norsk tidend

Ein smålåten jærbu frå Europa

Arne Garborg var ein av våre fremste intellektuelle – og den kanskje aller viktigaste målmannen vi har hatt. I år er det 170 år sidan han vart fødd, og Gudleiv Bø skriv her om korleis han har vore med på å forme oss.

TEKST: GUDLEIV BØ

Finst det eit liv etter døden for diktarar? Kan ein forfattarskap overleve? Korleis? For hundre år sidan – akkurat no denne våren – feira Norge eit litterært jubileum som var slik at knapt nokon har sett maken – Arne Garborg fylte 70 år!

Alle aviser skreiv om jubilanten. Og sjølvsagt var den norske eliten på plass med taler og blomar heime hjå Arne og Hulda på småbruket Labråten i Asker. Men så kuppa sjølve nasjonen heile festen! For Noregs Ungdomslag hadde halde ei landsomfattande pengeinnsamling; Garborg fekk svimlande 85 000 kr og ein hest! Som ei folkegåve frå

einskildpersonar og lag over heile landet! Olav Midttun var formann i Noregs Ungdomslag og heldt tale: Pengane skulle vitne om «den kjærleik, godvilje, takksemd og høgvyrdnad vi alle hyser for Dykk, og De skal gjenom dei kjenna dei varme hjarteslagi fraa heile folket som i dag bankar mot Dykk».

Arne Garborg i yngre dagar. Foto: henta frå Arne Garborg : ein biografi av Tor Obrestad (1991)

Lydde medan andre tala

Kva for diktar opplever noko liknande? Kva var det med denne blyge mannen, som helst gøymde seg unna og lydde medan andre tala? Svaret må vere at han skreiv slik at han gjennomlyste norsk og europeisk historie klårare enn nokon; folk kjende seg att, han viste dei ting dei ikkje hadde lagt merke til før; derfor blei han hovding og symbol for ei folkerørsle.

Denne folkefesten viser oss ein diktar som verkeleg levde – i medvitet til folket sitt – i samtida. Men har han overlevd? Han er ikkje lenger obligatorisk pensum i norsk skole. Der deler han rett nok lagnad med alle norske diktarar, for ingen konkret diktar er lenger obligatorisk i skolen, så underleg det kan synast. Sjølvsagt finst det særskilt interesserte som les Garborg og andre klassiske tekster jamvel om dei ikkje må. Men poenget i denne artikkelen er at klassikarane uansett lever vidare i kvardagen vår – uavhengig av om dei blir lesne av store lesarskarar no i dag. I norsk bokheim står truleg Garborg i ei særstilling i så måte – saman med Wergeland og Bjørnson. Desse tre var meir enn dei fleste med på å forme historia vår. Dei var ikkje bare diktarar, men politisk aktive – så aktive at dei kom til å verke inn på kva retning historia tok. Slik lever dei vidare gjennom den historia som formar oss. Her skal eg nemne nokre døme på korleis Arne Garborg bidrog til historia vår. Med mykje av innsatsen fekk han rett nok god hjelp av den meir praktiske kona si, Hulda; han var inspiratoren – ho sette ideane ut i livet.

Inspirerte ei folkerørsle til målsaka

Utan desse to ville neppe nynorsken ha nådd ei slik utbreiing som den har fått. Sjølvsagt var det Ivar Aasen som skapte nynorsken. Men på eiga hand nådde han ikkje veldig mange med ideane sine. Lenge var det bare ein krins av intellektuelle entusiastar som visste om han og let seg overtyde av ideane hans. No var det også meir allmenne straumdrag ute i Europa som stimulerte dei same ideane. Og i tillegg til Ivar Aasen var Aasmund Olavsson Vinje tidlegare ute enn Arne Garborg som vegbrøytar for nynorsken. Men det var Garborg som meir enn nokon annan makta å inspirere ei folkerørsle for målsaka. Det var han som vart hovding og symbol for «det nasjonale Venstre», og han var den ideologen som framfor nokon annan nådde fram til opinionsdannarane med ei prinsipiell politisk og pedagogisk grunngiving av Aasens idear.

Med kona Hulda og sonen Arne Olaus, kalla «Tuften», i 1890. Paret fekk ikkje fleire barn. Foto: Ola Andreas Stang Geelmuyden, Oslo Museum

Ein viktig grunn til at nynorsken overlevde, var sjølvsagt at den forløyste noko av den beste diktinga vi har på norsk. Og Hulda og Arne Garborg, og «Tuften», sonen deira, hjelpte til å halde liv i diktarane! Familien dreiv nærast eit sosialt krisesenter på småbruket sitt, Labråten i Asker, i dei første tiåra av 1900-talet; derfrå hjelpte dei mange unge diktarar – mellom dei Rasmus Løland, Olav Nygard og Kristofer Uppdal.

Vi må heller ikkje gløyme at utan trugsmålet frå den avanserande nynorsken i tiåra rundt 1905 ville vi kanskje ikkje ha fått bokmålet – i alle fall ikkje så raskt. Fram til rettskrivingsreformene i 1907 og 1917 hadde målfolka rett når dei hevda at vi bare hadde eitt skriftspråk i Norge som var norsk – og dét var nynorsken. Dei som ikkje skreiv nynorsk, skreiv dansk. Men når så reformene kom, må ein undre seg over at folk godtok dei så smertefritt! Truleg har angsten for målrørsla vore ein pådrivar. I Riksmålsbevegelsens historie (1999) skriv Lars Roar Langslet:

Målfolkets agitasjon mot «heimedansken» fant altså klangbunn i tidens sterke nasjonale lidenskaper, og kom derfor til å ramme dypere, også i riksmålsleiren, enn de fleste riksmålsfolk ville innrømme utad. Den beste forsvarslinjen mot landsmålets ekspansjon måtte være å drive fornorskningen [av riksmålet] videre med enda større kraft, mente mange.

Så utan målrørsla hadde vi kanskje skrive dansk framleis? Eller nesten dansk? Slik Asbjørnsen og Moe og Ibsen og Bjørnson gjorde – dansk når det gjeld rettskriving og bøyingslære, men kanskje med «norvagismar» i ordval og setningbygging? Det ville strengt tatt ikkje ha vore så merkeleg; for dansk skriftmål ligg trass i alt temmeleg nære norsk tale. Faktisk nærare norsk tale enn dansk tale! – Målrørsla var altså med å gi oss to norske skriftspråk – nynorsk og bokmål – til erstatning for det eine danske. Og Arne Garborg var både ei drivande kraft og eit symbol for den prosessen som førte oss hit. Slik gikk det til at Norge ikkje lenger deler skriftspråk med nokon annan stat, slik t.d. Belgia og Sveits gjer. Den norske språksituasjonen av i dag har altså ikkje komme av seg sjølv; det ligg medvite arbeid bak – utført av entusiastar – og Garborg var den allsidigaste av dei.

Bunad og Det Norske Teatret

Ein annan synleg arv etter ekteparet Garborg er at bunaden har vorte festplagg i alle samfunnslag og i bygd og by. I mange land finn ein «nasjonaldrakter» som gir berarane ei kjensle av kollektiv identitet. Men dei blir sjeldan nytta utan i samband med framsyningar av folkedans eller annan folklore. Utbreiinga av bunader i Norge er heilt spesiell. Og forklaringa er neppe bare nasjonale kjensler, men truleg vel så mykje ein slags «førmoderne» identifikasjon med bygde-Norge. Dette er nok delvis ein arv frå «det nasjonale Venstre» – der Hulda og Arne Garborg var leidestjerner.

Det same kan ein seie om Det Norske Teatret. Arne hadde ideen, men Hulda sette den ut i livet – til ustanseleg sutring og svartsyn frå Arne! Men så gikk det bra likevel; han levde lenge nok til å få med seg ti-års-jubileet for Det Norske Teatret; og då var han både lykkeleg og overraska. I dag er det same teateret mellom dei største og beste i landet.


Arne og Hulda Garborg var eit mektig par i norsk kulturliv rundt førre århundreskifte, men samlivet var til tider vanskeleg og prega av to svært ulike personlegdomar, avslører dagbøkene til Hulda. Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket

Tuktemeister og byggmeister

Nettopp dét kalla Garborg Henrik Ibsen i den hyllings-artikkel han skreiv til Ibsen på 70-årsdagen hans i 1898. Men denne tittelen høver vel så godt på Garborg sjølv! For Garborg var samstundes radikal, krass og konstruktiv. Og den «moderniseringsprosessen» Garborg stod oppe i, var smertefull og samansett. Det var karakteristisk for Norge at dei mest ihuga pådrivarane av denne prosessen oppfatta seg som «nasjonale», og særleg frå slutten av 1800-talet var dei venstreorienterte sosialt og politisk. Her var Arne Garborg ein sentral ideolog – jamvel om det var god draghjelp å få frå dei historiske omstenda: Overklassa hadde tette kulturelle band til Danmark, og kunne altså skuldast for å vere «heimedanskar»; embetsmennene måtte vere lojale mot svenskekongen – dét kunne òg vere tvilsamt for venstrevridde demokratar. I denne situasjonen vart Garborg ein effektiv forsvarar av underklassa.

I det heile hadde han varme kjensler for dei små og dei utstøytte i samfunnet. Dette møter vi t.d. i romanen Hjå ho mor frå 1886 og i diktringen Haugtussa frå 1895. Men kjenslene for bondeklassa var ambivalente – frå desperasjonen over Enok Hove i romanen Fred (1893) til idealiseringa av Paal i Kvernhusheidi i skodespelet Læraren (1896) og dagbokromanen Den burtkomne Faderen (1899). Truleg var Garborg ein av dei stridaste forsvararane av bondens kår – samstundes som han var den som mest nådelaust raljerte over den norske bonden og «bondekulturen»! Då tenkjer eg først og fremst på den satiriske romanen Bondestudentar frå 1883, der det romantiske idealbildet av «den stolte norske odelsbonden» står fram i ynkeleg karikatur. Også i artikkelen «Bondekultur» frå Fedraheimen i 1886 er han infam; han insisterer på at den norske bonden ikkje har nokon kultur, men bør og kan få det!

Og likevel – han fekk positiv respons frå dei han spotta – kan hende nettopp fordi han ikkje dyrka dei på fråstand; dei må ha kjent langt inn i sjela at han forstod dei – og så stilte krav til dei deretter. Refsinga førte ikkje til sjølvforakt hos dei som vart råka, men til sjølvkjensle. Det må ha vore gjensidig kjærleik på botnen. Derfor den 70-års-festen han fekk oppleve! Denne grunnhaldninga skimtar vi i kritikken hans av Henrik Ibsens Peer Gynt frå 1876: Henrik Ibsen «(…) kjender ikke folket fra hjertesiden, og bliver derfor kold (…) satiren mister sin sande kraft fordi den mangler kjærlighedens grundlag». Sjølv synest eg nok han bommar på Peer Gynt-figuren, men sitatet fortel oss likevel noko viktig om kven Arne Garborg er.

Slik bidrog han til å forme den moderniseringsprosessen som Norge har gjennomgått i dei siste generasjonane. Han fekk også eit livsløp som fall slik at det spegla viktige etappar av moderniseringa. Han vart fødd inn i ortodoksien, sa han sjølv. Som ni-åring vart han fanga av pietismen – då far hans «omvende» seg og vart «frelst». Og som vaksen utdanna han seg inn i opplysningstida og vart ein av dei fremste talsmennene for det moderne gjennombrotet. Etter kvart utvikla han likevel kritisk distanse til moderniteten – slik han såg den utvikle seg i samtida. Likevel kan ein hevde at Garborg – med sine 73 år – nådde å gjennomleve dei viktigaste fasane av den europeiske moderniseringsprosessen.

Viktigare i vår samanheng var det at han også makta å gjennomlyse den med skriftene sine. Dei store straumdraga i norsk historie blir kritisk gjennomreflekterte og analyserte i sakprosaen hans. Der var han aktivist og pådrivar i sjølve moderniseringsprosessen. Det gjeld på dei fleste område av samfunnsutvikling og tankeliv. Han var ein rasande motstandar av klasseskiljet i det aller meste av det han skreiv – sakprosa og skjønnlitteratur. Når vi i dag har relativt liten fråstand mellom samfunnsklassene samanlikna med mange andre land, står vi i skuld til han og dei mange andre diktarane i «det moderne gjennombrotet»; diktarane var opinionsdannarar med stor prestisje på den tida. På privatmoralens område var Garborg frilynt og nytenkjande for si tid: Han samlar ein serie viktige artiklar om dette i boka Fri skilsmisse i 1888. Sjølvsagt var han også mot arrangerte ekteskap – dét viser han svært tydeleg t. d. i Hjå ho mor frå 1890. Og endeleg var han eit vake «vindauge mot verda» innan litteratur, filosofi og teologi.



Labråten i Asker vart heimen til familien Garborg frå 1897. Dei hadde mykje besøk, og huset vart ein samlingsstad for kunstnarar og intellektuelle. Huset er no museum. Foto: Olve Utne

Ein motor i historia

Truleg har han i sakprosaen sin òg vore med på å prege stiltonen i offentleg debatt: Avispolemikken var råare i generasjonane før Garborg. Wergeland og Welhaven og deira samtidige var sintare – i avisspaltene – på kvarandre. Garborg var svært ofte ironisk, og ironien kunne nok svi; men det var ein smilande ironi, som provoserte til motargument snarare enn til skjellsord. Ein ser dette generasjonsskiljet i språkdiskusjonane mellom Garborg og Bjørnson på 1900-talet; Bjørnson heng framleis att i den eldre generasjonens retorikk. Kanskje står debattklimaet i vår generasjon i skuld til Garborg – når usemje er vegen til innsikt i staden for til fiendskap?

Men det var ikkje bare i sakprosaen sin at Garborg var aktivist og pådrivar i moderniseringsprosessen. For som kjent rådde Garborg over alle skrivesjangrar. I tillegg til sakprosaen kom romanar og noveller, skodespel og dikt. Og der blei dei ulike fasane i dei historiske endringane «kjenslemessig utprøvde» i fiktive «livssituasjonar». Også desse bøkene var innlegg i samfunnsdebatten – og såleis med som motor i historia. Men på eitt område loddar dei djupare enn sakprosaen – fordi skjønnlitteraturen hjelper oss til å forstå korleis det kjendest – å vere Fanny Holmsen i Hjå ho mor – eller Veslemøy i Haugtussa – eller Enok Hove i Fred. – Av Per Petterson og Dag Solstad lærer vi å setje ord på aspekt ved vår eiga og grannen si livsoppleving; og med slik hjelp blir vi medvitne på ein ny måte. Vi kjenner nok att oss sjølve i dei fiktive «personane» til Falkberget og Duun og Garborg også, men i tillegg lærer vi om kvar vi kjem frå; dei fortel oss korleis generasjonane før oss opplevde røyndommen sin. Så her får sjølvsagt Garborg hjelp av mange andre diktarar. Saman har dei klassiske diktarane vore med og stimulert ei innlevingsevne som går på tvers av sosiale og kulturelle grenser. Og sjølv trur eg at raseriet i tendensdiktinga frå 1880-talet og framover har vore med på å drive fram den moderne velferdsstaten. Denne kompetansen for empati på tvers av kulturelle grenser lever vidare som usynlege understraumar i vår tids Norge. Kanskje står også norsk diplomati i skuld til denne arven frå den klassiske litteraturen?

Arne Garborg og dei andre gullalderdiktarane er borte. Likevel lever dei altså vidare gjennom resultata av arbeidet sitt. Men spora bakover mot dei som faktisk var med og skauv på historia, er blitt utydelege. Framleis har skolen ei utfordring i å hjelpe ungdommen til å følgje desse spora.

Gudleiv Bø er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo.