norsk tidend

Lite kultur for nynorsk i barnehagen

Det er overraskande lite nynorsk skriftspråkstimulering i barnehagar i nynorskområde, viser masteroppgåva til Anne Marta Vinsrygg Vadstein.

TEKST: ANNE MARTA VINSRYGG VADSTEIN

Rammeplanen for barnehagar frå 2017 legg større vekt på «skriftspråkstimulering» enn tidlegare planar. Hausten 2017 starta eg innsamlinga til masterstudien Skriftkultur i barnehøgd – Den vaksne som tilretteleggar for nynorsk språkstimulering i barnehagen (Vadstein, 2018). Studien viser at det er stor variasjon i kva dei vaksne i barnehagen legg i omgrepet, og at det også er behov for å løfte fram korleis ein kan jobbe med det på barnehagen sine premissar. 

Faglitteraturen argumenterer for at det ikkje er konflikt mellom det å drive skriftspråkstimulering og det å bevare barnehagen sin eigenart og kultur. Likevel er det mange pedagogar som vegrar seg når dei vert spurde om «skriftspråkstimulering», og fortel at dei er redde for å drive undervising og formell skriveopplæring. I det ligg det truleg ei forståing av skrift som noko som høyrer skulen til, noko som kjem etter at talespråket er på plass. 

Kultur for skrift i barnehagen 

Også små born utviklar ei forståing for at lesing og skriving er reiskap for kommunikasjon, dei blir sosialiserte inn i ein skriftkultur, som literacyforskar David Barton seier det. Vi har skrift rundt oss på alle kantar. Ser vi nærare på kva skriftspråkstimulering i barnehagen kan vere, finn vi at det omhandlar ei rekkje aktivitetar: Det er born sine møte med høgtlesing, songar, rim og regler, skrift i det fysiske miljøet og i teiknaktivitet og utforskande skriving. Det å stimulere talespråket og skriftspråket heng saman, og ved å gje borna eit rikt skriftspråkmiljø bidreg ein også til å stimulere talespråket, viser faglitteraturen. Vi seier gjerne at barnehageborn tileignar seg skriftspråket gjennom øyret, ved å lytte til høgtlesing eller song. Skriftspråkstimulering handlar altså ikkje primært om det å lære å skrive, men om å få gode erfaringar med skrift i bruk. Den vaksne er ein språkleg rollemodell i seg sjølv, i tillegg til at han/ho skal leggje til rette for at born møter skrift i barnehagen. 

Å gje borna tilgang 

Barnehagen har eit særleg godt utgangspunkt for spennande og variert språklæring. I barnehagen er fagområda vovne saman, og språkstimulering skjer gjennom heile dagen. Slik kan også skriftkulturen vere til stades i kvardagen til borna.

Det krev litt førebuing og at den vaksne ligg litt framme i løypa og har tenkt på til dømes kva for ei bok som skal lesast og kor tid, at han/ho har brukt tid på å lære ein ny song eller lagt fram blyantar, papir og anna inspirasjonsmateriell til leikekroken (og ikkje berre på teiknebordet). Å gje borna tilgang til skrifta før dei sjølve etterspør det, er kanskje ei av dei største utfordringane, fortel pedagogane i studien min. Dei seier også at dei hjelper dei borna som etterspør lese- og skriveaktivitetar. Her kan det tenkjast at born som ikkje vel slike aktivitetar sjølve, får mindre språkstimulering enn andre. Til dømes vel mange vaksne å leggje til rette for høgtlesing heilt i starten eller slutten av barnehagedagen, fordi det då er færre born til stades og dei opplever det som roleg og godt. Høgtlesing midt på dag kan vere eit tiltak som vil sikre at alle borna blir lesne høgt for. Å bruke bøker aktivt i leiken vil også stimulere språket. Ved å leggje til rette for leikemiljø som gjer det mogleg å «leike boka», vert boka levande, borna brukar ord og omgrep frå bøkene, og boka kan fungere som igangsetjar eller bensinstasjon i leiken. 

«Eg vil ikkje påleggje mine medarbeidarar å lese på nynorsk» er ei utsegn som viser at omsynet til den vaksne og den språklege bakgrunnen deira veg tyngre enn omsynet til kva skriftspråkleg stimulering barnet har behov for. 

Kva med nynorsk språkstimulering? 

Sjølv om det er mange barnehagar som har gode rutinar for høgtlesing, bibliotekbesøk, songsamlingar og andre skriftspråkstimulerande aktivitetar, viser det seg likevel at det er overraskande lite nynorsk språkstimulering i barnehagane. Berre éin av dei fem barnehagane i studien kan seiast å ha ein gjennomgåande nynorsk literacypraksis. At mange barnehagar ikkje legg vekt på drive nynorsk språkstimulering, kan henge saman med at rammeplanen ikkje tematiserer målform i det heile teke. Omgrepet «språkform» er nytta i rammeplanen, men dette er eit utydeleg omgrep, og det viser seg at dette ikkje automatisk fører til at borna møter meir nynorsk i barnehagen. Ingen av dei ti informantane i studien definerte målform inn i omgrepet «språkform», men tolka det heller som «ulike måtar å uttrykkje språk på», «mimikk og gestar» eller «skriftleg eller verbalt språk». Det er altså ikkje nødvendigvis samsvar mellom det at pedagogen har ein sterk identitet som nynorskbrukar, og kor mykje nynorsk språkstimulering borna i barnehagen får. «Eg vil ikkje påleggje mine medarbeidarar å lese på nynorsk» er ei utsegn som viser at omsynet til den vaksne og den språklege bakgrunnen deira veg tyngre enn omsynet til kva skriftspråkleg stimulering barnet har behov for. 

Inga motsetning 

Å liggje litt framme i løypa betyr altså også å tenkje gjennom korleis ein som vaksen kan leggje til rette for nynorsk språkstimulering, lære nye songar og regler og ta aktive val om å bruke nynorsk barnelitteratur. Det er verdifullt for borna der og då, og det er også med på å byggje ei bru til skulen og vidare læring. Det er inga motsetning mellom skriftspråkstimulering og barnehagekulturen, viser faglitteraturen. Studien som denne artikkelen byggjer på, viser likevel at det er ein veg å gå. Skal vi anerkjenne heilt og fullt at skriftspråket ikkje er noko som kjem etter talespråket, må vi arbeide meir med innhald og metode for skriftspråkstimulering i barnehagen. Det er også tid for å tematisere målform og språklege rettar for dei under skulealder.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein er høgskulelektor ved Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.