kalender

Digitalt seminar om demografi og språklov

Tid:
28. april 202119.00
Arrangør: Noregs Mållag

Arbeidsprogramnemnda til Noregs Mållag vil i april ha to digitale seminar om sentrale felt det er viktig å tenkje høgt kring for nemnda og medlemene i Noregs Mållag. No er me komne til det andre seminaret, om demografi og språklov. Seminaret er ope for alle medlemer. Det er høve til å stille spørsmål til innleiarane og kome med innspel til arbeidsprogrammet og refleksjonar kring tema som har vore oppe på seminaret.

Tid: onsdag 28. april klokka 19
Påmelding: Det er ikkje påmelding, og seminaret er gratis.

Stad: Vi møtest på Zoom. Send e-post til marit.tenno@nm.no for å få lenkja.

Kl 19.00: Velkomen og presentasjon av nemnda av Synnøve Marie Sætre, leiar av arbeidsprogramnemnda og nestleiar i Noregs Mållag.

Kl 19.10: Korleis ser det framtidige NyNoreg ut? Ein gjennomgang av distriktsdemografiutvalet sine funn. Åslaug Krogsæter, kommunedirektør i Stad kommune og medlem i utvalet.

Opning for spørsmål

19.50 Pause

20.00 Ny språklov. – Kva potensial ligg i formuleringa om at offentlege organ har eit  «særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket», i føremålsparagrafen til den nye lova. 

Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Gunnar Hæreid, assisterande statsforvaltar i Vestland

Trond Sæbø Skarpeteig, tidlegare byråkrat i Viken fylkeskommune

20.45 Felles spørsmålsrunde

21.00 Felles diskusjon om arbeidsprogrammet

Kontaktinformasjon for spørsmål:

Synnøve Marie Sætre, leiar for arbeidsprogramnemnda, e-post: synnove.setre@nm.no

Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar og skrivar for nemnda, e-post:  marit.tenno@nm.no