aktuelt

Digitale motivasjonsseminar for alle

Noregs Mållag inviterer til digitale motivasjonsseminar. Dei er opne for alle.

Det blir seminar om lag ein gong i månaden med ei innleiing etterfølgt av spørsmål og kommentarar. Kvar seminarkveld tek opp eitt aktuelt emne og skal berre vare ein times tid. Det er gratis å delta og ikkje nødvending å melde seg på på førehand.

Det skal vere innleiingar som høver for både store og små lokallag, og som skal vere interessante uansett kvar i landet ein held til. Vi skal framleis invitere til både sentrale og meir regionale seminar. Å få til desse digitale seminara skal vere eit supplement til den vanlege drifta.

Førebels er det sett opp desse emna. Klikk på kvar lenkje for å lese meir om programmet for kvar kveld.

Tysdag 22. november: Språkkafè som studiearbeid

Måndag 5. desember: Nynorsk i skulen og lokale mållag

Måndag 9. januar: Tid for årsmøte – spesssial! (NB! Dagtid)

Måndag 9. januar: Tid for årsmøte – spesssial!

Torsdag 2. februar: Godt økonomiarbeid er godt målarbeid