aktuelt

Bli med på nynorskdagen!

Nynorskdagen er ein festdag for nynorsken. Her frå markeringa i 20022. (Foto: Kjartan Helleve)

Nynorskdagen 12. mai er nasjonal markeringsdag for nynorsk. Mållaget og Målungdomen inviterer alle i Noreg til å skrive nynorsk denne dagen.

Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget eit historisk vedtak. Då vedtok Stortinget å jamstille nynorsk og bokmål gjennom «jamstillingsvedtaket».

– Målet er å få sjå litt meir nynorsk rundt oss, særskilt på plassar der vi vanlegvis ikkje ser han, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Nynorsk er eit nasjonalt språk som alle i Noreg lærer i skulen.
– Det er viktig gjere det lett og artig å prøve seg på å skrive nynorsk. Sidan alle kjenner nynorsken frå skulen, kan det vere både dårlege og gode erfaringar med nynorsken. Vi ynskjer å utfordre dei som sjeldan eller aldri skriv nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Mållaget vil at dette skal vere ein dag der endå fleire får del i det flotte språket, og kanskje også vert kjent med Mållaget og Målungdomen på ein ny måte.

Les alt du treng å vite om nynorskdagen.