aktuelt

Mållaget er med på Frivilligåret

Stand i Ørsta: Frå venstre: Terje Kjøde, Ingebjørg Øyehaug, Sunniva Krøvel-Velle og Knut Falk (Foto: Malene Romestrand)

Regjeringa har bestemt at i år er «Frivillighetens år 2022». Noregs Mållag er med!

Noregs Mållag er ein av 300 medlemsorganisasjonar i Frivillig Noreg. Denne organisasjonen stod bak framlegget om å lage eit heilt år der ein set søkjelyset på frivillige.

I Noregs Mållag er det dei frivillige som ber organisasjonen. Vi har heile 15 481 medlemer og om lag 1000 av desse har tillitsverv i Mållaget! Samstundes er det 7 tilsette eller honorerte i Mållaget.

Desse tala syner kor viktige dei frivillige er for å halde målsaka og laga våre aktive og vitale over heile landet.

Bli frivillig!
Vi har lyst til å få gjort endå mykje meir, difor vil vi ha med oss endå fleire frivillige.

Bli frivillig i laget ditt
Ta gjerne kontakt med leiaren eller kontaktpersonen for ditt lokallag. Sjå lagsoversynet.

Bli frivillig heimanfrå
Å vere frivillig i Mållaget er ganske mykje forskjellig. Du kan også gjere ein innsats som frivillig heimanfrå. Her har vi samla nokre døme:

Set om Facebook til nynorsk
Kanskje du kan hjelpe til med å setje om Facebook til nynorsk? Om vi greier 95 prosent omsetjing, vil også mobilappen kome på nynorsk. Hadde ikkje det vore flott? Du finn omsetjingsverktøyet til venstre for nyhendestraumen på Facebook-sida di. Sjå etter «Omset Facebook».

Skriv nynorsk på Facebook og alle andre stadar
Er det lenge sidan du har skrive nynorsk? Blir det mest bokmål på jobben? Ta sjansen på å byrja å skrive nynorsk igjen. Start med handlelista, korte meldingar på mobilen, og utvid til Facebook og Instagram. Det er kjekt å finne tilbake til sitt eige eller ¨å finne eit nytt språk!

Registrer deg som nynorskbrukar i folkeregisteret
Då vert du med i nynorskbrukarstatistikken og du får dokument og meldingar frå stat og kommune på nynorskhttps://www.norge.no/nn/oppdater-kontaktinformasjon

Skryt av ei nynorsk verksemd i sosiale medium
Dei private verksemdene som brukar nynorsk, fortener skryt. Legg ut skryt på Facebook eller Instagram og bruk emneknaggen #nynorskverksemd. Eller send ein e-post til dei.

Send klage på brot på språklova
Ser du statlege etatar som du meiner bryt språklova, er det viktig å seie ifrå om det. Send ein e-post til den etaten det gjeld, og set Språkrådet (post@sprakradet.no) i kopifeltet og gjerne også med kopi til Noregs Mållag (nm@nm.no).

Nynorsksenteret og framtida.no
Gje skulane i lokalmiljøet ditt tips om at dei kan bruke nynorsksenteret.no eller framtida.no i sine undervisningsopplegg. Du kan også dele det med omverda på Facebook.

Sjekk om barna eller barnebarna dine har digitale læremiddel på nynorsk
Sjå etter om dei digitale læremidla er på nynorsk. Meld gjerne frå om du finn gode læremiddel på nynorsk, eller læremiddel som berre er på bokmål eller engelsk. Mållaget vil gjerne ha hjelp til å følgje med på dei digitale læremidla i skulen. Send til oppdater@nm.no.

Verv nye medlemer!
Det kostar 200 kroner å bli medlem i Mållaget: www.nm.no/bli-medlem/

Vel nynorsk språk!
Vel nynorsk språk i Windows, Office, Teams, Signal, Swiftkey eller Gboard (tastatur på mobilen), Firefox, i iOS på Iphone eller på Samsung-telefonen din.