Nynorsk for vaksne innvandrarar

I ein del nynorskområde får vaksne innvandrarar framleis norskopplæring på bokmål. Opplæringsspråket skal bli vedteke lokalt, nokre stadar «har det berre blitt slik». Noregs Mållag meiner at opplæringsspråket bør gjerast til eit politisk spørsmål i kommunane. Lokallaga i nynorskkommunar har ei viktig oppgåve i å få kommunane til å skifte til nynorskopplæring.
Lokallaga og Noregs Mållag har sett gode resultat av arbeidet for nynorskopplæring for innvandrarar. Mange kommunar har teke tak i saka og er interesserte i å gå over til nynorskopplæring.
Kvifor bør nye i Noreg lære nynorsk?
- Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, lærer det lokale språket.
- Mange av dei nye innbyggjarane kjem med familie og ungar. Lærer foreldra det same språket som borna på skulen, vert det lettare å hjelpe dei med leksene og å forstå skriv og meldingar frå skulen.
- Det er viktig for styrken til nynorsk i lokalsamfunna at også vaksne innvandrarar lærer nynorsk. Å gje vaksne innvandrarar opplæring i og på bokmål er med på å undergrava statusen til nynorsk som bruksspråket i lokalsamfunna.
- Nynorskopplæring i vaksenopplæringa kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet fordi ein lettare forstår det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle delar av landet. Det er mange døme på vaksne innvandrarar som fortel at opplæring i bokmål har seinka den språklege og dermed sosiale integreringa deira i lokalsamfunnet.
- Dersom nokre av dei som har lært nynorsk flyttar vidare til bokmålsområde, er det ikkje noka ulempe å kunne nynorsk. Tvert om er det ein styrke for alle å kunne nynorsk. Å læra seg nynorsk og bokmål, er å skriva seg inn i det norske. Det gjeld for alle, for Anders, Anne, Ali og Aisha.
Oversyn over opplæringsspråket i dei einskilde kommunane
Noregs Mållag ynskjer at oversyn over kva kommunar som har opplæring på nynorsk skal vere så oppdatert som råd. Finn du feil som må rettast opp eller ynskjer du å få til nynorskundervisning i din kommune. Ta gjerne kontakt med oss.
Ta kontakt med Ingar Arnøy.
Ressursar og informasjon
- Gratis flygeblad frå Noregs Mållag
- Nynorsksenteret har oversyn over lærebøker, læremiddel og skjønnlitteratur på nynorsk for denne elevgruppa
- HK dir har ansvar for norskopplæringa for vaksne innvandrarar og etterutdanning av lærarar