norsk tidend

«Ranke viljer og heilrend karakter» – dei norske landsgymnasa 1916–1964

Fram til litt utpå 1900-talet var høgare utdanning for bygdeungdom sjeldan vare. Opprettinga av landsgymnasa, som i stor grad var målrørsla sin idé, skulle endre på det. Landsgymnasa vart eliteskulane på landet.

TEKST: GUDLEIV FORR

Gjennom mesteparten av 1900-talet var skule eit gode som var ulikt tilgjengeleg i Noreg. Alle barn hadde rett nok rett og plikt til å gå sju år på folkeskule. Men om ein elev på landsbygda ville halde fram med skulegangen, var det få skular å velje mellom. Nokre tok framhaldsskule, som var praktisk orientert. Nokre gjekk på folkehøgskule, og mange tok landbruksskule eller andre fagskular. Og nokre få, som greidde å kvalifisere seg gjennom ei opptaksprøve, fekk høve til å gå på landsgymnaset. Berre mellom tre og fem prosent av eit årskull kom inn, og mange stader enda færre. Landsgymnasa var eliteskular som var kjende for gode eksamensresultat.

Gymnas i alle landsdelar

Midt på 1950-talet, da landet blei bygd opp etter krigen og industrien blømde, landbruket fekk traktorar, vegar bleibygde og kulturtilbodet blei demokratisert, var det 12 landsgymnas i landet. Det var fem mellom Kristiansand og Ålesund: Hornnes, Bryne, Voss, Firda (på Sandane) og Volda. På Austlandet var det tre: Bø, Eidsvoll og Vinstra. Og nordafjells var det fire: Orkdal, Steinkjer, Finnfjordbotn og Alta.

Dei fleste elevane som gjekk på landsgymnasa, kom frå bygdene i nærleiken av skulen. Dei måtte likevel anten bu på internat eller på hybel. Dei som budde nært skulestaden, kunne reise heim i helgene, men mange måtte bu heimanfrå i vekevis. På Steinkjer, i Orkdal og til dels Volda gjekk det ein del elevar frå Nord-Noreg, og dei kunne reise heim berre til lengre feriar.

Landsens leiarar

Det første landsgymnaset blei starta på Voss i 1916, men idéen var sådd lenge før. På byrjinga av 1900-talet blei skuleslaget kjempa fram av politiske leiarar, byråkratar og kulturpersonlegdomar med bakgrunn frå landsbygda. Mange av dei kom frå heimar der det i fleire generasjonar var vanleg med bøker og aviser. Fedrane deira hadde ofte vore omgangsskulelærarar eller lærarar frå lærarseminara som blei sette i verk frå midt på 1800-talet.

Desse leiarane med bygdekulturell ballast hadde fått utdanning frå byskular og teke universitetsutdanning etterpå. Nokre av dei var professorar, som Nikolaus Gjelsvik og Marius Hægstad. Begge var mellom dei viktigaste strategane da tanken om landsgymnaset blei lansert som eit alternativ til byskulane for landsungdom. Dei var òg aktive i arbeidet for nynorsk mål, og Hægstad var jamvel den første professoren i landsmål. Målet var å skape ein skule som kunne fremje landsmålet som bruksspråk i privat og offentleg verksemd.

Andre, som stortingsmennene Ole Konrad Ribsskog, Johan Gjøstein og Olav Andreas Eftestøl, var òg lærarar og lærde folk frå bygdene med hug til boka. Dei såg på tanken om eit landsgymnas som først og fremst eit rettferdsspørsmål. Dei ville gje gåverik ungdom på landet betre høve til skulegang og var ikkje så opptekne av målforma. Landsgymnaset skulle for dei vere eit middel til å gjere landsens ungdom til ein del av ein felles norsk kunnskapskultur som skulle ta opp i seg innslag frå både den dansk-norske bykulturen og bygdekulturen. Skremmebildet på ein bygdegut med utdanning frå byskulen var Daniel Braut i Arne Garborgs Bondestudentar, som er usikker på seg sjølv og viser forakt for kåra han voks opp i. Med eit landsgymnas skulle ein i lengda sameine by og land. Samstundes skulle ein slik skule skape sosial utjamning som spelte attende på den splitta folkeskulen: Når gymnaset stilte same krav til byungdom som landsens ungdom, ville det tvinge fram ein sams folkeskule, ein einskapsskule.

Marius Hægstad (t.v.) og Nikolaus Gjelsvik var mellom dei ivrigaste pådrivarane for opprettinga av landsgymnasa. Dei var høvesvis den fyrste og tredje leiaren i Noregs Mållag. Foto: Axel Leverin (Hægstad) og Norsk Folkemuseum (Gjelsvik)

Ungdomslag og mållag

Folk som Gjelsvik og Hægstad tok opp tanken om eit landsgymnas gjennom dei sentrale organisasjonane som hadde vakse fram dei siste tiåra av 1800-talet og først på 1900-talet, mellom dei Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Ein av dei som stødde tanken, var diktaren Arne Garborg, som meinte Noreg trong embetsmenn som hadde utdanning frå skular der norsk mål og norsk historie blei prioritert, og der elevane var ein del av ein norsk kulturtradisjon.

Den største utfordringa for pionerane var å passe landsgymnaset inn i ein skulestruktur som ikkje var rettlina. Landsfolkeskulen hadde kortare skuleår, og medan byskulen hadde ein treårig middel- eller realskule etter folkeskulen, mangla dei fleste bygder eit slikt tilbod. For å skape eit gymnas som kvalifiserte til høgare utdanning og som kunne vere økonomisk overkommeleg for landsens ungdommar, måtte det ikkje vare lenger enn fire år. Da måtte middelskulens pensum gjerast unna på det første året, slik at dei tre siste åra fekk same pensum og eksamenskrav som bygymnasa. Mange av reformmennene tenkte nok at folkehøgskulen saman med framhaldsskulen kunne erstatte middelskulen eller delar av han. Men i praksis gjekk landsgymnasiastane rett frå folkeskulen til første klasse i gymnaset. Det galdt nok òg for dei som var ute i arbeidslivet ei tid før dei søkte seg til landsgymnaset. Men for å kome inn der, måtte alle gjennom ei opptaksprøve.

– Styrkje kjenslelivet og fantasien

Landsgymnaset skulle ha «det heimlege», «det nationale» kombinert med «personleg vokster» som rettesnor for undervisninga. Skulane skulle vere i pakt med det grundvigske danningsidealet om å skape gode menneske, «med ranke viljer og heilrend karakter (…) Men til det treng ein å styrkja kjenslelivet, viljen og fantasien i desse grunnleggjande aar…», som det stod i innstillinga frå komiteen som førebudde lovarbeidet i departementet og Stortinget. Etter langvarig debatt og strid blei lova om landsgymnas vedteken i Stortinget i 1914. Då det første landsgymnaset starta på Voss i 1916, hadde dei allereie hatt eit privat gymnas der frå 1910. Spørsmålet var kvar dei neste skulane skulle lokaliserast. Det kom tilbod frå om lag 25 kommunar. Dei fleste ville gje lokale til leige, og undervisningsdepartementet meinte at alle landsdelar måtte få eit landsgymnas om ikkje altfor lenge. Men som alltid i slike lokaliseringsspørsmål var det ikkje lett å finne ei prinsipiell line, og nokon landsplan kom ikkje før sist på 1930- talet. Da var åtte av dei 12 landsgymnasa allereie starta, og berre dei to i Nord-Noreg og dei i Bø og på Vinstra kom etter andre verdskrigen.

Landsgymnaset på Voss var det fyrste som opna, i 1916. I våre dagar er skulen utvida med moderne bygningar inntil den gamle (til venstre i biletet). Foto: Voss gymnas

Statsfinansierte

Medan bygymnasa stort sett anten var private eller kommunale, var det ein føresetnad at staten skulle finansiere drifta av landsgymnasa. Elevane skulle ikkje betale skulepengar. Men det blei mange ulike løysingar på det økonomiske utover på 1920- og 30-talet. Først etter 1945 var alle skulane statlege, og lektorane var embetsmenn, utnemnde i statsråd. Og jamvel om elevane ikkje skulle betale skulepengar, måtte dei bruke pengar på reise til og frå, og på skulebøker, hybel eller internat, mat og litt til lommepengar. Det kunne bli kostesamt for familiar med ei årsløn på pluss/minus 10 000 kroner.

Stortingsvedtaket om landsgymnaset engasjerte lokale skulefolk, og mange av pionerane blei òg namn i norsk skulehistorie, slike som Olav Riste, Leiv Heggstad (son av Marius Hægstad), Asbjørn Øverås og Agvald Gjelsvik (brorson av Nikolaus Gjelsvik). På Steinkjer var det ein av dei vidgjetne Ribsskog-brørne, Adolf, som var den politiske strategen da landsgymnaset blei grunnlagt i 1932. Han var ordførar og bror av lærar og stortingsmann Ole Konrad Ribsskog, som var sentral i Stortinget da saka var oppe der. Ein tredje bror, Bernhof, var skuleinspektør i Oslo. Alle tre kom frå ein gard i Flatanger, og dei hadde to søsken til som var lærarar.

Staselege bygningar

Mange av skulane fekk etter kort tid store og staselege bygningar. Her var spesialrom for kjemi og fysikk, nokre fekk skulekjøkken, og andre stader fekk dei òg gymnastikksal som kunne brukast til festsal. Nokre av bygningane, som Firda på Sandane, hadde Eidsvollsbygningen som førebilete. Andre var meir tradisjonelle skulebygningar, slik dei var i byane frå sist på 1800-talet. På Steinkjer reiste dei ein funkisbygning teikna av trondheimsarkitekten Claus Hjelte. Skulen fekk form av ei skoeske, blei det sagt, men han var funksjonell og hadde moderne spesialrom, men ikkje gymsal.

Nynorsk som administrasjonsspråk

Gullalderen for landsgymnaset er nok dei 20 åra etter andre verdskrigen. Da hadde skulen fått si form: Ein fireårig skule, for det meste med engelsk- og realline. Nokre hadde òg etterkvart tilbod om norrøn-, naturfag- og samfunnsfagliner. På stader der det var realskule, var landsgymnasa treårige. Dei som hadde eksamen frå realskulen, gjekk inn i andre klasse på det fireårige landsgymnaset om dei hadde gode nok karakterar. Skulane hadde eksamensrett, og i det store og heile gav dei same undervisninga som bygymnasa. Kulturen rundt og på skulen var nok prega av dei motkulturelle straumdraga som stod sterkt tidleg på 1900-talet. Elevane kunne velje mellom nynorsk og bokmål som hovudmål, men dei fleste skulane hadde nynorsk som administrasjonsspråk.

Lektorane kom ofte frå landsbygda, og hadde sjølve gått på eit landsgymnas, og dei visste at landsgymnaset var norskdomsrørslas verk. Dei var aktive nynorskbrukarar. Men det spelte knapt noka stor rolle for undervisninga. Lektorane møtte landsens ungdom som såg på skulen som deira sjanse til å kome seg fram i samfunnet, utan omsyn til målform.


Landsgymnaset Firda i Gloppen var kjent som eit av dei dei mest
populære. Bygninga er inspirert av Eidsvollsbygninga. Foto: Silje Stavrum Norevik

Vegen vidare

Reidun Høydal, som er landsgymnasets historikar, har sett på kvar elevane i landsgymnaset hamna. Det første ein ser, er at det var mange preseteristar og elevar med gode karakterar. I åra 1935–1940 var det til saman 1891 personar på landsgymnasa som tok eksamen artium. 80 prosent av dei var gutar. Halvparten gjekk vidare til høgare utdanningsinstitusjonar. Men dei tok ikkje fag som teologi eller jus, slik elevane frå bygda gjorde før landsgymnaset blei skapt. Dei studerte til ingeniørar eller medisinarar. Orkdal og Firda var dei store ingeniørleverandørane. Mange blei òg lærarar, lektorar og tannlegar. Særleg jentene valde læraryrket.

Det var ein langt høgare prosentdel jenter i byskulane enn landsgymnasa, mellom 35 og 45 prosent. Medan elevane i byskulen kom frå akademikar-, næringslivs- og funksjonærfamiliar, hadde landsgymnasiastane mest gardbrukar- og lærarfedrar. Dei blei første generasjons akademikarar. Med andre ord: Landsgymnaset verka som ein sosial og kulturell heis. Etter at elevane hadde fullført utdanninga, fekk dei fleste seg arbeid i byane eller i industristader rundt ikring i landet. Dei fekk høgare inntekter enn deira eigne foreldre, og fekk sjølve barn som fekk god utdanning.

Ingeniøren og milliardæren Fred Kavli (fødd Fridtjof, 1927–2013),
som er kjend for å ha gjeve vekk formuen sin til forsking, var elev ved Firda
gymnas. Han snakka i fleire intervju varmt om tida på gymnaset, og at ho vart formande for livsvala hans. Foto: Stein J. Bjørge

Landsgymnaset som spesiell berar av den nasjonale og folkelege motkulturen blei etter kvart utviska utover i 1950-åra. Store delar av elevkulla orienterte seg mot moderne yrke innanfor teknologi og naturvitskap. Dei filologiske faga fekk konkurranse frå dei nye samfunnsfaga. Og dei som blei lærarar, gjekk inn i ein skule som var sams anten han låg på landet eller i byen. Elevane som vaks opp dei første tiåra etter andre verdskrigen, skulle byggje landet og var påverka av den vitskapsbegeistringa og utviklingsoptimismen som prega tida. Så da regjeringane frå midt på 1950-talet gjennomførte dei store skulereformene, blei det ikkje lenger plass for landsgymnaset. Frå 1964 blei det avvikla, og gjenoppstod som del av den vidaregåande skulen. Men på dei knappe 50 åra landsgymnaset eksisterte, var det truleg med og gjorde skilnaden mellom by og land mindre enn han hadde vore. Slik kan ein seie at ein viktig del av målsetnaden blei oppfylt.

Gudleiv Forr (f. 1940) er historikar og journalist. Han var, i lag med Helge Vold, redaktør for boka Landsgymnaset (2007). Forr har sjølv vore elev ved Steinkjer offentlege landsgymnas.