norsk tidend

Den vanskelege kulturarven

Farvel lensmann, fylkesmann og rådmann. I likestillingas namn forsvinn gamle stillingstitlar og tek plass i historiebøkene. Går vi for fort fram, eller er det slik det må vere?

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Våren 2019 vedtok Stortinget samrøystes at offentlege stillingstitlar skulle bli kjønnsnøytrale. Endringa inneber i praksis at alle titlar som inneheld -mann skal ut.

På sjølvaste kvinnedagen i 2020 kunngjorde kultur- og likestillingsminister Abid Raja at regjeringa skulle setje i gang med arbeidet, og no er jobben langt på veg gjort. Riksmeklingsmannen var allereie riksmeklar. Fylkesmannen har blitt statsforvaltar. Sysselmannen blir sysselmeister og rådmannen har – iallfall stort sett – blitt til kommunedirektør.

Lensmannen blir snart truleg politiavdelingsleiar. Sjølv om det byrjar å bli ei stund sidan dei fyrste kvinnene fekk desse posisjonane, har mange av -mannstitlane blitt ståande lenge. Det kan forsvarast reint språkleg, for historisk har ordet ‘mann’ også hatt tydinga ‘menneske’ i norsk. Dette er slett ikkje noko sjeldsyn i andre språk. Til dømes finn vi den same doble tydinga av ‘homme’ og ‘man’ på høvesvis fransk og engelsk. Men slike historiske utslag av mannssjåvinisme verkar mindre og mindre nærliggjande di meir likestilt samfunnet vårt blir. Samstundes har vi som eit moderne samfunn ei plikt til å ta vare på fortida vår, og reglane for kva vi gjer med fysiske fortidsminne, er jamt over svært strenge. Tek vi for lett på brotet med den symboltunge språklege kulturarven?

– Ei ære å få vere lensmann

Sigrid Dahl er lensmann i Midt- og Vest-Telemark. Men snart er tittelen historie, og Dahl og lensmannskollegaene skal truleg heite politiavdelingsleiar i staden. Det synest ho er veldig synd.

– Det har vore ærefullt å få kalle seg lensmann. Eg har opplevd fleire gonger kor nært forhold publikum har hatt til den tittelen, og den krafta og tilliten han representerer. Fleire gonger har folk kome på kontoret for å få snakke med lensmannen, altså meg personleg.

Lensmannen har nesten blitt ein slags institusjon, og det er éin av stillingstitlane som har vore med oss aller lengst. I over 900 år har lensmennene vore både frykta og elska handhevarar av lov og orden i norske bygdesamfunn, og få offentlege maktpersonar har blitt like mykje omtala i litteraturen som lensmannen.

Sigrid Dahl seier ho har opplevd fleire gonger kor viktig lensmannstittelen har vore for folk. No er han snart borte. Foto: Telemark museum

Dei siste åra har det blitt stadig færre lensmenn, hovudsakleg fordi funksjonen har kome til å dekkje større og større geografiske område. Men det er vedtaket om kjønnsnøytrale titlar som kjem til å setje eit endeleg punktum for lensmannen si tid i Noreg. Dahl seier ho ser argumenta for kjønnsnøytrale titlar, men at ho sjølv ikkje meiner det bør vere avgjerande.

– Eg er ikkje så glad i symbolpolitikk, som eg meiner dette er. Sjølv har eg aldri opplevd det som eit problem å vere kvinneleg lensmann.

Eitt av argumenta for kjønnsnøytrale titlar har vore å auke rekrutteringa blant kvinner. Men lensmannstittelen har ikkje på nokon måte skremt Sigrid Dahl frå jobben.

– Snarare tvert imot. Eg vil ikkje seie det så sterkt som at tittelen var avgjerande for at eg søkte meg til jobben, men det har verkeleg vore ein positiv del av det.

Dahl får støtte av kollega Brit Fyksen i Hallingdal, den andre lensmannen som er att i Sør-aust politidistrikt, i at det har vore uproblematisk å vere kvinneleg lensmann.

– Eg har også vore stolt over å vere lensmann. Det er ein tittel som har vore viktig for folk veldig lenge.

Det var Politidirektoratet som fekk i oppgåve å kome opp med avløysartittelen til lensmann, og valet fall altså på «politiavdelingsleiar». Norsk Tidend har spurt direktoratet om den kulturelle dimensjonen ved lensmannstittelen vart vurdert når direktoratet skulle finne ny tittel. Til det svarar seksjonssjef i arbeidsrettsseksjonen Frode Aarum i ein e-post at direktoratet har bede om framlegg til nytt namn i etaten, og at det ikkje kom framlegg som på ein betre måte tok vare på den kulturelle dimensjonen ved tittelen enn politiavdelingsleiar.


På landsmøtet i Norges Lensmannslag i 1962 var det ingen kvinnelege lensmenn å sjå. Den fyrste skulle bli Anne Katrine Rambøl, tilsett i Ballangen i 1989. Foto: Justismuseet

Framleis rådmann

Rådmann var i mange år tittelen på den øvste administrative leiaren i norske kommunar. Tittelen har ikkje på langt nær like lang tradisjon som lensmann, og han har fyrst dei siste 100 åra blitt bruka om denne funksjonen. Likevel har rådmannstittelen blitt godt innarbeidd i den norske allmenta i dei åra han har eksistert.

Men rådmenn har vi snart ikkje fleire av. Allereie med den reviderte kommunelova av 2018 fekk kommunane ei sterk oppmoding om å byte ut rådmannstittelen med nyvinninga kommunedirektør. Stemninga blant dei lokalt folkevalde var heller lunken. I ei undersøking frå Kommunal Rapport tidleg i 2018 svara vel halvparten av kommunepolitikarane at dei ikkje støtta den nye tittelen. Likevel har dei fleste kommunane vedteke å følgje oppmodinga frå regjeringa. Men ikkje absolutt alle. Blant dei er Kvam i Hardanger, der heradsstyret vedtok å halde på rådmannstittelen tidleg i 2020.

– Det var eit klart fleirtal for å halde på rådmann. Eitt av argumenta var at Kvam ikkje er kommune, men herad. Dermed blir kommunedirektør problematisk for oss. I tillegg delte ikkje heradsstyret oppfatninga om at rådmann treng å vere ei nemning berre for ein mann, fortel ordførar Torgeir Næss (Ap).

Næss presiserer at han sjølv ikkje høyrde til fleirtalet, og røysta for kommunedirektør av omsyn til kjønnsnøytralitet. Likevel ser han klart argumenta imot.

– I eit målreisingsperspektiv handlar jo dette òg om å byte ut eit norsk ord med eit med fransk/ latinsk opphav. Så personleg synest eg heller ikkje kommunedirektør er noka heldig nemning.

–Synest du ikkje heradsstyret er litt uskikkelege her, sidan de no òg har fått ei sterk føring frå Stortinget om å seie farvel til rådmannstittelen?

– Nei, i grunnen ikkje, så lenge dei ikkje har kome med ein betre avløysar.

– Regjeringa hadde større handlingsrom

Sjølv om det var eit samrøystes storting som vedtok innføringa av kjønnsnøytrale titlar, har fleire representantar kome på andre tankar etterpå. Jenny Klinge frå Senterpartiet er blant dei som røysta for eit framlegg om å verne lensmannstittelen i Stortinget i vinter. «Skal vi ivareta norsk kultur og norsk språk inn i framtida, må det vera mogleg å behalde historiske norske ord og omgrep sjølv om ordet «mann» eller «menn» dukkar opp der,» har ho skrive i eit lesarinnlegg i den lokale nettavisa Trollheimsporten. Klinge og støttespelarane hennar vann ikkje fram, og motstanden ser såleis ut til å vere forgjeves.



Frå 1. januar 2021 vart fylkesmannen til statsforvaltar. Fylkesmannstittelen har òg svært gamle røter og vart førd inn att i nyare tid då dedanske nemninga amt vart erstatta med fylke, i 1919. Foto: Geir Olsen / NTB

Ein av dei ivrigaste forkjemparane for kjønnsnøytrale titlar er Anette Trettebergstuen, stortingsrepresentant frå Arbeiderpartiet og fyrste nestleiar i familie- og kulturkomitéen. Ho var ein av initiativtakarane til stortingsvedtaket og meiner prinsippet om at ein stillingstittel ikkje skal ekskludere eitt av kjønna, er viktig.

– Vi veit at titlar er med på å påverke haldningar. Til dømes lurar sonen min på fire på om kvinner kan vere politi, sidan det heiter politimann. For nokre år sidan vart helsesyster erstatta med helsesjukepleiar, og då såg vi at søkjartala til utdanninga gjekk opp blant menn.

Trettebergstuen er samstundes klar på at stillingstitlar også har ein kulturell dimensjon.

– Titlar handlar jo om tradisjon og kultur, så eg har ikkje noko problem med å skjøne at også kvinner kan vere stolte av å vere lensmann. Og eg synest regjeringa kunne lagt meir arbeid i avløysartitlane for å ta betre vare på det kulturelle aspektet.

Ordlyden i stortingsvedtaket frå 2019 er: «Stortinget ber regjeringen å sørge for kjønnsnøytrale titler i alle av statens virksomheter». Trettebergstuen meiner likevel at regjeringa hadde eit større handlingsrom enn dei har nytta seg av, når dei skulle innføre nye stillingstitlar.


– Eg synest regjeringa kunne lagt meir arbeid i avløysartitlane, seier Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet. Foto: Stortinget

– Stortinget vedtok ikkje kva titlar som skulle endrast, så regjeringa kunne ha freda nokre av dei, til dømes den svært gamle lensmannstittelen. Eg vil jo også seie at avløysaren politiavdelingsleiar er temmeleg preglaus og lite vellukka. Regjeringa hadde òg i større grad kunne ha innført kjønnsdelte titlar, til dømes lenskvinne parallelt med lensmann. Motstanden i folket mot dei nye titlane har vore ganske stor, og det viser at det hadde vore lurt å ta nokre fleire rundar.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja har fått presentert kritikken frå Trettebergstuen, i tillegg til desse spørsmåla frå Norsk Tidend: Fleire av «-manns» titlane er gamle og kan såleis reknast som ein del av kulturarven vår. Har kulturministeren lagt føringar for at denne dimensjonen skulle drøftast i arbeidet med å kome fram til ny titlar? Kva meiner statsråden sjølv om at den vel 900 år gamle lensmannstittelen truleg blir politiavdelingsleiar?

Raja svarar dette i ein e-post til Norsk Tidend:

«Det er heilt klart at mange av desse titlane har historie knytt til seg, som dei fleste av orda i språket vårt. Likevel meiner regjeringa at det er naudsynt med stillingstitlar i offentleg sektor som markerer at stillingane er opne både for kvinner og menn, difor blir eg overraska når representanten frå Arbeidarpartiet ikkje ser den fulle verdien av kjønnsnøytrale titlar. Regjeringa meiner på si side, og har bestemt, å endre dei kjønnsspesifikke stillingstitlane til å bli kjønnsnøytrale i alle statlege verksemder.»

– Bør greie å balansere omsyna

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, er samd i at kjønnsnøytrale titlar bør vere eit utgangspunkt.

– Eg er samd med Stortinget i grunnprinsippet i denne saka. Det offentlege har eit ansvar for å gå framom i likestillingskampen, og då følgjer stillingstitlar med. Noregs Mållag vedtok sjølv å skifte frå formann til leiar tidleg på 1980-talet.

Men titlar er også språklege kulturminne, meiner han.

– Språk og kultur tyder noko for folk, difor har titlar ein verdi og ein maktfunksjon. For berre 100 år sidan vart det lagt ned svært mykje arbeid i å finne gode norske namn på fylka våre, og det var ein jobb for den fremste språkfaglege ekspertisen. Eg synest det er synd at dei same prosessane no i praksis vert avgjorde med eit pennestrøk. Det såg vi når det galdt namn på dei nye fylka etter regionreforma, og no skjer det same med stillingstitlane.

Stortinget kunne lagt fleire føringar på korleis utskiftinga skulle skje, meiner Peder Lofnes Hauge. Han etterlyser bruk av fagleg ekspertise.

– Sjølv om eg som sagt støttar det grunnleggjande i dette, synest eg prosessen med å skifte ut dei gamle titlane har gått for fort. Det kviler eit ansvar på Stortinget her, og dei burde bede regjeringa om å leggje ned meir arbeid i avløysarane. Dei gode titlane kan det vere krevjande å finne, og i Språkrådet har staten eit eige organ for språkspørsmål som kunne blitt spurt til råds i denne saka.

Peder Lofnes Hauge meiner dette handlar om rolla vår som kulturnasjon.

– Noreg må vere i front på både likestilling og kultur. For likestillingsnasjonen er det viktig kva vi skiftar frå, og for kulturnasjonen er det viktig kva vi skiftar til. Reaksjonane på skiftet frå lensmann til politiavdelingsleiar, som eg òg meiner er ein dårleg avløysartittel, viser at dette er noko som også engasjerer folk flest. Vi bør greie å balansere omsynet til likestilling på den eine sida og språk og kultur på den andre på ein langt betre måte.

– La ein skugge over yrkeslivet

Ann-Kristin Olsen har vore både sysselmann og fylkesmann. Ho vart aldri komfortabel med titlane, men meiner ein bør leggje arbeid i nye.

Som sysselmann på Svalbard frå 1995 til 1998 og fylkesmann i Vest-Agder frå 1998 til 2015 veit Ann-Kristin Olsen mykje om å bli kalla for «-mann». Faktisk så mykje at ho i fleire år heldt eit kåseri som heitte «Mitt liv som mann». Ho var òg i si tid den fyrste kvinnelege politimeisteren i landet og har lang erfaring med å vere kvinneleg pioner i mannsdominerte miljø. Olsen skulle helst sett at titlane også følgde med i utviklinga.

– Sjølv om eg vande meg til det, vil eg seie titlane la ein skugge over yrkeslivet. Eg ønskte meg kjønnsnøytral tittel i alle år. Eg spurde folk rundt meg om dei hadde framlegg til gode avløysarar, men alle syntest det var vanskeleg å finne.

Ann-Kristin Olsen ønskte seg kjønnsnøytral yrkestittel både då ho var sysselmann og fylkesmann. Foto: Jan Arve Olsen / Universitetet i Agder

Ho seier tittelen fekk følgjer for korleis embetsleiaren vart omtala.

– Eg opplevde at titlane påverka pronomenbruken. Om nokon i eit møte til dømes sa at fylkesmannen måtte gå på tilsyn, var det alltid han som skulle gjere det. Eg sa fleire gonger ifrå om at eg faktisk ikkje er han, men ho. Det var ikkje så hyggjeleg.

Ann-Kristin Olsen er glad for at stillingstitlar no skal bli kjønnsnøytrale, og er godt nøgd med avløysarane på titlane i embeta ho sjølv har hatt.

– Eg synest både sysselmeister og statsforvaltar er gode titlar, som eg gjerne kunne kalla meg. Men eg skjønar reaksjonane på politiavdelingsleiar for lensmann. Det er ein stussleg avløysar for ein tradisjonsrik tittel.