norsk tidend

Ei nynorsk lærarkrise?

I somme norske klasserom blir nynorskelevar underviste av lærarar som ikkje kan nynorsk. Korleis kan det skje?

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Vi er vane med å tenkja på læraren som ein fagleg autoritet, ein som kan både gongetabellen, skrivereglane og meir til. Likevel har det ei god stund blitt uttrykt uro over skrivekunnskapane hjå mange lærarstudentar. Er dagens lærarar budde på ein kvardag der dei skal undervisa nynorskelevar? 

– Veldig nervøs

Då Ingelin Ida Marie Hansen frå Løten gjekk på lærarutdanninga, var tanken om å skulla undervisa nynorskelevar heilt fjern. 

– «Det går bra, for eg skal jo ikkje jobba på ein nynorskskule, uansett», hugsar eg at eg tenkte om nynorsk. 

Men livet ville det annleis. Ho hamna på Stord, der ho fekk jobb på mellomtrinnet. 

– Eg hugsar at eg var veldig nervøs i byrjinga, og eg var nøydd til å førebu meg veldig godt. Eg såg for meg timen, og kva for ord som kunne koma på tavla, slik at eg fekk slått opp orda eg ikkje kunne. 

For lærarutdanninga var ikkje til rare hjelpa for ein nynorskskrivande lærar med bokmålsbakgrunn, meiner ho. 

– Det var ei heilt tydeleg forventning om at me hadde lært det på vidaregåande, for me hadde ikkje noka undervisning i nynorsk. Eg hadde fordjuping i norsk, men utover det fyrste av fire studieår skreiv me ikkje noko nynorsk i det heile. 

Nivået på studentane var jamt over veldig dårleg, fortel Hansen. 

– Eg hugsar ein medstudent ein gong fekk tilbakemeldinga «skremmande dårleg» om nynorsken sin. Eg var nok ikkje veldig god, sjølv, heller, men ikkje av dei svakaste. Og eg har eigentleg heile tida hatt eit ganske positivt forhold til nynorsk, og det hjelper. Eg trur ein del av dei som eg gjekk i lag med på lærarutdanninga, ville hatt store utfordringar med å undervisa nynorskelevar, og mange ville sikkert heller ikkje teke ein jobb på ein nynorskskule. 

Hansen fortel at ho er blitt langt meir komfortabel med å undervisa nynorskelevar etterkvart. Ho seier det hjelper å jobba på ein skule der majoriteten av lærarane er lokale, og nynorsk er det tydelege brukspråket. Nynorsk må bli meir synleg på alle utdanningsnivå for at lærarane skal bli meir førebudde på det som ventar dei, meiner Ingelin Ida Marie Hansen. 

– Både i skulen og på lærarutdanninga burde det vera meir nynorsk i undervisninga, og møtet med nynorsk i skulen bør ikkje berre skje gjennom grammatikk. For motivasjonens del trur eg òg det vil vera lurt å snakka meir om at det er mange av jobbane der ute der du faktisk må kunna det. Det er det mange som ikkje tenkjer over. 

Nynorskundervisninga i skulen og på lærerutdanninga er for skrinn, meiner Ingelin Ida Marie Hansen. Foto: Lars Bakka

– Bokmål og nynorsk om kvarandre

«Tone» er mor til ein elev på ein nynorskskule ein stad i den nynorske randsona. Ho har til tider vore fortvilt over nivået på nynorskkunnskapane til lærarane. Ho heiter ikkje Tone, men ho har ikkje lyst til å stå fram med namn. Det er inga sosial vinnarsak å gå ut offentleg og kritisera lærarane til barnet ditt for manglande fagkunnskap. 

Dei tre fyrste åra på barneskulen hadde dottera fleire lærarar som ikkje kunne nynorsk i det heile teke, mellom anna kontaktlæraren, fortel «Tone». 

– Rettskrivingsnivået var gjennomgåande veldig dårleg. Det var nynorsk og bokmål om kvarandre i skriva som ungane som fekk. Eg kunne sjå setningar av typen «Det har vært ein fin veke». Andre døme er feil pronomen og fullstendig mangel på kontroll på -ar og -er-endingar. 

– Visste lærarane sjølve at dei skreiv feil? 

– Nei, det trur eg ikkje. Dette var tilflytta lærarar som aldri hadde skrive noko nynorsk utanom norskundervisninga. Eg trur dei berre skreiv i veg, og så prøvde dei å putta inn eit nynorskord inniblant for å få det til å høyrast nynorsk ut. 

«Tone» fortel at ho møtte velvilje hjå skulen då ho tok opp saka. 

– Lærarane var både audmjuke og opne om at dei ikkje kunne nynorsk, og det har blitt gjort tiltak frå rektor si side for å betra situasjonen. Så sjølv om eg har lagt vekt på å leggja dette fram på ein svært diplomatisk måte, vil eg seia eg har vore heldig i måten eg har blitt teken imot på. Det er ikkje alle lærarar som hadde tolt kritikken så godt. 

«Tone» etterlyser ei meir aktiv rolle frå kommunane for å sikra at lærarar ikkje blir sende ut i skulen utan å kunna nynorsk. 

– Det skal ikkje vera mi oppgåve som forelder å seia ifrå om at skriveundervisninga er for dårleg, det er noko kommunen burde ha teke tak i. Me ville ikkje godteke at ein mattelærar som ikkje kunne fem gonger tre, skulle undervisa ungane våre i matte, eller at ein engelsklærar som skreiv «Ai æm» for «I am» skulle ha engelskundervis ning. Så når kommunar tilset lærarar som ikkje kan nynorsk, må dei sørgja for at dei lærer det, helst før under visningsstart. Dette handlar jo om kva ungane våre har krav på, og eg synest ikkje det er bra nok når det blir så store kunnskapshol hjå lærarane. 

«Tone» meiner både skulen og kommunen sviktar mandatet sitt. 

– Med så mykje bokmål som ungane møter, både her hjå oss og andre stader, får dei tidleg ein fot
i bokmålland. Då må skulen vera ekstra merksam på rolla si, og vera ei motvekt til bokmålsdominansen i samfunnet elles. 

– Kva trur du hadde skjedd om du ikkje hadde teke opp saka med skulen? 

– Det veit eg rett og slett ikkje. Eg har opplevd dei andre foreldra som støttande når eg har teke opp dette, men det er ikkje alle dei som kan nynorsk så godt. Då er det heller ikkje så lett å oppdaga og reagera på feila. 

Dottera slit framleis med følgjer av dårleg skriveundervisning frå dei fyrste åra, meiner «Tone». 

– Det er mange innlærte feil som heng att, og ein del grunnleggjande kunnskap eg synest manglar. Eg hadde venta meir så langt opp i barneskulen som ho har kome no. 

«Tone» er ikkje den einaste forelderen som har opplevd dårlege rettskrivingskunnskapar hjå lærarar. Norsk Tidend har vore i kontakt med fleire foreldre i dei nynorske randsonene som kan fortelja om skriv fulle av feil, bokmål på tavler på barnesteget på nynorskskular og til dels ei lite profesjonell haldning til rettskriving blant lærarar. Ei mor fortel at den ansvarlege leiaren i kommunen viste til at alle lærarar har formalkompetanse i både bokmål og nynorsk, då ho tok opp problemet. 

Møtet med skriveopplæringa gjekk ikkje som «Tone» og dottera hadde venta. Dei opplevde at fleire av lærarane ikkje kunne nynorsk. – Det var bokmål og nynorsk om kvarandre, seier «Tone» om skriva som kom frå skulen. Illustrasjonsfoto: Shutterstock

– Fagkunnskap må gå framom nynorsk

Korleis opplever kommunane skrivekompetansen blant lærarane? Fleire rektorar Norsk Tidend har spurt, uttrykkjer òg uro over nynorskkompetansen hjå ein del lærarar med bokmålsbakgrunn. 

Ein som innrømmer at det kan vera vanskeleg å skaffa lærarar som kan nynorsk, er kommunalsjef for oppvekst og kultur i Gol, Hallvor Lilleslett. Hallingdalskommunen har vel 4500 innbyggjarar og éin skule, som er språkblanda. Lilleslett seier kommunen i visse situasjonar må prioritera fagkompetanse framom nynorskkunnskapar. 

– Det kan til tider vera utfordrande å få tak i lærarar med rett kompetanse, særleg dersom det oppstår behov i skuleåret. Me tilset lærarar ut frå ei totalvurdering. Kor godt ein kan nynorsk, er éin av fleire faktorar me må leggja til grunn, men det vil ikkje vera avgjerande aleine. I somme situasjonar er det ikkje gjeve at me kan velja lærarar som kan nynorsk, og då må den spesifikke fagkunnskapen gå framom. 

Lilleslett fortel at kommunen opplyser om at nynorsk er opplæringsmålet i Gol kommune når dei tilset, men at ein del av lærarane ikkje er vane med å nytta språket. Situasjonen er ikkje dramatisk, meiner han. 

– Nynorskkompetansen blant lærarane er god på ungdomstrinnet, men meir varierande på barnetrinnet. Det vil alltid vera rom for forbetringar, og det gjeld også på dette området. 

– Kva har kommunen gjort til no for å få lærarar som i utgangspunktet ikkje er i stand til å undervisa på nynorsk, til å bli det? 

– Utover vanleg rettleiing som ein har til kollegaer, og medarbeidarsamtalar, er det ikkje sett i verk spesielle tiltak. 

– Men då vil de jo ha lærarar i undervisning på Gol skule som anten underviser på bokmål eller på feil nynorsk? 

– Det kan vera slik. Det er ikkje gjeve at det er slik. 

Hallvor Lilleslett seier at nynorsken står svakt i heile Hallingdal, og at fleire og fleire i Gol vel bokmål for ungane i skulen. 

– Er ikkje kommunen med på å nøra opp under eventuelle dårlege haldningar til nynorsk blant foreldre og elevar i Hallingdal når de har lærarar i arbeid som ikkje kan eller er dårlege i nynorsk? 

– Nei. Me tilset som sagt lærarar ut frå ei totalvurdering av kompetansen. 

– Så godt som alle lærarar er på papiret kvalifiserte til å undervisa i nynorsk som hovudmål. Når de opp lever fleire lærarar som ikkje er det i praksis, kunne det vore nærliggjande å ta det opp med styresmaktene som er ansvarlege for kvaliteten på utdanninga. Har de gjort det? 

– Nei, eg har ikkje opplevd dette som eit problem før, og difor har me ikkje det. 

Lilleslett seier likevel at han ser at det kan vera behov for kompetanseheving hjå nokre av lærarane i kommunen. 

– LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) skal no lansera eit nynorskkurs som er særleg retta mot skulen. Det må me sjå på og vurdera om nokon av våre lærarar kan ha utbytte av eit slikt kurs. 

– Er du uroleg for at skriveopplæringa til nynorskelevane på Gol ikkje er god nok? 

– Eg har ingen indikasjonar på at det er slik, nei, så eg er ikkje uroleg for det. 

Kommunalsjef Hallvor Lilleslett i Gol og høgskulelektor Hjalmar Eiksund ved Høgskulen i Volda. Foto: Jo Straube (Lilleslett) og privat

– Blir presenterte for nynorsk for seint

Det er ikkje berre blant lærarar på dei lågare klassetrinna manglande nynorskkunnskap er eit problem. Hans-Olav Enger er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og underviser framtidas norsklektorar. Han er klar på at nivået blant studentane burde vore langt betre. 

– For mange kan for lite. Og vi får diverre ikkje retta opp veldig mykje av etterslepet frå skulen her på universitetet. 

Enger meiner det er fleire grunnar til at ein del av studentane kan nynorsk dårlegare enn dei burde. 

– Mange av studentane blir lite eksponerte for nynorsk, både i og utanfor skulen. I tillegg merkar eg at ein del er dårleg trena i å bruka ordbøker og andre oppslagsverk,
og innanfor norskfaget er dei nok heller ikkje så vane med å handtera den typen kunnskap der det finst to strekar under svaret. 

Ved Høgskulen i Volda ligg truleg den einaste etterutdanninga for lærarar i nynorsk spesielt. Nettstudiet Nynorsk i opplæringa starta opp i 2005 og har studentar frå heile landet. På kurset får studentane både undervisning i nynorsk og korleis ein skal undervisa i nynorsk. Høgskulelektor Hjalmar Eiksund er fagansvarleg for dei to kursa høgskulen tilbyr hausten 2019. Ein god del av studentane oppgjev at eiga nynorskundervisning ikkje har vore grundig nok, fortel han. 

– Studentane tek kursa våre fordi dei har merka at dei ikkje meistrar nynorsk så godt som dei ønskjer. Det er det to openberre forklaringar på, anten at ein sjølv har vore lite motivert for å læra nynorsk, eller at måten skulen presenterer nynorsk som sidemål på, har vore for dårleg. Dette er gjerne to sider av same sak. Studentane fortel at sidemålsundervisninga ofte tek til for seint, at undervisninga gjerne vert teken for lett på, eller at det er lite støtte for å læra nynorsk i nærmiljøet. 

Eiksund meiner dårleg nynorskkompetanse blant lærarar kan vera ein negativ spiral utdanningsnivåa imellom. Han meiner det må gjerast grep på alle nivå for å få auka nynorskkompetansen blant lærarar. 

– Vi har kome langt om det som står i læreplanen faktisk blir gjennomført. I dag blir mange elevar fyrst presenterte for nynorsk som sidemål på ungdomsskulen, sjølv om læreplanen seier det skal skje tidleg på barneskulen. Å løysa problemet med manglande kompetanse krev at også lærarutdanningane tek nynorskopplæringa på alvor. Der blir det lagt til grunn at studentane kan nynorsk frå før, men her bør ein nok i større grad ta for seg den studentmassen ein faktisk har. Lærarar bør ikkje bli uteksaminerte utan å kunna både bokmål og nynorsk. 

Eiksund fortel at Høgskulen i Volda har noko skriveopplæring i nynorsk integrert i eit av dei ordinære kursa i lærarutdanninga. 

– Vi tek opp emne som førebur elevane på jobb ved ein skule der nynorsk er hovudmål, fordi vi veit at problemstillingane på desse skulane er andre enn på bokmålsskular. 

Å vera ein god lærar i nynorsk handlar ikkje berre om å kunna nynorsk, presiserer Eiksund. 

– Noko av det viktigaste skulen gjer for elevane, er å tematisera tidleg at det er skilnad på nynorsk og bokmål, til dømes gjennom å prata om at noko er rett på bokmål, og noko anna på nynorsk. Det vil styrkja kompetansen til elevane i nynorsk, som igjen vil styrkja dei positive haldningane, anten vi snakkar om nynorsk som hovudmål eller som sidemål. 

Hjalmar Eiksund går langt i å frikjenna lærarane for manglande kompetanse og dårlege haldningar. 

– Eg vil nok tru dei fleste lærarar gjer så godt dei kan med det dei har fått utdelt av kompetanse. Og haldningar til noko handlar jo ofte om ein er trygg eller ikkje. Er ein negativ til noko, er det ofte fordi ein sjølv ikkje meistrar det.