norsk tidend

– Det hjelper ikkje om eg ringer til Google

Kunnskapsminister Tonje Brenna og påtroppande leiar i Norsk Målungdom Tobias Christensen Eikeland på landsmøtet i Noregs Mållag 2022. Foto: Kristianne Marøy

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) skulle gjerne ha påverka store selskap som Google meir. Men ho veit ikkje korleis.

– Det at det finst eit engasjement for språk, er enormt viktig, sa kunnskapsministeren frå talarstolen under landsmøtet til Noregs Mållag i april.

– Språk er viktig, nynorsk er viktig og Noregs Mållag er ein viktig organisasjon for heile landet. Språket vårt er under press generelt, og det er særleg vanskeleg å vere nynorskelev fleire stadar i landet.

Bevisstgjering

Brenna er oppteken av at norske elevar skal bli trygge språkbrukarar, som er bevisste på språkleg og kulturell identitet. På landsmøtet oppdaga ministeren at ho og den nyvalde leiaren i Norsk Målungdom, Tobias Eikeland, er oppvaksne i same bydel i Oslo.

– Det er veldig viktig å få fleire unge til å bli som han, som er bevisst på kva språk vi brukar.

Kunnskapsministeren håper at fagfornyinga i skulen kan bidra til andre samtalar og diskusjonar om språk enn tidlegare.

– Eg håper engasjementet for språk vil auke, at elevane kan undre seg over denne verda som språk eigentleg er. Det kjem også nynorsken til gode, meiner Brenna.

Gode intensjonar

Når det gjeld den nye opplæringslova, ville ikkje ministeren seie så mykje. Forslaget til ny opplæringslov frå den førre regjeringa har vore ute på høyring, men er ikkje vedteken enno.

– Men eg kan seie at eg har ingen intensjonar om å nedkjempe dei gode intensjonane som låg i den lova frå før, sa Brenna i april.

Ho nemner språkdelt ungdomsskule som ein positiv del av den nye lova, som ho ynskjer å vidareføre.

Fortvilt rop frå rektorar

Leiar Peder Lofnes Hauge. Foto: Kristianne Marøy

Kunnskapsministeren hadde tid til eit par spørsmål, og først ut var mållagsleiar Peder Lofnes Hauge. Han viste til ei undersøking som Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Nynorsksenteret nyleg gjennomførte, som viser at rektorar på nynorskskular ynskjer hjelp frå staten. Kvifor? Fordi nynorskelevar ikkje får den digitale skulekvardagen på nynorsk som dei har krav på.

– Dette er eit fortvilt rop frå desse rektorane. Vil du svare desse rektorane på ein måte som vil gjere dei nøgde, spurde Hauge til spreidd latter frå salen.

Brenna starta sitt svar med å understreke skilnaden mellom læremiddel og læringsressursar.

– Læremidla er det faglæraren som bestemmer. Det er den pedagogiske fridomen som læraren har, og som eg meiner er bra. Der er det forlaga som har det store ansvaret for å sørgje for at læremiddel er tilgjengelege, svarte ministeren.

Læringsressursar er svært vanskeleg å regulere, og Brenna ynskjer heller ikkje å gjere det.

– Desse ressursane, som til dømes Faktisk.no, er noko som gjer undervisninga levande. Men det er sjølvsagt eit stort dilemma for oss som er opptekne av språk, for mykje er på engelsk.

Kan ikkje påverke Google

Kunnskapsministern fekk òg eit spørsmål om Google frå nyslått leiar av Norsk Målungdom, Tobias Christiansen Eikeland.

– Google blir større og større, og dei har billigare løysingar enn andre. Problemet er at ingen av desse er tilgjengelege på nynorsk. Dette er eit ansvar som Google nektar å ta, sjølv om til dømes Microsoft stør nynorsk fullt ut. Korleis tenker du at vi kan ansvarleggjere Google, spurde han.

Det hadde ikkje Brenna noko godt svar på.

– Vi skulle ynskje at vi kunne påverke desse store selskapa på fleire måtar. Eg er einig i at det er ei stor utfordring. Men eg trur ikkje det hjelper om eg ringer til Google, svarte ho.

Leike, ikkje lære

Ane Landøy. Foto: Kristianne Marøy

Ho fekk òg spørsmål om språk i barnehagelærarutdanninga frå Ane Landøy, leiar i Hordaland Mållag.

Dagens utdanning gir ikkje kunnskap om korleis ein kan førebu borna på å bli nynorskelevar.

– Korleis vil ministeren betre dette, og særleg der nynorsken er i tilbakegang, spurde Landøy.

– Det som er krevjande med barnehage, er at mange tenkjer det er førebuing til skulen. Men det er eigentleg ikkje det, svarte Brenna.

Ein skal leike med språk i barnehagen, ikkje lære språk, sa ministeren.

– Elles er det overlate til det engasjementet som finst der ute. Om til dømes barnehagelæraren har eit anna språk som morsmål, eller ein annan dialekt, som borna tykkjer er spanande.

Vil ha forslag

Stein-Ove Thon. Foto: Kristianne Marøy

Til slutt var det Stein-Ove Thon, leiar i Ål og Hol Mållag, sin tur. Han spurde kva Brenna vil gjere med tilgangen på nynorske læremiddel i opplæringa for vaksne innvandrarar.

Han nemnde mellom anna at nynorsk er ein viktig del av den lokale kulturen, og at det skapar praktiske utfordringar når born av innvandrarar lærer nynorsk medan foreldre lærer bokmål.

– Det å få kommunane til å kjøpe inn nok læremiddel, er ei kjempeutfordring, sa Brenna.

Elles viste ho vidare til ministeren for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, som har dette som sine ansvarsfelt.

– Kom gjerne med forslag, om de har gode idear, oppfordra ho.