norsk tidend

Dei nynorske prinsippa

Grunnlaget for målreisinga er at landsmålet representerte ein norsk i motsetnad til ein unasjonal språktradisjon. Men målreisinga kan ikkje tenkjast utan ei rad andre konfliktliner og omsyn som heile tida har spela inn.

TEKST: ODDMUND LØKENSGARD HOEL

Når Noregs Mållag no er i gang med eit nytt ordskifte om prinsipprogrammet, kan det fyrst vera greitt å minna om at mållaget har hatt prinsipprogram under halvparten av levetida si. Det vanlege frå skipinga i 1906 til godt opp i etterkrigstida, var at landsmøtet vedtok valprogram med konkrete krav til dei politiske partia. 

Den sterkare ideologiseringa av organisasjonar og politisk liv i 1960- og 70-åra slo òg inn i målrørsla. Det fyrste som likna eit prinsipprogram var Målreising 1967, og det fyrste som vart kalla eit prinsipprogram vart vedteke på landsmøtet i 1976 etter eit friskt ordskifte. I 1997 fekk det avløysing av prinsipprogrammet som framleis gjeld, så mållaget har ikkje hatt det med å byta prinsipprogram i tide og utide. 

Nynorsken og det nasjonale 

Det har i lang tid vore ei spenning mellom individualistiske og kollektivistiske tilnærmingar til målsaka. Typiske individualistiske tilnærmingar kan vera at nynorsk ligg nærare dialekten ein talar, at individuelle språkrettar og det individuelle språkvalet må stå i sentrum, eller at det gjev ein personleg vinst å skriva nynorsk – som jobbmoglegheiter, betre sidemålskarakter, betre allmenn skrivedugleik eller å skilja seg positivt ut. Kollektivistiske tilnærmingar, som «det nasjonale», fokuserer derimot på eigenverdien til språket og på dei gruppene og kulturelle verdiane det er eit uttrykk for. Sett på spissen vil det seia at det er eit gyldig motiv for ein sjølv eller argument retta mot andre å velja å skriva nynorsk av omsyn til eit større kollektiv sjølv om ein ikkje tener direkte på det. Mitt utgangspunkt er at mållaget må ha med seg og ikkje kan sjå vekk frå dei individualistiske tilnærmingane, men at det som bitt saman og utgjer eit meir samlande grunnlag for målrørsla, er dei kollektivistiske.

For den som driv identitetspolitikk for eit folk – ein nasjon eller ei etnisk gruppe, vil språkspørsmålet alltid trengja seg på. Det vil ikkje seia at det er eit ein– til–ein-tilhøve mellom språk og nasjonar eller etniske grupper. Eit folk kan vera språkkløyvd, eller fleire folk kan ha same språk. Men nasjonsbyggjaren kan ikkje sjå bort frå språkspørsmålet. 

Den nasjonale eller etniske dimensjonen opptrer likevel ikkje isolert i nasjonsbyggingsprosessar. Sosiale, økonomiske, geografiske/regionale og kulturelle konfliktliner av ymse slag vil alltid slå inn. Slik er det òg i språkkonfliktar. Det vil ofte rå usemje mellom ulike nasjonsbyggjarar om kva kulturelle element og sosiale grupper som skal ha førerang. I norsk historie er dette særs tydeleg – det har ikkje eksistert eitt, men fleire alternative og tevlande nasjonsbyggingsprosjekt, og den mest synlege fylgja av denne tevlinga er tospråkstoda. 

Det er all grunn til å minna om det sidan eit anten–eller-syn på det nasjonale har prega både ideologiske ordskifte i målrørsla og språkhistorieskrivinga. Eit vanleg syn er kort oppsummert at målstriden tvillaust byrja som ein «nasjonal» strid på 1800-talet, som ein freistnad på eit oppgjer med dansk mål i Noreg, men fram mot vår tid har gått over til å dreia seg om mange andre ting, men i liten og ingen grad om «det nasjonale». I språkhistoriske framstillingar (t.d. E.H. Jahr) er det vanleg å peika på rettskrivingsendringane i riksmål i 1907 og 1917 som innførte eit prinsipp om at språket skulle normerast etter (høgare) talemål i Noreg og dermed tok farvel med dansk i Danmark. Kriminalromanen Mit navn er Koph av Olaf Bull skal ha vore den fyrste boka som vart omsett frå riksmål til dansk (1919) for den danske marknaden. Eitt syn på dette seier då at striden seinare stod mellom to norske skriftmål og dermed ikkje var nasjonal, men sosial. 

Målstrid som identitetspolitikk 

Problemet med slike resonnement er ikkje svaret, men spørsmålet. Freistnaden på å definera essensielt ut frå lingvistiske kriterium kva som er «dansk» og kva som er meir eller mindre «norsk», er problematisk sidan Skandinavia er eit språkleg kontinuum – eit område med gradvise dialektovergangar. Ei tilnærming som etter mi meining både er meir gjevande og lærerik med tanke på målstriden i dag, er å studera målreisinga og målstriden som identitetspolitikk. Då blir det vesentleg å sjå korleis grupper definerer seg sjølve gjennom å dra grenser mellom kvarandre, og etniske og nasjonale dimensjonar fell saman med dei andre konfliktlinene som har prega målstriden. 

Ivar Aasen forstod kva grensedraginga hadde å seia. I dag vil knapt nokon protestera mot å kalla det språket Grunnlova vart skriven på i 1814 for «dansk». Det var derimot høgst omdiskutert i samtida, og utover på 1800-talet vart det både offisiell språkpolitikk og vanleg å kalla det same skriftmålet «norsk». For Aasen var det avgje rande å ta eit oppgjer med dette synet. Norsk Grammatik (1864) er eit studium i språkleg identitetspolitikk. Dei aller fyrste setningane i hovuddelen i grammatikken slår fast at dialektane har så mykje felles og skil seg så mykje frå både dansk og svensk at dei utgjer «en selvstændig Sprogform», nemleg «norsk». Som språkpolitikar såg Aasen ingen veg fram for landsmålet utan at det kunne reknast med i ein internasjonal språkfellesskap som eit fullverdig språk. 

Klårgjering av grensene 

På dette grunnlaget stod målreisingsideologien lenge fjellstøtt. Landsmålet var det einskaplege skriftlege uttrykket for eit mangfald av norske dialektar, og Aasen gjorde seg til talsmann for «Landets Almue» mot «Landets Høvdinger» og «Folkets Formænd» som hadde innført og no heldt oppe dansk språk i Noreg. 

Etterfylgjarane til Aasen måtte klårgjera grensene mellom «dei» og «oss» etter kvart som landsmålet vart teke i bruk og målsaka vart politisert. Her er det berre rom for å nemna kort nokre av desse klårgjeringane i identitetspolitikken til målrørsla. 

(1)

Den unge Arne Garborg prøvde seg i 1870-åra med å ekskludera dei som skreiv dansk- norsk frå den norske nasjonen og rekna dei som ein nyskipa «dansk-norsk» nasjonalitet. Dette synet fekk eit kort liv, men førestillinga om at dei to skriftspråka representerer ei djupare kulturell kløft mellom det urnorske og det unorske, har spela ei sentral rolle i målreisingsideologien. 

I 1870-åra meinte Arne Garborg at dei som skreiv «dansk-norsk», ikkje skulle reknast som norske. Foto: Helland & Co. / Oslo Museum

(2)

Fram mot 1884 fann målrørsla sin plass i Venstre-alliansen til Johan Sverdrup der embetsmannsregimet var motstan daren. «Folkesproget» – folkemålet – fann i programmet og retorikken til Venstre plassen sin attåt folkestyret, folkeskulen og anna folkeleg, imot embetsstanden og overklassen elles som vart utdefinert som ufolkeleg og unorsk både i språkvegen og på anna vis. Det nyskipa Høgre stadfeste dette friviljug med å røyste unisont mot «Folkesprogets Ligestillen» i mai 1885, stortingsvedtaket som gjorde nynorsk til offisielt språk. 

(3)

Etter kvart som Venstre inntok embetsverket og urbaniseringa skaut fart, kom ei anna grensedraging meir i framgrunnen. Det var fram mot hundreårsskiftet at målstriden verkeleg feste seg som den «by mot land»-konflikten som har prega målspørsmålet heilt opp til vår tid. Dette var ei grensedraging målrørsla og landsmålsmotstandarane fyrst kunne semjast om. Byane var for mange målideologar rota til alt vondt, der «Rotenskapen breider seg», som Klaus Sletten sa det då han stod i spissen for skipinga av Bondeungdomslaget i Oslo i 1899. Riksmålsorganisatoren Bjørnstjerne Bjørnson gjorde det same hausten klart at «Bondens sene, nølende ubestemte Maade at udtrykke sig paa kan være ejendommelig og have sin Interesse; men vi vil have det raskere, klarere – vi har ikke tid til slikt Sludder». 

Etter hundreårsskiftet vart byane og bydialektane kraftig oppvurderte av målstrategane. Bydialektane er norsk, skreiv målhovdingen Jørgen Løvland i 1904 og korrigerte høfleg Aasens misoppfatning av bymåla. Men målrørsla lukkast ikkje å få inn nynorsk i nokon by på denne tida, og historisk har ingen grenser mellom nynorsk og bokmål vore skarpare enn grensa mellom by- og landkommunar. Det er fyrst i vår tid med nye byar som Leirvik (Stord) og Førde at nynorsk har vorte bruksspråk også i byar. 

«Vi har ikke tid til slikt Sludder», sa Bjørnstjerne Bjørnson om bøndenes språk. Foto: L. Szacinski (firmaet) / Oslo Museum

(4)

Industrialiseringa aktiverte ei anna grensedraging som hekk nøye saman med by– land-konflikten. På Notodden og Rjukan og i Odda, Tyssedal og Høyanger vart høgst moderne industri planta rett inn i bygder der nynorsken anten alt var innførd i skule og kyrkje eller der språkskifteprosessen var i gang. Målfolk var jamt over ikkje imot industri, berre storindustri som førte til stor bokmålstilflytting til nynorskbygder. Dei ville ha småindustri og elektrifisering på premissane til dei eksisterande bygdenæringane og bygdekulturen, som på Sunnmøre. 

Etter fyrste verdskrigen vart det raskt klart for leiande strategar i målrørsla, med Halvdan Koht i spissen, at arbeidarane måtte definerast tydeleg innanfor det nynorske, og eit sterkare klasseperspektiv kom inn i mål reisingsideologien. Framtida for målreisinga låg i den same alliansen mellom arbeidarar og småkårsfolk på bygdene som det veksande Arbeidarpartiet hadde som maktgrunnlag. 

Målsaka slo fyrst og sterkast gjennom i vestlandsbygdene, og tilbakegangen etter krigen har vore sterkast på Austlandet og i Trøndelag og har forsterka den regionale utakta. Motstandarane har heilt sidan 1800-talet definert ut nynorsk som eit vestlandsfenomen utan relevans for resten av landet. Samstundes har det lenge òg funnest ulike regionale strategiar i nynorskverda, kanskje meir i praksis enn som ideologi. Dei siste tiåra er kampen for nynorsk på Vestlandet òg stødd opp av ein markant vestlandsk regionalisme, gjerne med utspring i bokmålsbyen Bergen og Bergens Tidende som har eit kontinuerleg behov for å utfordra hovudstaden. 

Frå Ivar Aasen si tid til i dag finst altså ei rekkje identitetspolitiske grensedragingar som har spela saman der «det nasjonale» alltid berre har vore ein del av det totale biletet. Sjølv om motsetnaden «norsk»–«dansk» ikkje gjev særleg meining i målstriden i dag, kan han ikkje tenkjast utan det grunnleggjande utgangspunktet at landsmålet representerte eit nasjonalt språk i motsetnad til ein unasjonal språktradisjon. Noreg har ingen regionale skiljeliner med etniske dimensjonar – Vestlandet er ikkje Katalonia. Men målreisinga kan heller ikkje tenkjast utan ei rad andre konfliktliner og omsyn som heile tida har spela inn. 

(5)

Ein femte dimensjon som tidleg kom til, var den geografiske. Målreisinga var i eit halvt hundreår frå slutten av 1800-talet til 1940-åra ein dundrande suksess. Over halvparten av dei 6000 skulekrinsane i landet med 1/3 av alle elevar hadde i 1940-åra gjort vedtak om å innføra nynorsk. Nynorsk kom i bruk i kyrkje, lokaladministrasjon, statsteneste, litteratur, presse og i nokon mon i næringslivet. Nynorsk vart eit vanleg bruksspråk, men svært ujamt fordelt ikkje berre på by og land, men òg regionalt. 

Kulturell eigenverdi 

Sams for alle dei nemnde tilnærmingane er framhevinga av at nynorsken har ein kulturell eigenverdi – for dei som brukar han, for heile den norske nasjonen og for det internasjonale språksamfunnet. Ein viktig dimensjon som har kome til, er at ein halv million menneske brukar nynorsk som fyrstespråk, uavhengig av kva legitimeringa av dette språket ein gong måtte ha vore. Det at nynorsken har ein eigenverdi for dei som brukar språket, har lenge vore eit viktig grunnlag for ein språkpolitikk basert på grunnleggjande språklege rettar. 

Det er all grunn til å diskutera kven av desse tilnærmingane som er viktigast og mest relevant i dag, men utgangspunktet er godt: Det er ei langt meir utbreidd forståing i vår del av verda i dag enn for nokre tiår sidan om at det har ein verdi i seg sjølv og for språkbrukarane å ta vare på eit språkleg og kulturelt mangfald. 

Mykje har endra seg sidan Aasen, men det grunnleggjande utgangspunktet hans er det grunn til å festa seg ved: At nynorsk må reknast som eit språk, som seinare vart grunnlaget for ein skriftkultur og eit språksamfunn. Ulike rettskrivingar, skriftnormalar, målformer eller dialektar kan i nasjonale språkpolitikkar skaltast og valtast med. Eit språk har langt større vern i internasjonal politikk, avtalar og institusjonar for å ta vare på mindre brukte språk. Det kan vera godt å ha om det skulle butta imot på heimebane.

Om forfattaren: Oddmund Løkensgard Hoel er professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet. Han har tidlegare vore leiar i Noregs Mållag.