aktuelt

Bli med på nynorskdagen!

God stemning på skrivarsova 12. mai 2022.

Etter forårets suksess med ein nasjonal markeringsdag for nynorsk, inviterer Mållaget og Målungdomen igjen alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai.

 

Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget eit historisk vedtak. Då vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål gjennom «jamstillingsvedtaket».

– Målet er å få sjå litt meir nynorsk rundt oss, særskilt på plassar der vi vanlegvis ikkje ser han, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Nynorsk er eit nasjonalt språk som alle i Noreg lærer i skulen.
– Det er viktig gjere det lett og artig å prøve seg på å skrive nynorsk. Sidan alle kjenner nynorsken frå skulen, kan det vere både dårlege og gode erfaringar med nynorsken. Vi ynskjer å utfordre dei som sjeldan eller aldri skriv nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Mållaget vil at dette skal vere ein dag der endå fleire får del i det flotte språket, og kanskje også vert kjent med Mållaget og Målungdomen på ein ny måte.

Les alt du treng å vite om nynorskdagen.