøte med lokale mållag og kanskje kulturkveldar.

Starten på Nynorskstafetten var i Språkåret 2013. Då feira Noregs Mållag og Norsk Målungdom Ivar Aasen med å reisa på Nynorskstafett i godt over 150 dagar. Seinare har det blitt om lag tre veker kvar haust.

I 2027 har styret sett av tre veker til Nynorskstafetten. Desse tre vekene er:
25.–29. okt
ober: Nynorskstafetten (veke 44)
1.–5. november: Nynorskstafetten (veke 45)
8.–12. november: Nynorskstafetten (veke 46)