Ein nynorsk heim
Ingen veit når klassikarane oppstår. Herborg Kråkevik slår eit slag for å skape ny kunst – for vår tid.
TEKST: ANITA GRØNNINGSÆTER DIGERNES
Sumaren  kverv  og  snur  seg  burt;
Dag  etter  Dag  han  ut  or  Synom  siger.  
Graset  vil  verda  styrdt  og  turt.
Ljoset  vil  minka;  Myrkret  stiger.  
Dagen  er  stutt,  og  Natti  er  lang;
so  er  no  Aarsens  gamle  Gang.
Slik  byrjar  «Haustvisa»  av  Ivar  Aasen.  Det  er  kanskje  ikkje  hans  mest  kjende  verk,  men  det  har  Herborg  Kråkevik  tenkt  å  gjere  noko  med.
I  november  la  ho  ut  på  turné.  Første  stopp  var  Aasen-tunet  i  Ørsta  10.  november,  med  urframfø-  ring  av  nettopp  «Haustvisa».
– Kvifor akkurat den?
– Me syntest den passa no. Det var pianisten, Tove Kragset, som foreslo den fordi ho likte så godt rytmen i diktet, fortel Kråkevik.
I tillegg spurde ho foreldra sine heime i Jon- dal om råd, og dei foreslo også «Haustvisa». Sjølv hadde ikkje Kråkevik høyrt diktet før, men likte tanken på å lage noko nytt.
– Vi har ikkje så mange Ivar Aasen-dikt på repertoaret. No kunne vi skape noko nytt som vi kan bruke vidare.
Språket er nært
Kråkevik vaks opp på ein gard i Jondal. Sidan er ho blitt eit kjent fjes for dei fleste i Noreg, som artist, skodespelar og kulturformidlar. Den nynorske kulturarven er som ein raud tråd i karrieren hennar, frå 1995 til i dag.
– Ja, kva hadde yrkeslivet ditt vore utan det?
– Det er heilt utenkjeleg å førestille seg. Det ligg så mykje identitet i det å kome frå ein nynorsk heim. Det å vekse opp med den merksemda som engasjerte nynorskforeldre har. Og så når ein kjem ut i verda og må forsvare at du skal bruke det språket. Det gjer noko grunnleggande med innstillinga, meiner ho.
Kråkevik har budd i Danmark lenge, saman med sin danske mann og deira to døtre. Men å skrive på dansk, det er ikkje så lett.
– Språk er noko veldig nært. Om eg skal skrive ein faktatekst på dansk, så kan eg sikkert få det til. Det vert verre om eg skal setje ord på kjenslene. Då er det vanskeleg nok på bokmål, tykkjer ho.
– Det blir liksom litt holt for meg. Om eg skal skrive om noko som verkeleg betyr noko for meg, må eg skrive på nynorsk.
Suksess med gamal tradisjon
Sidan 2015 har ho vore redaktør for det litterære juleheftet Juleroser, som blir gitt ut av Samlaget. Ideen til gjenopplivinga av heftet, som kom ut frå 1881–1944, fekk ho allereie som 12-åring.
– Foreldra mine samla på dei antikke hefta. Eg tykte hefta var så enormt vakre.
Då ho oppdaga at hefta ikkje kom ut lenger, tenkte ho: Det skal eg gjere noko med når eg vert vaksen.
Fleire år seinare gjekk ho til Samlaget med ideen, og det var ein lang prosess fram mot det første heftet i 2015.
– Det er dyrt å lage, men takka vere redaktøren der så ville dei prøve. Det viste seg at det ikkje var så dumt.
I år kjem Juleroser i eit opplag på 90 000, og er ein bestseljar blant julehefta.
Brenn for det nye
– Kva ynskjer du at folk skal få ut av å ha Juleroser i heimen?
Kråkevik pustar djupt inn, som om ho har mykje på hjartet.
– Det vi brenn for aller mest, er at det skal skapast ny julekunst frå vår tid. At det skal lagast forteljingar, songar, måleri og dikt som kan setje ord på jula slik ho er i våre liv i dag.
Målet med heftet er å skape rom for nye klas- sikarar, seier Kråkevik.
– Då Jakob Sande skreiv «Det lyser i stille gren- der» til juleheftet Jul i Sunnfjord i 1931, visste ikkje han at vi i 2021 skulle synast at det er ein av dei finaste julesongane nokon gong. Ein veit aldri når klassikarane vert laga.
Årets viktigaste pause
Sjølv er Kråkevik vekkreist det meste av adventstida. Men ho og døtrene har éin fast tradisjon.
– Mor mi hentar alltid mose og blåbærlyng frå garden heime i Jondal, og så sender ho det i posten til Danmark. Så pyntar eg og jentene mine adventskransar med det.
– Kva betyr julehøgtida for deg?
– Den er nok først og fremst årets viktigaste pause for meg. Det er viktig for meg at jula ikkje har eit snev av kvardag. For kanskje må ein prestere igjen allereie første eller andre nyårsdag.