norsk tidend

Det mørke bokmålsnettet

Illustrasjon: Kjartan Helleve

INTERNETT HAR KOME for å bli. Det opnar verda og både spreier og jamnar ut tilgangen på kunnskap og
informasjon. Det kan gjere kvardagen vår enklare, men dess meir det grip inn i liva våre dess meir sårbare blir vi. Kven eig personopplysningane dine? Kven eig sanninga?

SOM MED DEI fleste større straumdrag i samfunnet, forsterkar også den digitale utviklinga dei mindretalsulempene nynorskbrukarane møter kvar dag. Det er lett å kjenne seg dum i møte med den smarte teknologien. Den er ikkje alltid så smart, likevel, og det som skulle bli enklare blir fort veldig vanskeleg.

DET ER FINT å kunne styre lyset og varmen i heimen og på hytta frå telefonen sin. Skal du høyre på musikk kan du snakke til ein talestyrt høgtalar som kommuniserer med ei strøymeteneste. Men det hjelper lite om dei ikkje forstår dialekta di. Det finst knapt ei teneste verken frå private eller det offentlege Noreg som ikkje er digitale. Berre eit fåtall av desse er på nynorsk. Det er bokmål og engelsk som dominerer internett i Noreg. Som om det ikkje var nok bokmål i liva våre frå før.

DEI MEST DRAMATISKE følgjene av denne utviklinga ser vi i klasseromma. Berre fantasien set grenser for læringspotensial digitale verktøy og ressursar gjev elevane. Det er avgjerande – og for- venta – at elevane utviklar digital kompetanse. Styresmaktene treng også digital kompetanse – ikkje minst om korleis vi skal setje grenser i det digitale. No rokkar kunstig intelligens (KI) ved heile ideen om utdanning. Det kan skrive, tenkje, analysere og drøfte for elevane – ofte betre enn både elevane og lærarane sjølve. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) meiner vi må «omfamne ny teknologi». Ho sa til VG at ho ikkje er så uroleg for at elevane vil bruke KI til å jukse, i ei sak om Andre Holm Tanderø som hadde vist kor enkelt det var for elevane å bruke KI til å jukse. Nettbrett, smarttavler, omsetjingsprogram og digitale læremiddel dominerer norske klasserom, og knapt noko av det finst på, eller forstår, nynorsk. Elevane får raude strekar under nynorske ord dei har skrive rett.

SJØLVSAGT SKAL VI «omfamne ny teknologi». Vi må gjerne utforske og forstå teknologien saman med elevane. Det bør brukast i læringssituasjonar, men ikkje på sjølvstyr som i dag, utan omsyn for at den digitale skulekvardagen råkar nynorskelevane hardast, og gjev dei ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane får. På internett blir nynorskelevane tvinga til å bruke bokmål.

EG OMFAMNAR UNGANE mine og, men ikkje utan kontroll på kva dei kan og ikkje kan, eller med grenser for kva dei kan gjere og ikkje gjere. Det gjer meg ikkje mindre framtidsoptimistisk på deira vegner. Tvert i mot. Den naive tilnæringa styresmaktene, over tid og i skiftande regime, har hatt til ny teknologi og digitale løysingar må endre seg. Det hjelper ikkje å vere teknologioptimist om ein ikkje syter for at det nye blir betre.

SKAL NYNORSKELEVANE FÅ innfridd retten til opplæring på eige språk, må dei ha same rett til og tilgang på digitale læremiddel som bokmålselevane. Det må vere krav om nynorskversjon av dei læremidla,
læringsressursane og digitale verktøya som faktisk blir brukte i klasserommet. I dag er lovteksten for snever. Det må lovfestast at skulane berre kan bruke skriveprogram som stør nynorsk, utan atterhald. Dette kan Brenna og regjeringa hennar sikre når dei denne våren sender ny opplæringslov til Stortinget.

REGJERINGA STYRER PÅ ei nynorskvenleg plattform. No må dei vise at dei forstår at det krevst politisk handling for å jamne ut det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, også i skulen. I dag får marknadskreftene spele fritt, kjøttvekta telje og fleirtalsmakta rå. Det er kanskje tida vi lever i, men
særleg sosialdemokratisk er de neppe. Dessutan er det stikk i strid med føremålet i den nye språklova. Opplæringspolitikk er språkpolitikk, og den skal styrast av styresmaktene i Noreg, ikkje av private IT-
gigantar i California.

NORSK SKAL VERE det samfunnsberande språket på alle område i Noreg. Då må vi forstå teknologien, korleis vi kan setje rammer for bruken, og ikkje minst korleis vi kan sikre at vi alle kan leve enklare og betre liv på internett – også på nynorsk.