norsk tidend

100 år med nygamle fylkesnamn

Nordland kunne ha blitt Hålogaland, og Telemark kunne ha blitt Grenland. Då dei norske fylka fekk namn førre gongen, vart gamalnorske landskapsnamn henta fram og tekne i bruk att.

TEKST: IVAR BERG

Før 1919 var Noreg inndelt i amt, og både nemninga og inndelinga var ein arv frå dansketida. Mot slutten av 1800-talet kom det fleire framlegg om å kalla amta syssel eller fylke i staden, ord som var bruka om administrative område i gamalnorsk, og å atterinnføra gamle norske områdenamn på amta og andre administrative einingar. 

Eit uttrykt nasjonalt mål 

Interessa for mellomalderen var sterk på 1800-talet og ein viktig del av den norske nasjonsbygginga, og det var heilt i tråd med dette programmet å henta fram att namn som var kjende frå den norrøne sogelitteraturen. 

Etter framlegg frå ei gruppe venstrefolk gjorde difor Stortinget i 1900 vedtak om at inndelingsnamna skulle få ei norsk form eller bytast ut med «nasjonale namn». Berre éin representant stemde mot. Det var altså eit tydeleg uttrykt nasjonalt mål for namnearbeidet, og framlegget var formulert på landsmål, det nasjonale målet. På denne tida var fornorskinga av det danske skriftspråket òg i gang, det arbeidet som leidde fram til riksmålsrettskrivinga i 1907 og den store reforma i 1917. Fornorsking av stadnamn fall inn i dette arbeidet. 

Gjennom dansketida hadde mange stadnamn fått ei dansk skriftform, og dette galdt framleis gjennom det meste av 1800-talet. Mot slutten av hundreåret vart det gjort eit arbeid for å føra til dømes gardsnamn over i norsk målform, og inndelingsnamna var då ei naturleg vidareføring av dette arbeidet. Fornorskinga av stadnamna våre er grundig skildra av Gustav Indrebø (1889–1942), professor i «vestnorsk målføregransking» og leiar/nestleiar i Noregs Mållag i ei årrekkje, i boka Norsk namneverk (1927). 

Etter vedtaket i 1900 sette Stortinget ned ei nemnd som skulle vurdera nye inndelingsnamn. Der sat mellom andre Marius Hægstad (1850–1927), den fyrste professoren i «landsmaalet og dets dialekter» og fyrste leiar av Noregs Mållag. I lag med han sat rettshistorikarane Hertzberg og Taranger og teologen A. Chr. Bang, alle riksmålsfolk. Nemnda ville innføra nemninga syssel for amt og kom med framlegg til nye namn. Det var semje om å nytta namn med rot i norsk historie, men medan fleirtalet dels gav namn etter administrasjonssenteret (t.d. Drammen), ville Hægstad gjennomføra gamle landskapsnamn og ein norskare skrivemåte (t.d. Austfold med diftong). For mindre namn som herad ville nemnda leggja bygdemålet til grunn, «renset og normaliseret». Men etter at tilrådinga var lagd fram, koka saka bort i kålen. 

Gamle landskapsnamn
I 1914 vart Hægstad og Hjalmar Falk (1859–1928), professor i germansk filologi, bedne om å laga ei ny utgreiing om inndelingsnamna. Dei hadde då vore konsulentar for Norges Geografiske Opmåling (NGO), forløparen til Kartverket, i fleire år. Falk var sjølv riksmålsmann og hadde vore den fyrste formannen i Riksmaalsforeningen (ein forløpar for Riksmålsforbundet), men dette prega ikkje stadnamnarbeidet hans. NGO hadde sidan 1913 praktisert at stad- namn skulle skrivast etter den lokale uttalen, men med noko normering særleg av bøyingsendingane. 

Etter berre nokre månader hadde Falk og Hægstad ei tilråding ferdig. Dei fylgde opp tankane hans Hægstad frå den førre nemnda og ville taka opp gamle landskapsnamn som var kjende frå gamalnorsk. Som avløysarord for amt føreslo dei no fylke, eit inndelingsnamn frå mellomalderen som er avleidd av ordet folk. Dei sette òg opp ei liste over heradsnamn som burde få ny skrivemåte, og desse vart vedtekne allereie seint i 1917. Namn på fylke og bispedøme måtte opp i Stortinget. 

Trass i semja frå 1900 om å innføra nasjonale namn vart det eit fleire dagar langt ordskifte i Odelstinget om endringane då saka kom opp i 1918, dels om å utsetja heile saka, dels om einskilde framlegg. Høgre var som vanleg imot endringar og skulda vestlendingar og målfolk for å påtvinga Austlandet uynskte namn. Den sida av argumentasjonen er litt pussig, sidan korkje vestlendingar eller målfolk hadde noko fleirtal i Stortinget. Kulturell og språkleg konservatisme var nok heller motivet. 

Språkprofessorane Marius Hægstad (1850–1927) (t.v.) og Hjalmar Falk (1859–1928) utgjorde nemnda som kom med framlegg til nye fylkesnamn. Hægstad var den fyrste leiaren i Noregs Mållag. Foto: Axel Leverin (Hægstad) og Ludvig Forbech

Kva skulle fylka heite?
Eit problem var at dei gamle landskapsnamna ikkje samsvara heilt med dei moderne grensene. I mellomalderen var til dømes Upplǫnd (lǫnd er fleirtal av land) eit stort område som femna om det meste av dagens Hedmark og Oppland og delar av Buskerud og Akershus. Falk og Hægstad ville kalla dei tre fyrste Aust-, Vest– og SørUpland (Falk ville ha Opland), medan Kyrkjedepartementet føreslo Ringerike for Buskerud. Stortinget vedtok likevel at den austre delen skulle heita Hedmark, med namn etter landskapet aust for Mjøsa, medan vestdelen vart Opland åleine. I staden for forslaget Ringerike heldt Stortinget på Buskerud, opphavleg eit gardsnamn i Modum. Akershus, oppkalla etter festninga inst i Oslofjorden, skulle framleis vera fylkesnamn. Her hadde Falk og Hægstad føreslege Romerike, som ville stått meir i stil med dei andre nye namna, jamvel om fylket går mykje vidare enn det gamalnorske RaumaríkiØstfold og Vestfold fekk namn etter Folda, det historiske namnet på Oslofjorden. Vestfold fanst allereie i gamalnorsk, medan Østfold ikkje er skriftfest før på 1500-talet, men laga på same vis. Framlegget Austfold med diftong var faktisk noko bruka og hadde støtte i fylket, men vedtaket vart Øst-. Det nye fylkesnamnet Telemark dekte frå gamalt av berre dei indre delane av fylket; eit alternativ var Grenland etter dei ytre delane.  Landskapsnamna Agder, delt i Aust– og Vest-, Rogaland og Hordaland stemde godt overeins med fylka dei gav namn til. 

Noko større spørsmål var det ved dei to nørdste vestlandsfylka og om ein burde ha toledda namn. Falk og Hægstad hadde helst sett berre Fjordane, men vedtaket vart Sogn og Fjordane. Romsdals amt vart til Møre fylke, fyrst i 1935 vart Romsdal teke med i namnet att. Søndre og Nordre Trondhjems amt fekk no namnet Trøndelag (Sør– og Nord-) etter det gamle namnet på lovområdet til trønderane. 

I Nord-Noreg var det fleire framlegg. Falk og Hægstad hadde føreslege NordlandTrums og Finnmark. Finnmark gav seg sjølv, men for dei to fyrste føreslo departementet i staden Haalogaland og Trondenes, eit gamalt sentrum på Hinnøya. Her landa Stortinget på Nordland og Troms. 

I fortsetjinga av dette arbeidet vart også andre stadnamn endrai nasjonal retning, særleg oppkallingsnamn som ymse danske kongar hadde strødd utover landet. Slik vart Fredriksvern og Fredrikshald til Stavern og Halden, og Kristiania til Oslo (som hadde levd som namn på gam- lebyen). Vendepunktet var Nidaros, som var namnet på trønderhovud staden eit drygt år i 1931–32, men møtte stor motstand og vart ståande berre som namn på bispedømet. Bjørgvin vart som bynamn aldri meir enn eit forslag frå mållagskrinsar. Namneskifte av denne typen vart det stort sett slutt med frå 1930-åra, men skriftformer frå dansketida vert framleis retta til skrivemåtar som byggjer på tradisjonell uttale og norske rettskrivingsreglar – til både glede og mishag. 

Dei nye fylkesnamna 

Solberg-regjeringa har sett i gang ei ny regionreform der fleire tidlegare fylke vert slegne saman. I nokre tilfelle har namnet vore sjølvgjeve, som når Sør- og Nord- Trøndelag vart til Trøndelag. I andre tilfelle har det vore større strid om kva den nye skapningen skulle heita. Også no har somme trekt fram gamalnorske førebilete; t.d. vart Gula fylke etter det gamle lovområdet Gulating føreslege som namn på Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Innlandet er frå 1. januar 2020 namnet på storfylket som består av Hedmark og Oppland. Artikkelforfattar Ivar Berg er lite glad for namnet. Foto: Mette Finborud Børresen / NRK

Både for hundre år sidan og i den nye reforma har styresmaktene bede om faglege råd. Men namna har ikkje vore noka hovudsak denne gongen, og faglege råd har vorte ignorerte. Berre eit par representantar tok opp namnespørs målet då saka var til handsaming i Stortinget. Endskapen vart namn som Innlandet (kjem alle andre nordmenn frå utlandet?), Vestland (som er større enn Hordaland + Sogn og Fjordane) og Viken (der talemålet har Vika), som helst må kallast språklege ulukker. Men same kor språkleg og geografisk misvisande Viken er, spelar det på det gamle namnet på området rundt Oslofjorden, og fortset slik ein hundre år gamal tradisjon. 

Amt og fylkesnamn før og etter 1919

  • Smaalenene → Østfold
  • Akershus → Akerhus
  • Kristiania → Kristiania (Oslo frå 1925)
  • Hedemarken → Hedmark
  • Kristians → Opland (fekk seinare ein ekstra «p»)
  • Buskerud → Buskerud
  • Jarlsberg og Larvik → Vestfold
  • Bratsberg → Telemark
  • Nedenes → Aust-Agder
  • Lister og Mandal → Vest-Agder
  • Stavanger → Rogaland
  • Søndre Bergenhus → Hordaland
  • Bergen → Bergen (fram til 1972)
  • Nordre Bergenhus → Sogn og Fjordane
  • Romsdal → Møre og Romsdal
  • Søndre Trondhjem → Sør-Trøndelag
  • Nordre Trondhjem → Nord-Trøndelag
  • Nordland → Nordland
  • Tromsø → Troms
  • Finmarken → Finnmark

Ivar Berg er professor i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).