Vil gje nynorskopplæring for lærarstudentar

Ein del lærarstudentar får ikkje nynorskundervisning på studiet. No seier lærestadene at dei vil ta tak.
TEKST: ASTRID MARIE GROV
Ei kartlegging av nynorskundervisninga på lærarstudiet har avdekt at ein del lærarstudentar ikkje får nynorskundervisning, skreiv Norsk Tidend i april i år. Det gjeld studentar som skal undervise 5.–10. trinn og ikkje har valt fordjuping i norsk.
– Ikkje god nok praksis
Rapporten avdekkjer stor skilnad mellom lærestadene, og Norsk Tidend har no vore i kontakt med dei utdanningsinstitusjonane som ikkje gjev studentane nynorskundervisning i det heile. Alle er raske til å vedgå at den noverande praksisen ikkje er god nok. Både NTNU, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Søraust-Noreg, Nord universitet og Høgskolen i Østfold opplyser om at dei har planar om å gjere endringar som sikrar at alle studentane er kompetente til å drive nynorskundervisning. Fleire skriv at det er utfordrande å få integrert undervisninga i nynorsk på eit studium der studentane ikkje har norsk som fag, men at dei jobbar med å finne løysingar.
Behov for eit løft
Nestleiar i Noregs Mållag Synnøve Marie Sætre er svært nøgd med at lærestadene no tek tak.
– Det skulle jo eigentleg berre mangle, men vi skal likevel gle oss over positive endringar og gje utdanningsinstitusjonane ros for at dei tek grep. Det er lett å gløyme at alle lærarstudentar må kunne nynorsk, ikkje berre dei som underviser i norsk, meiner Sætre.
– Absolutt alle lærarar skal undervise på nynorsk på nynorskskular. Det er viktig at studentane blir mint på det undervegs i studiet og får kompetansen som skal til. Noregs Mållag får stadig rapportar om lærarar som ikkje kan nynorsk, så det er verkeleg behov for eit løft i lærarutdanninga. Vi håpar lærestadene nyttar høvet til ei skikkeleg evaluering også av nynorskopplæringa generelt.

Planlegg ikkje tilsyn
Forskrift om lærarutdanning gjer det klart at lærarstudentane skal meistre både bokmål og nynorsk. Direktoratet som skal sikre kvaliteten på høgare utdanning i Noreg, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), har ikkje ført tilsyn med korleis lærestadene etterlever kravet om undervisningskompetanse i både bokmål og nynorsk.
Tilsynsdirektør Øystein Lund seier det er positivt at institusjonane no vil ta tak i nynorskundervisninga slik dei er plikta til, men at NOKUT ikkje har planar om å sjekke at det faktisk blir gjort.
– Når NOKUT skal vurdere kva rettleiings- og kontrollaktivitetar vi skal prioritere, tek vi utgangspunkt i det samla kunnskapsgrunnlaget vi har. Eit av verkemidla våre er å føre tilsyn. Det er eit ressurskrevjande verkemiddel, både for oss og dei vi fører tilsyn med. Per i dag har vi ikkje konkrete planar om å gjennomføre tilsyn med nynorskopplæringa ved lærarutdanningane.
Kartlegginga av nynorskundervisninga for lærarstudentar er gjord av Eli Anne Eiesland, førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg og leiar for Nasjonalt fagorgan for nordisk språk og litteratur.