aktuelt

Eit rekordstort Noregs Mållag med store ambisjonar

Peder Lofnes Hauge
Foto: Tuva Maria Åserud

Dei siste åra har medlemene strøymt til Noregs Mållag. Til helga samlar Mållaget seg til landsmøte for å meisle ut ein ny språkpolitikk for Noreg.
– Det Noregs Mållag vedtar på landsmøtet vårt til helga, må bli offisiell norsk språkpolitikk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.


Han går inn i ei landsmøtehelg med ein rekordstor organisasjon i ryggen. Ikkje sidan 1985 har Noregs Mållag hatt fleire medlemer, og no vil Hauge veksle medlemsveksten inn i politiske gjennomslag.
– Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) kjem på møtet, og med krafta frå over femten tusen medlemer skal vi sende henne heim med følgjande bodskap: Den nye opplæringslova må styrkje nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge.
Han er uroa for den digitale skulekvardagen til nynorskelevane.
– Den nye lova må ha ein langt strammare definisjon av kva som vert rekna som læremiddel og såleis skal vere på nynorsk. I dag badar nynorskelevane i bokmål, seier Peder Lofnes Hauge.


– Nynorskelevar er ikkje andrerangs elevar, men får i dag ei andrerangs lese- og skriveopplæring. Difor må nynorskelevane få den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel, læringsressursar og skriveverktøy som bokmålselevane har, seier Peder Lofnes Hauge.

På landsmøtet skal Noregs Mållag vedta både nytt arbeidsprogram for dei fire komande åra og nytt prinsipprogram.
Møtet er på Gardermoen frå fredag 1. april til søndag 3. april.