aktuelt

Hjelp oss å få Android-telefonar på nynorsk

Burde ikkje mobiltelefonane våre vera på nynorsk? Vi treng hjelpa di til å gjera noko med det, og det tek berre eit minutt! Under følgjer ei enkel oppskrift.

Det einaste du treng for å kunna bidra, er ein google-/gmail-konto. Du blir beden om å logga inn på google om du ikkje er det frå før, dvs. med e-postadressa og passordet ditt i gmail.

Kva gjer du? Gå til denne nettsida:

https://issuetracker.google.com/issues/160714156

Då ser du skjermbiletet under. Her klikkar du på den blå knappen oppe til høgre (som har gul sirkel rundt seg i skjermbiletet vårt). Då vil du sjå at talet går opp med 1, og du har gjeve ei røyst til at dette skal prioriterast av dei som utviklar Android-funksjonane, og at nynorsk er viktig for mange.

Et bilde som inneholder tekst, programvare, Dataikon, Nettside

Automatisk generert beskrivelse

Bra jobba! Vil du bruka eit minutt eller to til? Rull ned til botnen av kommentarsida også, og legg inn ein kommentar om at du ynskjer nynorsk, slik du ser her:

Et bilde som inneholder tekst, skjermbilde, programvare, Nettside

Automatisk generert beskrivelse

Ekstra bra jobba! Om du har endå meir tid, har vi laga ei samleside over program og appar som finst på nynorsk, med oppskrift på korleis ein skiftar språk. Vi oppmodar alle om å skifta til nynorsk der det er mogeleg, for å visa leverandørane at dette er noko vi vil ha!

Her er ei samleside for alt som finst på nynorsk digitalt.

Tusen takk for hjelpa!