aktuelt

Digital nynorsk

Her er eit oversyn over dei tenestene, programvarene og appane som finst på nynorsk, med instruksjonar for korleis du får dei på nynorsk! Det er viktig at ein skifter språk for å syna igjen i statistikken til produsentane. Då vert det lettare å få andre til å utvikla nynorskversjonar.

Hjelp oss å få Android-telefonar på nynorsk.

Hugs å endra språket ditt i Kontakt- og reservasjonsregisteret. Då vert du registrert med nynorsk hjå dei fleste offentlege tenester. Trykk på «Oppdater kontaktinformasjon» og logg deg inn med BankID for å sjekka eller endra språket ditt.

1: Trykk på startknappen (Windows-ikonet)

2: Trykk på «Innstillingar»

3: Trykk på «Tid og språk» til venstre

4: Trykk på «Språk og område»

5: Trykk på «Legg til språk» under «Foretrukne språk» og finn Norsk (nynorsk)

6: Last ned nynorsk språkpakke

7: Set nynorsk øvst som føretrekt språk og set nynorsk som Windows-visingsspråk

Windows er no på nynorsk

1: Trykk på «Innstillingar»

2: Trykk på «Språk og område»

3: Legg inn nynorsk som språk og plasser det øvst som føretrekt språk

4: Det som finst på nynorsk skal no vera på nynorsk

Merk: Svært mange appar og programvare til Mac har ikkje støtte for nynorsk. Det er også avgrensa mengder nynorsk tekst i operativsystemet. Windows er betre her.

Korkje Google Chrome eller Safari er tilgjengelege på nynorsk per i dag. Last gjerne ned ein nettlesar som stør nynorsk!

Desse nettlesarane er tilgjengelege på nynorsk:

Mozilla Firefox: Finst på nynorsk til både PC, Mac og Linux, og i app til iPhone og Android. Trykk her og vel nynorsk som språk.

Microsoft Edge: Er standardnettlesar i Windows. Edge skal automatisk vera på nynorsk om du har nynorsk som språk i Windows.

Vivaldi: Finst på nynorsk til Windows, Mac og Linux, og som app på Android og iPhone. Dersom du har nynorsk som språk på datamaskina di, vil Vivaldi automatisk setjast som nynorsk. Du kan også endra språket inne i innstillingane.

På iPhone og iPad kan du få tastatur med nynorsk rettskriving, og setja nynorsk som føretrekt språk. Merk at brukargrensesnittet i iPhone og iPad ikkje finst på nynorsk.

For å setja nynorsk som føretrekt språk:

1: Trykk på «Innstillinger»
2: Trykk på «Generelt»
3: Trykk på «Språk og område»
4: Trykk på «Legg til språk»
5: Vel «Norsk nynorsk» og set øvst som føretrekt språk

No skal alle appar som har støtte for nynorsk, automatisk bli sette til nynorsk.

For å få tastatur med nynorsk rettskriving:

1: Trykk på «Innstillinger»
2: Trykk på «Generelt»
3: Trykk på «Tastatur»
4: Trykk «Legg til nytt tastatur» og vel «norsk nynorsk»
No skal tastaturet ha noko betre nynorsk rettskriving.

Slik får du brukargrensesnittet i Android på nynorsk:

1. Trykk på «Innstillinger»
2. Bla ned og gå inn på «System»
3. Trykk på «Språk»
4. Trykk på «Systemspråk»
5. Trykk på «Legg til eit språk» og vel nynorsk.
6. Dra språket med dei to strekane opp til nr. 1

No skal det som finst av appar på nynorsk til Android, setje seg til nynorsk. Merk at Android ikkje kjem med brukargrensesnitt eller visingsspråk på nynorsk enno.

MERK: Android er eit operativsystem der produsenten av telefonen, til dømes Samsung eller Sony, kan tilpassa systemet slik dei ønskjer. Det kan henda grensesnittet er noko ulikt frå mobil til mobil.

Slik får du nynorsk rettskriving på tastaturet i Android

  1. Trykk på «Innstillinger»
  2. Bla ned og trykk på «System»
  3. Trykk på «Tastatur»
  4. Trykk på «Skjermtastatur»
  5. Vel deretter tastatur.

Me er kjende med at standardtastaturet til Google/Android, Gboard, har nynorsk rettskriving. Det same har SwiftKey, som kan bli lasta ned som tastatur.

Dei følgjande appane finst i nynorskversjon. Dersom du har telefonen din på nynorsk, skal dei automatisk bli sette med nynorsk som språk. Du kan også endra språk inne i appane.

Følgjande nettstader har nynorske versjonar, og eigne lenkjer som tek deg rett til den nynorske sida. Trykk på lenkjene nedanfor, så kjem du inn på dei nynorske versjonane:

norge.no

altinn.no

valg.no

vegvesen.no

vy.no

digipost.no (vel nynorsk oppe i høgre hjørne)

lanekassen.no

lottstift.no

NAV har ikkje nettsider på nynorsk enno. Du får skjema på nynorsk.

Politiet.no har ikkje nettsider på nynorsk enno.

Posten har ikkje nettsider på nynorsk enno.