norsk tidend

Dei som har nynorsk i halsen

Somme foreldre ved nynorskskular jobbar hardt for å få endra skulemålet til bokmål. Kvifor vil dei absolutt ikkje at ungane deira skal gå på ein nynorskskule?

TEKST: ASTRID MARIE GROV

I dei nesten 150 åra målrørsla har eksistert, har kampen for at norske ungar skal lære nynorsk som hovudmål, vore heilt avgjerande. Og ei god stund gjekk det som ein draum. Fram til andre verdskrigen vann målfolket skulekrins etter skulekrins, og det nynorske språksamfunnet fekk fleire og fleire medlemmer.

Men så vart det nesten bom stopp, og ein god del av krinsane nynorskfolket hadde vunne, byrja å gå tilbake til bokmål. Og slik har det i det store og heile halde fram. Når spørsmålet om skifte av skulemål kjem opp i dag, er det målfolket som har alt å tape – dei siste 50 åra har ei skulemålsrøysting nesten alltid stått mellom å halde på nynorsk og å innføre bokmål. I våre dagar blir det i regelen gjennomført rådgjevande røysting i skulekrinsen for å avgjere spørsmålet, der alle over 18 år kan delta. Kommunestyret har det siste ordet, men respekterer som regel resultatet av røystinga. Dei lokale mållaga mobiliserer som regel kraftig for å sikre nynorsken sin plass i lokalsamfunnet når spørsmålet kjem opp.

Sjølve initiativet til røystinga kjem på si side ofte frå foreldre på skulen – mødrer eller fedrar som ikkje vil at ungane deira skal gå på ein nynorskskule. Og her møter målfolket nokre av sine argaste motstandarar. For somme foreldre har verkeleg fått nynorsk i nalsen, iallfall som skulemål. Norsk Tidend har møtt nokre av dei, for å få vite kvifor det vart slik.

– Vart ikkje slik eg hadde tenkt

I Sunndal kommune på Nordmøre bur Eva Gikling, mor til fire. Ho lever av å skrive, driv sitt eige forlag og kallar seg språkentusiast. Gikling er oppvaksen i kommunesenteret Sunndalsøra og likte sidemålet nynorsk på skulen. Difor var ho på førehand positiv då eldste dottera i 2012 skulle ta til på bygdeskulen Gjøra med nynorsk som opplæringsmål.

Men møtet med lese- og skriveopplæringa vart ei real krasjlanding, fortel ho.

– Det vart ikkje slik eg hadde tenkt i det heile teke, og mykje av det handla om skulebøkene. Eg opplevde at dei var tunge og skrivne på eit dårleg språk som ikkje var tilgjengeleg for ungane, med mange tungvinte ord dei ikkje kjende.

Dottera vart frustrert og irritert når det var mange ord i bøkene ho ikkje forstod, seier Gikling.

– Sjølv om dottera mi er ein skuleracer, syntest ho at språket kom imellom henne sjølv og innhaldet. Då eg presenterte henne for bøker av nynorskforfattaren Lars Mæhle, som kjem herfrå, lurte ho på kvifor ikkje lærebøkene var skrivne slik. Så ein del av desse lærebøkene meiner eg gjer nynorsk ei bjørneteneste.

Ein annan faktor som gjer skriveopplæringa vanskeleg, er at elevane møter så mykje bokmål og så lite nynorsk rundt seg, seier Eva Gikling.

– Ungane er mykje meir eksponerte for bokmål gjennom TV, nett og den slags, og mengdetrening er så viktig for å lære seg å lese og skrive.

Ho meiner nynorsk ikkje er eit nærliggjande skriftspråk for nordmøringar.

– Det store argumentet til nynorskforkjemparane rundt her er at det ligg nærare dialekten vår. Men det er eg veldig ueinig i, nårdet gjeld mykje av den nynorsken eg møter på, iallfall, seier ho på klingande nordmørsk.

– Så du synest ikkje eigentleg nynorsk ligg nærare dialekta her enn bokmål?

– Kanskje teknisk nærare, men ikkje på ein måte som gjer at eg kjenner meg att i det.

– Lappar fulle av skrivefeil

Kvaliteten på skulebøkene var ikkje det einaste problemet ved skriveopplæringa, fortel Eva Gikling. Ho opplevde òg manglar ved nynorskkompetansen til lærarane.

– Ein del lærarar ved skulen hadde bokmålsbakgrunn og skulle eigentleg ikkje undervist på nynorsk. Når alt frå vekeplanar til lappar om skuleturar kjem heim fulle av skrivefeil, så gjer ikkje lærarane det språket dei skal undervise i, noka teneste.

Den manglande skrivekompetansen var teken opp med skulen, seier ho.

– Eg syntest jo ikkje noko om dette og konfronterte lærarane med saka, og då la dei seg langflate. Så eg var skuffa over skuleleiinga. Om ein skal vere ein nynorskskule, så må ein sørgje for at lærarane kan nynorsk.

Eva Gikling var ikkje nøgd med nynorskopplæringa ungane hennar fekk. Foto: privat

Gikling har ikkje lenger døme å vise fram på det ho meiner er dårleg språk i lærebøkene, for familien bur ikkje lenger på Gjøra. Opplæringsmålet var ei medverkande årsak til at familien valde å flytte, fortel ho.

– Dottera mi kom seg gjennom det, men for den yngre broren vart det veldig, veldig vanskeleg. Han strevar på skulen, og med han sleit vi skikkeleg med å få hol på lesinga. Skulen på Gjøra er no ein bokmålsskule.

Nokre år etter at Gikling og familien flytta frå bygda, vart det skulemålsrøysting som nynorsken tapte. Då foreldre ved to andre skular i kommunen, Løykja og Ålvundfjord, også ønskte bokmål, i 2019, sa ho seg villig til å fronte kampen for dei.

– Foreldra som ønskte bokmålsopplæring, syntest det var for vanskeleg å stå fram. Måldebatten vekkjer veldig mykje kjensler og splittar bygda. Somme vegrar seg for å gå på butikken i den tida det står på, seier ho.

– Dottera mi kom seg gjennom det, men for den yngre broren vart det veldig, veldig vanskeleg.
Eva Gikling, Sunndal

Resultatet av røysingane i 2019 vart bokmål på Løykja og framleis nynorsk i Ålvundfjord. No er Ålvundfjord skule den einaste nynorskskulen som er att i Sunndal kommune. Eva Gikling meiner resultatet av innsatsen hennar for bokmålsopplæring viser noko viktig.

– Mange av foreldra som har ungar som slit på skulen, kom og takka meg for det eg gjorde. Blant dei foreldra som ville halde fram med nynorsk, er mange frå ressurssterke familiar. Det er noko å tenkje på, seier ho.

– Håplaus undervisningssituasjon

Eit par timars køyring vestover frå Sunndal finn vi Aukra kommune. Takk vere gassfeltet Ormen Lange litt utfor kysten og landanlegget på øya Gossa har romsdalskommunen vore i kraftig vekst dei siste åra. Både arbeidstilflyttinga og geografien, svært tett på bokmålsbyen Molde, bidreg sterkt til at fleire og fleire ønskjer bokmål som opplæringsspråk for sine ungar. Men Aukra er framleis ein nynorskkommune.

På fastlandet i Aukra ligg Julsundet, berre vel ti minutts køyring frå Molde sentrum. Her bur Arthur Sæter, prosessteknikar i Equinor. Han er far til to på barnetrinnet på Julsundet skole, og i fjor var han saman med fleire andre foreldre sterkt engasjert for å få endra skulemålet til bokmål. Motivasjonen for hans del er ikkje fyrst og fremst motvilje mot nynorsk, men at kommunen praktiserer språkblanda klassar, seier Sæter.

– Fleirtalet av foreldra på Julsundet vil ha bokmålsopplæring for barna sine, i snitt rundt tre av fire. I klassen til sonen min, som no går i tredje, har heile klassen bokmål, så det fungerer jo fint. Men då dottera mi byrja året etter, var det nokre foreldre som hadde sterke kjensler rundt dette med språk, og ønskte nynorsk. Og i slike tilfelle opprettar ikkje kommunen eigne grupper, men underviser elevane i lag. På tavla er det til dømes raud tusj for nynorsk og blå tusj for bokmål.

Sæter meiner språkblanda klassar, som heller ikkje er lov i barneskulen etter reglane i opplæringslova, er eit handikap for alle elevar.

– Eg vart frustert og oppgitt då eg fekk vite at det er slik det fungerer, det er jo ein håplaus undervisningssituasjon. Fleire av dei språkblanda klassane på Julsundet presterer under snittet på nasjonale prøver.

Arthur Sæter er svært misnøgd med at Aukra kommune praktiserer språkblanda klassar og ønskjer difor at skulen blir ein bokmålsskule. Foto: privat

– Burde vore ein formalitet

Folkerøystinga på Julsundet i november 2019 gav fleirtal for bokmål, men kommunestyret i Aukra valde å ikkje ta resultatet til følgje. Julsundet skole er dermed framleis ein nynorskskule med språkblanda klassar. Sæter legg ikkje skjul på at tilliten til både kommuneadministrasjonen og -politikarane er låg.

– Då resultatet var klart og viste siger til bokmål, så skulle resten vore ein formalitet. Avgjerda i kommunestyret førte til at framtidas fyrsteklassingar ved Julsundet skole tapte. Samfunnet, lærarar, foreldre, politikarar og folket tapte òg.

Men resultatet må både Sæter og resten av dei som ønskte bokmålsundervisning for alle, leve med denne gongen. Dottera til Sæter enda opp i ein rein nynorskklasse, og han meiner det er det nest beste alternativet på Julsundet skole i dag.

– Det er heilt klart mykje betre enn bokmålsundervisning i språkblanda klasse.

Men noka tilknyting til nynorsk kjenner Arthur Sæter ikkje på, sjølv om han opphavleg er frå nynorskkommunen Surnadal på Nordmøre.

– Eg er oppvaksen med nynorsk, men har vel aldri hatt bruk for det seinare i livet, dessverre. Eg sit att med ei kjensle av å ha lært eit språk ein greier seg utan.

Språkblanda klassar mellom bokmåls- og nynorskelevar er ein håplaus undervisningssituasjon. Arthur Sæter, Aukra

– Bokmål fell enklare

I andre enden av vestlandskysten, på Jæren, ligg Oltedal, som er blant dei inste bygdene i Gjesdal kommune. Kommunen har både nynorsk og bokmål som opplæringsmål i skulen, men brukar stort sett bokmål som administrasjonsspråk.

I skulen har nynorsk lenge vore under press, både i kommunesenteret Ålgård og i bygdene. Oltedal skole er ein nynorskskule, men det er berre så vidt. Det har vore skulemålsrøysting i bygda to gonger i løpet av ein periode på 14 år, i 2006 og i 2019.

Linda Bykle, opphavleg frå Stavanger, har ei dotter i tredje klasse på Oltedal skole. Ho har budd i Oltedal sidan 2010, men vart teken på senga over at nynorsk var opplæringsmålet ved skulen då dottera byrja i fyrste klasse i 2017.

– Eg såg at det fyrste skrivet frå skulen var på nynorsk. Då måtte eg spørje sambuaren min: Er Oltedal ein nynorskskule? Å ja, har eg ikkje fortalt det, var svaret eg fekk …

Det er lite i oltedalssamfunnet som peika fram mot at skulemålet skulle vere noko anna enn bokmål, seier Bykle.

– All informasjon eg har fått frå det offentlege, anten det er helsestasjonen, barnehagen eller kommunen, ja tilmed frå kyrkja, har vore på bokmål. Eg har heller aldri sett lesebøker på nynorsk i bruk i barnehagen.

Linda Bykle vart teken på senga over at nynorsk var opplæringsmålet ved Oltedal skole. Skiltet ved skulen, sett opp av skuleeigar Gjesdal kommune, er på bokmål. Foto: Noregs Mållag

Då spørsmålet om byte av skulemål kom opp i 2019, røysta Linda Bykle for bokmål. Det er det fleire grunnar til, fortel ho.

– Eg ønskjer valfridom om opplæringsspråk. Her i Oltedal er det berre éin skule, og då må alle ungane ha nynorsk. På Ålgård er det kanskje annleis, der det er mange skular. Og så handlar det generelt sett om at ein må bruke tid på det viktigaste i skulen. Norske elevar treng å bli betre i ein heil del ting, som privatøkonomi, lesing og matte, og alt dette meiner eg er viktigare enn nynorsk.

Linda Bykle seier dei fleste foreldra ved skulen vil ha bokmål.

– Av dei eg har snakka med, har alle ønskt bokmål, sjølv om dei er fødde og oppvaksne her. Dei hugsar sjølve korleis dei sleit med nynorsken på skulen. Det kjenst litt som om nynorsk blir pådytta oss av kommunen. Akkurat for familien vår handlar det òg om at sambuaren min har dysleksi, slik at det er eg som må hjelpe til med leksene så lenge dottera vår har nynorsk.

Linda Bykle meiner bokmål fell enklare for dottera.

– Det er mange ord ho synest er veldig rare på nynorsk, og det blir betre flyt når ho les på bokmål. Vi har også heile tida hatt ein plan om å flytte etterkvart, og då kjem ho til å gå på ein bokmålsskule.

Alle foreldra eg har snakka med, har ønskt bokmål, sjølv om dei er fødde og oppvaksne her.
Linda Bykle, Oltedal

At nynorsk fekk fleirtal i skulemålsrøystinga, meiner Linda Bykle handlar om mobilisering blant dei eldre i bygda.

– Det var nokre som gjekk frå dør til dør for å få folk til å røyste for nynorsk. Men dei finn lite støtte blant dei yngre. Det har vore ganske mykje innflytting til Oltedal dei siste åra, også frå folk som kjem frå andre land. Og blant dei er det særleg stor interesse for bokmål fordi dei ikkje kan nynorsk sjølve, og dermed blir det vanskelegare å hjelpe ungane med leksene. Det har det vore litt snakk om på foreldremøta.

Argumentet frå målfolket om at nynorsk ligg nærare jærdialekten, er ikkje avgjerande for Bykle.

– Eg ser jo at ein del av orda vi brukar her, er like nynorsk, men det er òg mange ord som ikkje er det. Så eg synest vi på Jæren fell litt imellom to stolar. Og dialekten vår kjem til å leve vidare sjølv om ungane lærer bokmål, det er eg overtydd om.

Linda Bykle er ikkje nokon nynorskhatar, seier ho.

– Eg har stor toleranse for at andre meiner noko anna enn meg, og eg skjønar godt at somme vil ta vare på nynorsken. Det handlar jo om kulturarven vår og alt det der. Men eg er for valfridom, og i ei ideell verd hadde ein på alle skular kunna velje om ein ville ha nynorsk eller bokmål. Eg ønskjer bokmål fordi det er språket ungane møter mest rundt seg som vaksne. Eg trur aldri eg har fått eit offentleg skriv på nynorsk, nokon gong.