norsk tidend

Borgafjellet barneskule klappar for Ivar Aasen

Åsmund Lien held føredrag om Ivar Aasen. Foto: Vemund N. Knudsen

– Ei jente kom bort og sa tusen takk for at eg hadde kome, seier Åsmund Lien.

TEKST: VEMUND NOREKVÅL KNUDSEN

I Bjørnafjorden kommune, sør for Bergen, har nynorskdelen vakse sidan 80-talet. Slik er kommunen på strilalandet ei motkulturell suksesshistorie når det kjem til nynorsk. Norsk Tidend vitjar Borgafjellet skule medan det blir halde ein heil skuletime om Ivar Aasen for klasse 7B. Det er den lokale Åsmund Lien som held timen.

– Responsen er utelukkande positiv frå alle hald, seier han kontant.

– Dette er den siste av ei rekkje timar eg har halde no i vår. Eg har halde for alle klassane på 4. til 7. trinn.

Borgafjellet barneskule stod ferdig i 2021, der det går elevar både frå Os skule og Hegglandsdalen skule. Sistnemnde er no lagd ned. Bjørnafjorden er den kommunen i Noreg med flest nynorskelevar. I fjor gjekk mengda nynorskelevar opp, og mengda bokmålselevar ned.

Folk flest seier eg

Åsmund Lien er sjølv frå Hegglandsdalen og gjekk på den gamle skulen oppe i dalen. Han var også tidlegare aktiv i Noregs Mållag, der han sat i styret. Han blir av lærarar og rektor skildra som ein fyr som er kjend for fleire, og som har mange gode historier. Han har skrive bøker om lokalhistorie.
– Kva har Ivar Aasen med ungane på Borgafjellet barneskule å gjera, spør Åsmund Lien retorisk.

– Han gjekk rundt og samla dialektar fordi han syntest det var så gale at vi skulle skriva dansk, svarar ein av elevane.

– Korleis gjorde han det?

– Han høyrde på korleis folk snakka og skreiv det ned, svarar ein annan elev.

Åsmund held fram med å ta elevane gjennom korleis Ivar Aasen arbeidde med å samla inn dialektar. Han viser forskjellane mellom dansk og moderne norsk, og historia til bokmålet får også plass i undervisinga. Deretter viser han forskjellane mellom bokmål og nynorsk, og deretter nynorsk og dialektord frå Bjørnafjorden.

– Dei aller fleste av oss seier eg, eller variantar av eg, seier Åsmund, og viser ulike personlege pronomen på norske dialektar.

– Språk er personleg, og språk er identiteten dykkar. Den må de ta godt vare på alle saman. På spørsmål om folk synest presentasjonen var interessant, kjem det eit samstemt «ja!» frå elevane i klasserommet.

– Eg håpar at det at eg kjem her og pratar med dei om språk og dialekt, bidreg til at dei ikkje skiftar hovudmål når dei skal byrja på ungdomsskulen, seier Åsmund Lien til Norsk Tidend etter timen.

KONSENTRERTE: Elevane ved Borgafjellet Barneskule følgjer konsentrert med på Åsmund Lien. Dei har jobba med Ivar Aasen dei siste vekene. Foto: Vemund N. Knudsen

Førebudde elevar

Elevane på 4. til 7. trinn har jobba med eit opplegg om Ivar Aasen ei vekes tid i framkant av timane, kan Åsmund fortelja.

– Det har vore svært kjekt for meg å koma her. Dei fleste ungane er engasjerte og interesserte, og dei var godt førebudde. Det var ei jente som kom bort til meg etter den eine timen og sa tusen takk for at eg hadde kome, og at ho hadde lært mykje av opplegget. Det er overveldande respons.

– Eg vil gje honnør til Tone Haukeland Mork, som er lærar her. Det var ho som kontakta meg om å halda desse timane. Det er hennar initiativ. Timen blir sjølvsagt avslutta med at elevane syng Nordmannen i fellesskap.

– 4. trinn song ein lokal song som også var fin, avsluttar Åsmund.

Rektor: Elevane er heldige som lærer nynorsk

Norsk Tidend tek ein prat med rektor ved Borgafjellet barneskule, Gunnhild Astrup Hansen, på kontoret hennar. Ho fortel at opplegget med Åsmund Lien er eitt av fleire målretta tiltak for å styrkja nynorsken på skulen og hjå elevane.

– Vi er i ein nynorskkommune, så nynorsk er viktig for oss. Det må gjerast noko, fordi vi ser at skriftspråket er vorte meir og meir utvatna hjå barna. Dei skriv ofte ei blanding av bokmål og nynorsk, dei knotar for ofte, fortel ho til Norsk Tidend.

– Då er vi heldige som har Åsmund Lien som kjem her for å motivera elevane. Det har vore så vellukka at til hausten skal han halda kurs for lærarane også.

Er dette tiltak de skulle sett på andre skular også?

– Ja, eg trur dette hadde vore bra for andre skular, meir aktivt å lyfta fram nynorsken. Vi bør også gjera noko liknande som dette igjen, svarar rektor Gunnhild Astrup Hansen. Ho understrekar at Åsmund sjølvsagt ikkje kan ta ansvaret for det åleine.

– Både skulane og kommunane må stramma opp og gjera tiltak, elles er eg redd nynorsken vil bli vatna ut. Det gjeld også dialekten vår.

Nynorskdelen har gått opp i Bjørnafjorden kommune. Har du opplevd mykje press på foreldre som ynskjer bokmål, slik som stader på Austlandet til dømes?

– Ja, det er nokre foreldre som ynskjer bokmål for elevane sine,
særleg dei som har flytta til kommunen frå til dømes Bergen. Dette slår eg konsekvent ned på. Eg rår dei heller til å halda fram med nynorsk, fordi det er språket undervisinga vil gå føre seg på, svarar Gunnhild klårt.

– Det er også lurt å halda fram med noko unikt, seier eg. Det er fleire fordelar med nynorsk.

KLART MÅL: Rektor G Gunnhild
Astrup Hansen fortel at skulen jobbar
målretta med å styrkja nynorsken.

Heldige som skal læra nynorsk

Samarbeider de noko med barnehagane i kommunen?

– Eg reiser rundt kvart år til dei barnehagane som skal senda ungane på skulen her, og snakkar med dei
om at dei har barn som skal bli nynorskelevar. Dei må vere medvitne om dette. Eg fortel dei også at dei er heldige som skal læra nynorsk. Eg fortel også det same til foreldra.

Kva er dei største utfordringane for dykk som nynorskskule?

– Det er knotinga. Det er mykje bokmål rundt elevane som påverkar språket deira. Og så merkar vi at dei er svært gode i engelsk, som også påverkar språket. Sjølv om vi konsekvent har undervisingsopplegg på nynorsk, blir dei mykje påverka utanfrå.

– Så kan det henda at den nye tunellen blir ei utfordring for oss. Då kjem det kanskje meir folk hit frå Bergen. Då blir det ekstra viktig at vi står støtt i nynorsken for å halda fast på strilaidentiteten.

Brukar berre nynorsk

Korleis er læremiddelsituasjonen?

– Vi har absolutt alle bøker i alle fag på nynorsk, og nyttar skolestudio frå Gyldendal, som eg forstår skal vera på nynorsk. Det sit langt inne for meg å hengja opp eller kjøpa inn noko som ikkje er på nynorsk. Alle oppslag frå skulen er på nynorsk.

– Eg opplever ikkje at nynorsk er noko som blir særleg lyft fram elles, så eg vil veldig gjerne få fram kor heldige vi er som har Tone Haukeland Mork og Åsmund som tek mykje initiativ, og brenn for dette.

Men er det ikkje synd at det er så avhengig av slump og eldsjeler som dette?

– Jo sjølvsagt, her har vi alle ein jobb å gjera.