kalender

Forfattarmøte med Bjørn Hatterud

Tid:
4. november 202119:00
Stad:
Kimen kulturhus i Stjørdal
Arrangør: Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek

Torsdag 4. november klokka 19 arrangerer Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek eit møte med forfattaren Bjørn Hatterud på biblioteket i Kimen.

Bjørn Hatterud vaks opp i arbeidarklassa i ei bygd i Prøysenland som avvikande og skeiv på alle måtar. Han er fødd med ryggmargsbrokk og klumpfot, og har vore gjennom ei mengd smertefulle behandlingar og operasjonar. I tillegg har han vore eit overvektig mobbeoffer, og han er homofil.

Bjørn Hatterud er skribent, frilansar og konsulent i norsk kulturliv. Debutboka, den sjølvbiografiske «Mot normalt» (Samlaget 2018), er kritikarrost
og trykt i fem opplag. Hatterud ser på det å vere annleis som ein kime til suksess.

Den siste boka hans, «Mjøsa rundt med mor. Ei livsreise» (Samlaget 2020), fekk Kritikarprisen for beste sakprosabok for 2020 og Fritt Ords Pris 2021. Det er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa, ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen der ein vaks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område, og ikkje minst til ei mor. I tankar og samtalar reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden.

Alle er velkomne!