norsk tidend

– Det har vore eit eventyr

Siste helga i april er det slutt. Då takkar Magne Aasbrenn av etter fire år som leiar for Noregs Mållag. – Eg trur det er viktig for legitimiteten til nynorsk at du kan vere leiar i Mållaget og seie ‘jæi’ og ‘ikke’ og kome frå Fredrikstad.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Det kom nok overraskande på mange då det i 2016 vart klart at Noregs Mållag skulle leiast av ein østfolding. Hæ, Østfold? Der det korkje har vore ein einaste nynorsk skulekrins eller nynorskklasse nokosinne. Like fullt var det der den unge Magne Aasbrenn, som har budd i den same grenda i Fredrikstad så godt som heile livet, vart målmann. Og såpass til målmann at han var med på skipinga av Østfold Mållag i 1989. Då hadde det ikkje vore organisert målarbeid i fylket på over 70 år. 

Så korleis blir eigentleg ein fyr frå Fredrikstad glødande oppteken av nynorsk? Far eller mor frå nynorskland, tenkjer du kanskje. Men nei, det kan ikkje Magne Aasbrenn skilte med. Han fortel at det var heilt konkrete opplevingar som vekte det språklege engasjementet i han. 

Systemet stemte med dialekten

– Gjennom barndomen vart eg titt og ofte opprørt over kor låg status språket vi snakka, hadde. Eg fekk nesten daglege prov på at østfolddialekten vart sett på som eit språk som berre eigna seg på gata og i revyar. Når folk hadde eit ærend i butikken, la dei om til eit meir bokmålsnært talemål. Og det same gjorde damene bak disken, trass i at dei som regel hadde den same språklege bakgrunnen. 

Då Aasbrenn som nyutdanna norsklærar underviste i systemet i nynorsken, vart det ei openberring for han. 

– Eg såg at det stemte veldig med østfolddialekten. Det galdt særleg bøyingsendingane og pronomentilvisinga. «Jæ likær boka, ho ligger der.» Så eg byrja tidleg å sjå på den skriftlege nynorsken som fagforeininga til dialekten min. Eg har prøvt å skrive radikalt bokmål, men for meg vart det heilt feil. Det radikale bokmålet tek ikkje omsyn til systemet som er i østfoldmålet. Nynorsk er på eit nivå over og høver betre både med dialekten her og dei andre dialektane i landet. 

Magne Aasbrenn er utdanna norsklektor og har jobba i den vidaregåande skulen i meir enn 30 år. Med andre ord har han under vist tusenvis av unge østfoldingar i sidemål. Dei strukturelle likskapane med dialektane har vore inn fallsport til nynorsk både for hans eigne elevar og ungdomane han har snakka for i rolla mållagsleiar. 

– Fyrst får eg dei til å oppdage systemet i dialekten på heimstaden deira. Ungdomane blir ofte litt overraska over at det finst eit system som dialekttalarane nyttar utan å vere klar over det. Og neste teg då er å forklare korleis det systemet stemmer med systemet i nynorsken. På den måten har eg opplevd at ein del unge folk både set større pris på dialekten sin og tilmed vel å bruke han. 

Sjølv om tilhøvet mellom språk og dialekt framleis er viktig for Magne Aasbrenn, fortel han at innstillinga hans til nynorsk har endra seg litt gjennom åra. 

– Då eg byrja å skrive nynorsk, var det nok eit behov for å skrive så nært eigen dialekt som råd, som var motivasjonen. No er det meir den ideologiske tilknytinga mellom nynorsk og dialektane som er den viktigaste for meg. «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld», som Tarjei Vesaas så treffande har uttrykt det. 

Ville gje legitimitet til nynorsken

Aasbrenn vart litt overraska då han vart kontakta av valnemnda i Noregs Mållag våren 2016 og spurt om han ville leie organisasjonen. 

– Sjølvsagt vart eg jo gripen av litt ærefrykt, med tanke på at det er mange flinke folk som har hatt jobben før meg. Men eg såg på det som ei utfordring og syntest det var flott å bli spurd. Reint praktisk hadde eg lang fartstid frå mållagsarbeid i Østfold, som gjorde at eg gjekk litt tryggare inn i rolla. Og ikkje minst la eg vekt på at leiar vervet gav meg sjansen til å bidra til at nynorsken ikkje berre blir eit vestlandsprosjekt. 

Magne Aasbrenn blir klappa inn som leiar på landsmøtet i Bergen i 2016. Foto: Noregs Mållag

Aasbrenn fortel at han var svært spent på korleis organisasjonen ville ta imot ein målmann frå Fredrikstad. 

– Eg trur det er viktig for legitimiteten til nynorsk at du kan vere leiar i Mållaget og seie ‘jæi’ og ‘ikke’ og vere frå Fredrikstad, men eg var litt spent på om vestlendingane ville synest det same. Men der hadde eg slett ikkje noko å frykte. Folk har gjennomgåande sagt at det er så bra at det har kome ein leiar frå Austlandet. Så eg er overraska over kor godt eg har blitt teken imot. 

Sjølv om Aasbrenn har hatt dei fleste arbeidsdagane på heimekontoret i Fredrikstad, har det òg blitt farting. Mykje farting. Eit lokallagsårsmøte der, eit ordskifte der, eit møte med ein ordførar der. Det er ikkje få av lokallagsleiarane i Noregs Mållag som har fått besøk av Magne Aasbrenn, for han er ikkje den som seier nei. Den avtroppande mållagsleiaren er rett og slett veldig glad i folk. 

– Noko av det finaste ved denne jobben har vore møtet med folka der ute. Eg har faktisk vore innom i alle dei gamle fylka gjennom dei fire åra eg har vore leiar. Det å få reise rundt, til kvar krik og krok frå sør til nord, og få møte folk som jobbar for og er engasjerte i målsaka, det har vore eit eventyr utan like. Sjølv om det òg er gøy å jobbe for dei politiske sakene våre i hovudstaden, er det ikkje den delen av jobben som har gjort størst inntrykk. 

Saknar vilje hjå politikarane 

Det er ikkje til å kome frå at politiske gjennomslag er viktig for ein mållagsleiar. Men målarbeid opp mot styresmaktene er sjeldan ein parademarsj, og slik har det heler ikkje vore for Magne Aasbrenn. Noregs Mållag har lenge kjempa for at nynorskelevar skal ha rett
til å halde fram med å gå i eigne nynorskklassar i ungdomsskulen. Det kostar pengar, og trass lovnader om det motsette har ingen av kunnskapsministrane på Magne Aasbrenn si vakt vore villige til å leggje dei på bordet. Aasbrenn trekkjer fram dette som eit viktig vonbrot i den tida han har vore leiar. Men slett ikkje det einaste. 

– Regjeringane i desse fire åra har ikkje – iallfall sett under eitt – hatt som mål å styrkje nynorsk. Det ser vi særleg i sidemålssaka. Det er til dømes ikkje tvil om at samanslåtte karakterar i hovudmål og sidemål på både vidaregåande og i ungdomsskulen vil kunne skade nynorsken. I tillegg er det ein del openberre ting politikarane skulle ha teke tak i, til dømes problematikken rundt at digitale læremiddel og støtteverktøy ikkje er tilpassa nynorsk som undervisningsspråk. At politikarane ikkje skjønar det, synest eg er veldig rart. Ein annan ting eg synest er veldig rart, er at du kan bli lærar på ein nynorskskule utan eit einaste papir frå lærarutdanninga på om du er god eller dårleg i nynorsk. Diverre er det mange politikarar som ikkje ser kor alvorleg dette er for nynorskelevane, ofte fordi dei sjølve kjem frå det sentrale austlandsområdet. 

Magne Aasbrenn er likevel klar på at ein ikkje skal dvele for mykje ved nederlag, og at det òg har skjedd fleire positive ting for målsaka på vakta hans. 

– Eg synest vi har kome godt ut av kommune- og fylkessamanslåingane, med nynorskvedtaket i nye Ålesund kommune som eit klart høgdepunkt. Og det som ikkje gjekk vår veg, får vi håpe organisasjonen får gjort noko med i åra som kjem. 

På årsmøte i Sunnmøre Mållag i 2017. Aasbrenn kallar nynorskvedtaket i nye Ålesund kommune for eit høgdepunkt i karrieren som mållagsleiar. Foto: Maria Moe / Sunnmørsposten

– Eg er ein mild leiar

Ein ting er å prate med folk. Noko anna er den administrative leiinga av eit styre, som ein leiar òg blir prøvt i. Magne Aasbrenn innrømmer glatt at han er best på det fyrste. 

– Det eg er dårlegast på – og minst glad i – er dei formelle reglane rundt eit møte. Eg har nok eit litt vel avslappa forhold til det, og tenkjer at praten må få gå litt av seg sjølv når det sit ein gjeng rundt eit bord. Så der har har eg nok framleis ein veg å gå. Eg trur aldri eg har vore ein formelt perfekt møteleiar, for å seie det slik. 

Som leiar er ikkje Magne Aasbrenn kjent for å slamre med dørene. Han fortel at han har bruka ein del av erfaringane frå lærarjobben i rolla. 

– Eg er nok ein ganske mild leiar. Målet mitt har vore at alle skal bli sett og høyrde, i stor grad inspirert av slik eg meiner det bør vere i klasserommet. Eg synest særleg det er viktig å fange opp usemje før det utviklar seg til steile frontar. I tillegg legg eg vekt på å ikkje baksnakke. Eg synest det er ein god regel at det eg seier om ein person, òg skal kunne seiast til han eller ho. 

Sjølv om Magne Aasbrenn har trivest godt med å vere mållagsleiar, er han klar på at det er nokre ting det òg blir godt å vere ferdig med. 

– Som leiar må eg vere budd på at VG ringjer meg når som helst, for å setje det på spissen. Og då vil dei at du skal meine noko om ting du ikkje har fått tid til å setje deg inn i. Og seier du noko dumt, blir mållagsmedlemmene fort konfronterte med det dagen etterpå. Det ansvaret skal det bli godt å sleppe. 

Også familien – og særleg kona Marit – set pris på at Aasbrenn skal bli litt mindre oppteken framover. 

– Som leiar held eg stort sett fast på vanleg kontortid, men for lokallagsaktivistane våre er jo målarbeid noko som skjer på fritida. Difor blir det ein del telefonar, anten det er på kveldstid eller midt i middagen. Akkurat det trur eg familien min er klar for å bli ferdig med no. 

Vil ikkje gje råd

Magne Aasbrenn fyller 65 år i august. Men den som trudde han hadde tenkt å pensjonere seg no, må tru om att. Etter litt oppussing på hytta på Saltnes – som Aasbrenn grunna koronarestriksjonane presiserer ligg i hans eigen heimkommune – ber det attende til jobben som lærar ved Frederik II videregående skole til hausten. Og det er ingen fare for at Magne Aasbrenn blir ein sjuande far i huset som ropar frå hornet i tide og utide. Han er svært forsiktig når han blir beden om å gje råd til etterfølgjarane. 

– Eg er veldig for å satse på ungdomen, og eg har stor tru på nestleiar Peder (Lofnes Hauge), som valnemnda har innstilt som ny leiar. Så det beste rådet mitt til han og resten av det nye styret må vere å sjå framover, og ikkje leggje for mykje vekt på kva utanforståande måtte meine. Det er dei som har skoen på, som veit kvar han trykkjer. 

Avgangen til Magne Aasbrenn blir ikkje heilt slik avgangar plar vere. Grunna koronasituasjonen blir det planlagde landsmøtet i april utsett til i oktober, og Aasbrenn må vente til dess for blomar og avtakking. Men valet av nytt styre blir truleg gjennomført elektronisk gjennom eit ekstraordinært landsmøte, og 26. april er det difor like fullt slutt. Sjølv om det er litt vemodig, kjenner Magne Aasbrenn seg klar for å setje punktum etter fire år i teneste for målsaka. 

– No ser eg fram til å ta av meg den imaginære ryggsekken med hovudansvaret for den politiske stoda for nynorsken. Sjølv om nokre saker ikkje har gått vår veg, synest eg òg vi har fått til mykje. Alt i alt har eg gjort så godt eg kunne, og eg synest ikkje resultatet har blitt så verst. 

TRE OM MAGNE

Peder Lofnes Hauge, nestleiar i Noregs Mållag

Eg har vore så heldig at eg har fått sitje i mållagsstyret alle dei fire leiaråra til Magne. Ivar Aasen sa ein gong at eit godt år er stutt, medan eit vondt er alltid for langt. Dette har vore fire stutte år. Magne har vakse seg tryggare for kvar einaste radio- eller fjernsynsdebatt. Han har ein inkluderande leiarstil, han lyttar når andre snakkar, og endrar rett som det er meining – om berre argumenta er kvasse nok. På dei mange reisene sine har han møtt lokale målfolk og nynorskaktivistar, og eg trur alle som har fått Magne på vitjing, kan skrive under på at han verkeleg ser dei han møter, at han tar folk på alvor – og at han som regel er den blidaste i rommet. Det er godt å vere saman med Magne Aasbrenn. Takk for innsatsen som mållagsledær, Magne!

Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum

Magne og eg møttest på Fredrikstad stasjon då eg var sjenert tenåring og han, som alltid, var entusiastisk lektor. Entusiasmen smitta og vips var det eit målungdomslag i Østfold. I Aukrust- året 2020 kan eg peike på likskapen med Solan. På Wikipedia står det at han «er morgonfugl, nonchalant og vart ruga ut av egget i eit ospetre nær Glåma. Han er evig optimist.» Om det var ei osp veit eg ikkje, men at denne morgonfuglen har skapt optimisme for nynorsken, er eg viss på.

Lisa Alvestad, leiar i Borgund Mållag

I 2019 var det politisk strid om nynorsk i Ålesund. Magne følgde meg tett opp i arbeidet gjennom hundrevis av meldingar, timevis med telefonsamtaler og fleire besøk til Ålesund. Han har god humor, oppdaga eg. Ein sein kveld berre dagar før målvedtaket skulle gjerast, sat eg på båten heim frå eit politisk møte, då han ringde for å få siste nytt. Eg melde at eg kunne ikkje svare fordi eg sat i lag med nokre av motstandarane i «språkstriden». Då fekk eg kjapt ei melding tilbake: «Hiv dei på sjøen».