Nynorskdagen

Noregs Mållag og Norsk Målungdom har valt 12. mai som vår nasjonale markeringsdag.

Dagen kallar vi nynorskdagen, og hovudbodskapen er «skriv nynorsk på nynorskdagen»!

I høve «Frivilligheitas år» i 2022 kan frivillige organisasjonar peike seg ut kvar sin dag. Vi vonar så mange som mogeleg blir med på å spreie ordet, og at vi denne dagen vil sjå litt meir nynorsk rundt oss.

Nynorsk er for alle!
Nynorsk er eit nasjonalt språk, som alle i Noreg lærer i skulen. Målet vårt er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og elles å vise fram det flotte språket og organisasjonane våre. Vi har valt 12. mai fordi denne dagen i 1885 vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål med «jamstillingsvedtaket».

Korleis markerer vi dagen?

1. Skriv nynorsk på nynorskdagen
Noregs Mållag og Norsk Målungdom vil sende direkte utfordringar til statlege verksemder, politiske parti, frivillige organisasjonar, aviser og andre om å skrive nynorsk denne dagen.

Lokal- og fylkeslaga våre sender oppmodingar til aktørar lokalt. Det kan vere kommunen, biblioteket, skulen eller barnehagen, ulike frivillige organisasjonar eller verksemder som ikkje brukar nynorsk til vanleg.

2. Sosiale medium
I sosiale medium brukar vi emneknaggen #nynorskdagen, for å nå så mange einskildpersonar som mogeleg. Alle som brukar emneknaggen vert med i trekkinga av ein større premie, og dei fyrste 500 sender vi ein «skriv nynorsk»-penn til.

Tips:
– Kven vil du invitere til å skrive nynorsk?
– Skriv «Eg skriv nynorsk på #nynorskdagen» på Twitter, Facebook eller Instagram
– Vi kan ynskje kvarandre til lukke med nynorskdagen
– Lik eller del nynorsk der du ser han

3. Stand eller tilskiping
Vi vonar mange lokallag nyttar høvet til å lage ein festdag for nynorsken med å stå på stand, lage språkkafé, eller ha ei tilskiping på kvelden. Bruk 12. mai til å invitere fleire til å bli frivillige i Mållaget og til å invitere fleire inn i språket.

Vi har særskilt lyst til å hjelpe Norsk Målungdom med å verve nye medlemer. Kanskje du kjenner barn eller ungdom som burde vervast?

Det viktigaste er at Mållaget og Målungdomen er synlege denne dagen og at vi markerer nynorsken på ein positiv måte.

Vi ynskjer alle ein god nynorskdag!