Digitalt seminar om demografi og språklov
Arbeidsprogramnemnda til Noregs Mållag vil i april ha to digitale seminar om sentrale felt det er viktig å tenkje høgt kring for nemnda og medlemene i Noregs Mållag. No er me komne til det andre seminaret, om demografi og språklov. Seminaret er ope for alle medlemer. Det er høve til å stille spørsmål til innleiarane og kome med innspel til arbeidsprogrammet og refleksjonar kring tema som har vore oppe på seminaret.
Tid: onsdag 28. april klokka 19
Påmelding: Det er ikkje påmelding, og seminaret er gratis.
Stad: Vi møtest på Zoom. Send e-post til marit.tenno@nm.no for å få lenkja.
Kl 19.00: Velkomen og presentasjon av nemnda av Synnøve Marie Sætre, leiar av arbeidsprogramnemnda og nestleiar i Noregs Mållag.
Kl 19.10: Korleis ser det framtidige NyNoreg ut? Ein gjennomgang av distriktsdemografiutvalet sine funn. Åslaug Krogsæter, kommunedirektør i Stad kommune og medlem i utvalet.
Opning for spørsmål
19.50 Pause
20.00 Ny språklov. – Kva potensial ligg i formuleringa om at offentlege organ har eit «særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket», i føremålsparagrafen til den nye lova.
Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet
Gunnar Hæreid, assisterande statsforvaltar i Vestland
Trond Sæbø Skarpeteig, tidlegare byråkrat i Viken fylkeskommune
20.45 Felles spørsmålsrunde
21.00 Felles diskusjon om arbeidsprogrammet
Kontaktinformasjon for spørsmål:
Synnøve Marie Sætre, leiar for arbeidsprogramnemnda, e-post: synnove.setre@nm.no
Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar og skrivar for nemnda, e-post: marit.tenno@nm.no