norsk tidend

Det dristige valet

Han hugsar det som om det var i går, den dagen han bestemte seg for å skriva neste roman på nynorsk. – Det har gjort meg rikare å vera ein tospråkleg forfattar, seier Tore Renberg.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Dei som har lyst til å plassera multitalentet Tore Renberg i ein kulturell bås, kjem til å få store vanskar. Éi forteljing er at han er ein av alle dei unge folka frå Stavanger og omland som gjorde det stort på 90-talet og framover. Pia Tjelta, Kristoffer Joner, Kaizers Orchestra. Renberg har samarbeidd med dei alle saman, både som musikar, skodespelar og forfattar. Med romanane om Jarle Klepp og filmatiseringa av dei tidleg på 2000-talet vart Tore Renberg ein kommersiell suksess og eit namn heile Noreg kjende.

Men historia om den populærkulturelle Renberg er berre éi av forteljingane. Forfattaren har aldri nølt med å uttrykkja stor beundring og kjærleik til den klassiske litteraturen, som han oppdaga tidleg. Han har studert filosofi og litteraturvitskap, og særemnet på vidaregåande handla om forfattarskapen til Tarjei Vesaas. Høveleg nok fekk han òg Tarjei Vesaas’ debutantpris i 1993.

«Man kan ane den store realismens forbilder i bakgrunnen, både Stavangers egen klassiker Alexander Kielland (1849–1906) og noe av humoren og karaktertegningen til Charles Dickens (1812– 1870)», står det i omtalen av forfattarskapen hans i Store norske leksikon.

Sjølv har Renberg slett ikkje noko problem med å vera både låg- og høgkulturell.

– Nei, eg skil ikkje på det høge og låge. Eg har spela fiolin, har mellomfag på Marcel Proust og vore med i masse rockeband. Eg må høyra på både Nitimen og Dagsnytt 18 kvar dag, og eg liker både Hellbillies og Marcel Proust. Den sannaste forteljinga om meg og virket mitt er rett og slett at det er variert. Såleis er det kanskje ikkje så overraskande at eg byrja å skriva på nynorsk, heller.

Vegen til ein tospråkleg forfattar

Han hugsar det som om det var i går, den morgonen i august 2014 då han bestemte seg for å bli ein tospråkleg forfattar.

– Eg var ikkje nøgd med det eg skreiv på då. Eg hadde prøvt forskjellige strategiar for å få det til å bli godt, utan å skjøna kvar det butta. Men akkurat den morgonen då eg vakna, slo det plutseleg ned i meg: Det er nynorsk som er svaret. Eg vart nesten litt elektrisk av heile tanken, for han var så overraskande og djerv. Men eg kasta dei 30–40 sidene eg hadde skrive, og byrja på nytt.

Resultatet av arbeidet vart Du er så lys, som fekk gode mottakingar. Dei neste to kom på bokmål, men i 2020 følgde han opp med ein ny roman på nynorsk, Tollak til Ingeborg, som fekk strålande meldingar og både den prestisjetunge Bokhandlarprisen og Nynorsk litteraturpris. Renberg fortel at forlaget hans, Oktober, ikkje vart like overraska som han sjølv over at han ville bli ein tospråkleg forfattar.

– Responsen var utelukkande positiv, og dei sa berre at dei gledde seg til å lesa. Så den norske bokbransjen er ein skikkeleg stad og ein skikkeleg bokheim.

Siddisen og bokmålsbrukaren Tore Renberg var ikkje redd for at språkkunnskapane skulle bli ei hindring for å skriva nynorsk.

– Eg har generelt god sjølvtillit på det som har med språk å gjera. Difor var eg ikkje så redd for feil, for dei kan ein alltid retta opp seinare. Eg hadde jo ikkje skrive nynorsk på minst 25 år og hadde nok ein del. Eg var derimot litt uroleg for flyten, for som forfattar er eg avhengig av å ha språket med meg utan å bruka så veldig mykje tid på å stussa i det. Men det flaut utruleg godt frå fyrste stund.

Stor Vesaas-beundrar

Trass i at Stavanger ligg svært tett på område med nynorsktradisjon, er det alt anna enn nærliggjande for ein siddis å skriva på nynorsk, meiner Renberg.

– Eg er oppvaksen i ein nynorskforaktande by. For generasjonen til mi mormor vart nynorsk sett på som ein pest og ei plage. Då eg var liten, var det éin nynorskklasse i Stavanger. Og der gjekk ungane til galningar og kommunistar, for å setja det litt på spissen.

Renberg innrømmer at han var uroleg for kva det ville ha å seia for den kommersielle suksessen å skriva på nynorsk.

– Eg var spent på marknadssida ved det, for det heftar ei førestilling ved nynorsken om at han er kommersielt problematisk. Det blir sagt at du sel mindre og får mindre merksemd og færre meldingar. Men det viste seg å ikkje bli noko problem. Snarare tvert om, for det å skriva på nynorsk har gjeve meg fleire mogelegheiter, ikkje færre. Det har nok òg utvikla oppfatninga av kven Tore Renberg er, for det jo er eit ganske dristig val. Så eg liker i grunnen alt ved dette.

Ein kan sjølvsagt ikkje sjå bort ifrå at forfattarskapen var veletablert, meiner Renberg.

– Eg vil ikkje vera naiv, så det må ein jo tru at hjelpte. Men samstundes handlar mykje av dei oppfatningane som er knytte til nynorsken, meir om førestillingar og fordommar og mindre om realitetar anno 2021.

Trass negative nynorskassosiasjonar i barndomen har Tore Renberg lenge hatt litterære førebilete som skriv på nynorsk.

– I familien min var det stor respekt for den nynorske litteraturen, og eg har alltid vore ein stor Vesaas-beundrar. Han har vore ein inspirasjon både til at eg vart forfattar og til at eg byrja å skriva på nynorsk. Vesaas var korkje redd for å sløyfa komma eller preposisjonar, hadde ein heil utruleg metaforikk, og verka er rett og slett superlitterære. Det appellerer heilt intenst til meg.

Renberg fortel at det å byrja å skriva på nynorsk var eit reint kunstnarleg val. Men han meiner likevel det har gått litt politikk i det etterkvart.

– Du oppdagar jo at du er ute og rører i nokre fordommar. Eg, som kjem frå Stavanger, synest tanken om å skriva på nynorsk, var dristig. Det seier jo litt.

Tospråklegheita har utvida forfattarskapen, seier Tore Renberg.

– Eg har nokre indre diskusjonar med meg sjølv om kva språk neste bok skal vera på. Eg har skrive tre romanar om Hillevågsgjengen på bokmål, og eg skiftar sjølvsagt ikkje mål midt i ein serie. Men elles blir det eit tema for kvar ny bok. Nokre av romanane mine synest eg høver best på bokmål, medan andre like gjerne kunne vore på nynorsk. Eg trur korkje Du er så lys eller Tollak til Ingeborg hadde blitt til utan at eg hadde byrja å skriva nynorsk. Så eg var litt uroleg då eg byrja med dette, men eg synest berre det har vore ein rikdom.