aktuelt

Arbeidsprogramnemnda er i gang

Noregs Mållag oppmodar medlemmer og lag om å kome med innspel til arbeidsprogramnemnda.

I 2022 skal landsmøtet til Noregs Mållag vedta eit nytt arbeidsprogram for fire nye år. Arbeidet med å lage det programmet tek Noregs Mållag si arbeidsprogramnemnd fatt på no. Dei startar arbeidet med to digitale seminar i april. Les om seminar nummer to her.

I nemnda sit:

Synnøve Marie Sætre – nestleiar i Noregs Mållag og lærar, frå Ørsta

Kjetil Aasen – styremedlem i Noregs Mållag og jurist, frå Fredrikstad

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug – leiar i Ørsta Mållag og styremedlem i Sunnmøre mållag, pensjonert lærar, frå Ørsta

Solgunn Liestøl – leiar i Karmsund Mållag, lærar, frå Karmøy

Runar Bjørkvik Mæland – filosof og kommunikasjonsrådgjevar, frå Stord

Ådne Reidar Nes Kleppe – NMU-representant og student, frå Nordfjordeid

Vil du kome i kontakt med nemnda?

Synnøve Marie Sætre, leiar for arbeidsprogramnemnda, e-post: synnove.setre@nm.no

Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar og skrivar for nemnda, e-post:  marit.tenno@nm.no

Tidsplan for arbeidet:

November 2020: vedta mandat og setja ned nemnd for arbeidet

Januar 2021: ha arbeidsprogram som sak i landsrådet og be om innspel til nytt program

Tidleg september 2021: utkast klart til høyring i organisasjonen

November 2021: ha arbeidsprogrammet som tema på haustseminar og landsrådsmøte for å få innspel

Vinter 2022: rom for diskusjon og innspel frå årsmøtet i lokallag og fylkeslag der det er aktuelt

Februar/mars 2022: endeleg innstilling frå styret til landsmøtet

April 2022: vedtak på landsmøtet

Presentasjonane frå det fyrste seminaret til nemnda, som handla om nynorsk i opplæringa:

«Er den digitale skulen eit trugsmål mot nynorsken? 

Utdannar lærarutdanningane nynorsklærarar?

Lokale folkerøystingar: for eller mot nynorsk

Stemmer kartet med terrenget? Stikkprøver i NyNoreg