norsk tidend

Ansvaret ingen vil ta

– To av over 20 appar på nynorsk er ikkje godt nok for ein nynorskelev, meiner mor Jorun Marie Kvernberg. Nynorskkommunane ønskjer seg fleire digitale læringsverktøy på nynorsk, men har ikkje slått seg saman for å be om det.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Jorun Marie Kvernberg er opprørt på vegner av sonen. Han tok til i fyrsteklasse i nynorskkommunen Volda i fjor haust, men kom til ein læringskvardag der bokmål i stor grad er det digitale språket. På nettbrettet til sonen, som har blitt eit viktig innslag i opplæringa, har Kvernberg telt appane. Av dei vel 20 som er installerte til læringsføremål, fann ho berre to på nynorsk. 

– Nynorsk verkar lite viktig

– Nesten alle norsk- og matteappar er på bokmål eller engelsk. Det går i til dømes «Regne», «Regne Mer» og «Skoleskrift». Eg synest særleg det siste er kjempemerkeleg, at nynorskelevar brukar skriveprogram med menyar på bokmål, seier Kvernberg. 

Ho understrekar at ho ikkje kjenner til nøyaktig korleis og kor mykje appane blir brukte i klassen, men er kritisk til at kommunen forsvarar seg med at iPaden er eit supplement i undervisninga.

– Elevane skal ha med iPaden på skulen kvar dag, og det verkar som om han er i dagleg bruk. Me har òg fått beskjed om at kommunen har valt ikkje å kjøpa inn ei mattebok dette året, fordi dei i staden ville bruka pengane på andre behov. Då er det iPaden som blir det viktigaste læremiddelet i faget, og dermed stemmer ikkje argumentasjonen til kommunen.

Kommunen har svikta, meiner Kvernberg. Ho legg ikkje skjul på at ho er negativt overraska.

– Eg vart skuffa over at dei digitale læremidla på bokmål blir så ukritisk omfamna i ein kommune som Volda, der nynorsken står så sterkt. Ein reknar jo med at det òg skal gjelda i skulen, men der verkar nynorsken som lite viktig for dei. Om ikkje Volda kommune greier å gje ungane ein nynorsk skulekvardag, kven skal greia det då?

Dei negative konsekvensane for elevane er uunngåelege, seier Kvernberg. 

– Desse ungane er heilt i starten av opplæringa, og det å møta så mykje bokmål i undervisninga vil gje dei ei oppleving av at det er det som er det viktigaste språket. Nynorsken blir på si side noko som høyrer heime i dei tradisjonelle lærebøkene og ikkje er med på laget i den moderne tida som iPaden representerer. 

Kommunen har vore naiv og burde venta lenger med å innføra digitale læremiddel i skulen, meiner Jorun Marie Kvernberg.

– Om kommunen hadde hatt litt is i magen og gått saman med andre nynorskkommunar for å koma med eit krav mot produsentane, hadde saka vore mykje enklare. Når ein allereie har kjøpt inn appane på bokmål, har ein gjeve frå seg eit viktig pressmiddel. 

Jorun Marie Kvernberg. Foto: Kristin Støylen

Vedtak om nynorske læremiddel

Opplæringslova er klar: Norske elevar skal ha læremiddel i si eiga målform, og det er kommunen som har ansvaret for at det skjer. Kommunestyret i Volda har tilmed stadfest at lovverket skal følgjast gjennom eit eige vedtak. Så korleis kan det ha seg at så få appar er på nynorsk? Kommunalsjef for oppvekst Per Ivar Kongsvik seier dei fleste appane til kommunen inneheld så lite tekst at praksisen kan forsvarast.

– Mange av appane som er i bruk i voldaskulen, er i all hovudsak å sjå på som eit rammeverk der bruken vert styrt av læraren og eleven skriv og les på si eiga målform. Den norske teksten i desse appane utgjer på den måten ingen eller ein liten del av bruken, og dei er dermed ikkje omfatta av parallellkravet i lova.

Undervisningssituasjonen i matematikk ved skulen Kvernberg refererer til, er eit døme på at digitale hjelpemiddel kan gje store vinstar i undervisningskvardagen, meiner Kongsvik. Han seier Kvernberg gjev eit skeivt bilete av læremiddelsituasjonen i faget.

– Fakta er at førsteklassingane har grunnbok i matematikk. Ein har altså lærebok i faget. Så har ein valt vekk ei oppgåvebok, sidan lærarane har vurdert det slik at Multi smartøving på iPaden gjev betre tilpassa opplæring. I tillegg gjev dette ein økonomisk gevinst som gjer at skulen kan prioritera auka pedagogtettleik. Lærarane har fridom til å velja metode basert på sitt faglege skjøn, og her er det etter mitt skjøn gjort eit godt val.

Kongsvik seier læremiddelsituasjonen for nynorske digitale læremiddel burde vore betre, men meiner kommunen i hovudsak har gjort gode val.

– Eg kan ikkje slutta meg til at Volda kommune ukritisk har omfamna dei digitale læremidla. Det viktigaste for oss er tilbodet for elevane, og kva læremiddel som er best eigna til å skapa meistring og glede i læreprosessen. Så er me fullstendig klar over dei utfordringane me har som nynorskkommune og krava i lov og forskrift.  

Satsinga på digitale verktøy er godt forankra i kommunen og har betra læringskvardagen for elevane, meiner Kongsvik.

– Digitale ferdigheiter er ein grunnleggande dugleik, og har etter kvart vorte avgjerande for å kunna delta i ulike former for læring og utdanning og deltaking i samfunnslivet. Innføringa av digitale verktøy og læremiddel har endra skulen mykje, og mange føresette kjenner ikkje att skulen. I Bærum kommune, som ligg langt framme når det gjeld digitalisering i skulen, seier dei at dei undervurderte denne faktoren. I Volda ser me også at me kan bli flinkare til å gje dei føresette god informasjon og innsyn i skulekvardagen anno 2020.

Det er bruken i klasserommet som avgjer om ein app fungerer godt eller dårleg, meiner Kongsvik.

– Det er den enkelte læraren sitt ansvar og faglege skjøn som avgjer kva metodar og verkemiddel som skal nyttast i undervisninga for å nå kompetansemåla og elles oppfylla skulen sitt generelle samfunnsmandat. Me har tillit til at våre lærarar har god kunnskap og dugleik til å gjera gode og kloke val både i bruken av digitale verktøy og læremiddel, og at dei står fram som gode språklege rollemodellar.

Eg er oppteken av at elevane i voldaskulen digitalt skal ha eit likeverdig tilbod med elevane elles i landet. 

Oppvekstsjefen er ikkje uroleg for språkopplæringa til elevane i voldaskulen.

– Det er ein nynorsk skulekvardag våre elevar møter, og nynorsken er ein viktig del av identiteten vår. Målet vårt er å gjera elevane trygge i si eiga målform og i sitt eige målføre, slik at dei held fast på det i vidare utdanning og arbeid. 

Kongsvik er likevel klar på at det kan vera rom for betringar, og seier kommunen no vil sjå gjennom appane sine.

– Eg er oppteken av at elevane i voldaskulen digitalt skal ha eit likeverdig tilbod med elevane elles i landet. Det skal dei ha innanfor det rommet opplæringslova med tilhøyrande forskrift gjev skuleeigarane. Vurderinga vår er at praksis i voldaskulen held seg innanfor dette rommet, utan at ein med det kan seia seg fullt ut nøgd. Etter ein gjennomgang vil me vurdera om det er appar me bør ta vekk, og eg ser at særleg nokre av matematikkappane våre må under lupa.

Volda kommune har vore i kontakt med produsentar for å få fleire appar til å koma i nynorskutgåve, men har fått tilbakemelding om at marknaden er liten. For at situasjonen skal bli betre, må styresmaktene leggja meir pengar på bordet, meiner Per Ivar Kongsvik. 

– Eg trur det er ein farbar veg at styresmaktene gjev tilskot til å omsetja digitale læremiddel til nynorsk. Me må innsjå at me i denne marknaden ikkje er stor nok til at selskap og utviklarar set nynorsk tekst og tale til læremidla viss det ikkje svarar seg økonomisk. Tilskot som kompenserer for det, er ein mogeleg veg å gå.

Kommunalsjef Per Ivar Kongsvik i Volda (t.v.) og rektor Jarle Christensen ved Flatbygdi skule i Vik i Sogn. Foto: privat

– Krev at ein er medviten

I Vik kommune i Sogn ligg Flatbygdi skule, som til liks med Volda har satsa stort på digitalisering. Skulen er ein av få innanfor gamle Sogn og Fjordane fylke der elevane har eigen iPad, dei fleste andre nyttar PC-ar som ligg på skulen. Rektor og digitaliseringsentusiast Jarle Christensen er glad i iPaden som verktøy, men meiner nynorsk som opplæringsspråk legg klare føringar på kva appar som kan brukast.

– Ved skulen vår nyttar me berre såkalla produksjonsappar, altså appar der det aller meste av teksten blir skriven av eleven og læraren. På dei fleste av desse er den vesle teksten som er, på engelsk.

Skulen har bruka iPad i åtte år, og Christensen fortel at det har vore litt prøving og feiling for å koma fram til den læringskvardagen dei har i dag.

– I byrjinga hadde me mange appar installerte, men no har me kutta kraftig ned og gått over til nesten berre produksjonsappar. Det er ikkje berre av omsyn til nynorsk som opplæringsmål, men det er ein del av forklaringa.

Jarle Christensen meiner det går an å tilby nynorskelevar ein god digital læringskvardag, men at det krev sitt av skuleeigaren.

– Ein må vera medviten. Til dømes er mange terpeappar i matematikk og norsk berre på bokmål, så ein må gå gjennom jungelen av digitale verktøy og kvalitetssikra dei. Eg skal ikkje seia at me er 100 % i mål på dette, men me er ikkje så veldig langt unna.

Christensen er ikkje uroleg for at elevane hans får ein dårlegare digital læringskvardag enn bokmålselevar. Han innrømmer likevel at det er appar han ville ha bruka, men ikkje kan, av omsyn til opplæringsmålet ved skulen.

– Blant dei nemnde terpeappane er det til dømes nokre eg gjerne skulle hatt til grammatikkøvingar. Det lèt seg ikkje gjera for oss, fordi me er ein nynorskskule.

Mangelen på nynorskutgåve er òg grunnen til at skulen fyrst brukar iPad frå og med 3. klasse.

– Læringsmetoden me brukar i skrive- og leseopplæringa, STL+, er diverre ikkje godt nok utvikla på nynorsk for iPad. Hadde han vore det, hadde me nytta iPad for fyrste- og andreklassingane òg.

Christensen fortel at kommunen har vore i kontakt med produsentane for å få fleire appar til å koma på nynorsk.

– Eg har snakka med forlag sjølv og mellom anna fått tilbakemelding om at marknaden er så liten at det er eit minusprosjekt å laga nynorskutgåver. Det kunne sikkert hatt større effekt om me var fleire som melde ifrå saman. 

– For meir aksjonsretta organisasjonar

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) vart oppretta i 1993 og har til oppgåve å fremja nynorsk i og på vegner av medlemskommunane sine. Organisasjonen har kring 125 medlemmer, både blant kommunar og fylkeskommunar. 

Dagleg leiar Vidar Høviskeland seier til Norsk Tidend at organisasjonen har oppmoda medlemskommunane om å gjera vedtak knytt til digitale læremiddel, og å melda inn vedtaka til Kunnskapsdepartementet. Ifølgje Høviskeland er det «altfor få» som har gjort det.

Høviskeland fortel at organisasjonen ikkje har vore i kontakt med læremiddelprodusentar på vegner av kommunane for å få fleire læremiddel på nynorsk. Han forklarar det med at det ville «passa betre for meir aksjonsretta organisasjonar», og at produsentane er så mange at det ville vera for arbeidskrevjande. 

Meldinga frå utdanningsstyresmaktene blir gjenteken gong på gong: Det er skuleeigaren sitt ansvar å berre ta inn læremiddel på språket til elevane. Høviskeland meiner lovverket må endrast, slik at fleire digitale læremiddel fell inn under opplæringslova.

Det siste får Høviskeland støtte av mållagsleiar Magne Aasbrenn i. Aasbrenn meiner smetthola som gjev kommunane høve til å bruka program med menyar på bokmål, må tettast. 

– Nynorsk- og bokmålselevar må òg bli likestilte når det gjeld tilgang til ordlister, læringsplattformer, tekstbehandlingsprogram og andre heilt essensielle hjelpemiddel i skulen i dag. Situasjonen for nynorskelevane er kritisk. Jamført med berre for 20 år sidan møter ein nynorskelev svært mykje bokmål i undervisningskvardagen.

Nynorske læremiddel er det viktigaste satsingsområdet for Noregs Mållag for tida, og ei endring av opplæringslova har stått svært høgt på ønskelista. No står ei revisjon av heile lova på trappene, men utsiktene til betre digitale kår er så langt dystre. Framlegget til ny opplæringslov kom før jul – utan ei einaste betring for nynorskelevane. Magne Aasbrenn er klar på at høyringsrunden bør gje resultat for målrørsla.

– Alle nynorskvenlege instansar må nytta høyringsrunden godt. Heldigvis har kunnskapsminister Trine Skei Grande synt vilje til nynorsk før, i jobben som kultur- og likestillingsminister, så eg meiner det er grunn til forsiktig optimisme denne gongen.

Noregs Mållag har lenge pressa på for at utdanningsstyresmaktene skal ta større ansvar for at kommunane oppfyller krava i opplæringslova. Det har ikkje organisasjonen lykkast med. Heller ikkje fylkesmennene har prioritert denne saka. Norsk Tidend har vore i kontakt med fylkesmennene i dei tre vestlandsfylka, og ingen av dei har ført tilsyn med korleis kommunane etterlever elevane sin rett til læremiddel på eiga målform. Aasbrenn er klar på at han er misnøgd med situasjonen.

– Me kunne absolutt ønskt oss meir av styresmaktene i denne saka. Delvis etter press frå Noregs Mållag oppretta den førre regjeringa ordninga «Den teknologiske skolesekken» der det blir stilt krav om at dei digitale læremidla skulane kan få innkjøpsstøtte til, også må koma på nynorsk. Me får håpa på fleire slike tiltak. Noregs Mållag kjem til å halda fram med å lyfta denne saka.

Magne Aasbrenn seier Noregs Mållag kjem til å halda fram med å lyfta denne saka. Samstundes peikar han på at kommunane alltid kjem til å spela ei svært viktig rolle for posisjonen til nynorsk i skulen.

– Den nynorske undervisningskvardagen må sikrast både nasjonalt og lokalt. Eit betre lovverk er svært viktig, men dei årelange brota på mållova i staten har synt oss at ikkje alle problem blir løyste gjennom ei lovfesting. Og det er kommunane som til sjuande og sist har ansvaret for at læringa er god nok, og her har nynorskkommunane eit særskilt ansvar som kollegaene i bokmålskommunar slepp å ta. Det beste kommunane kan gjera, er å stå saman for å visa produsentane at det er ein marknad for digitale læremiddel på nynorsk. Mykje av det aller viktigaste arbeidet for nynorsk skjer på kommunale kontor.