norsk tidend

Eit språkpolitisk basketak

HARDT ARBEID: - Vi må kjempe mot både likesæle og motstand for å sikre posisjonen til nynorsken, meiner avtroppande stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Sogn og Fjordane sin fremste politikar gjev seg i rikspolitikken. Blant slaga Liv Signe Navarsete verkeleg hugsar, er kampen mot nedprioriteringa av sidemålet i regjeringa i 2012.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Etter 16 år på Stortinget takkar Liv Signe Navarsete for seg. 62-åringen frå Sogndal har sete på Stortinget som fast representant for Sogn og Fjordane sidan 2005, men denne gongen tek ho ikkje attval.

Som stortingsrepresentant, og ikkje minst som partileiar og medlem i Jens Stoltenberg si andre regjering, har åra i toppolitikken gjeve stort rom for å påverke. Sjølv om Navarsete aldri har hatt kulturpolitikk som spesialfelt, er det liten tvil om at ho har teke nokre kampar for nynorsken oppigjennom.

Språk og identitet

– Eg har alltid vore oppteken av tilhøvet mellom språk og identitet, og slik sett har både dialekt og nynorsk vore viktige kampsaker. Det tok til allereie på gymnaset i Sogndal, då eg var engasjert i retten til at nynorske lærebøker skulle kome på same tid som bokmålsbøkene. Det var ei svært aktuell sak då som no.

Liv Signe Navarsete melde seg inn i Senterpartiet i 1986 og har hatt både større og mindre verv. I partiet har det målpolitiske arbeidet handla om å passe på at nynorsken ikkje blir gløymt, seier ho.

– Det er ikkje store ideologiske nynorskkampar i Senterpartiet, men noko blir det jo alltid å ta tak i. Det handlar kanskje meir om ei vaktarrolle, både i programarbeid og i meir administrative saker, som at sentrale dokument skal kome på både bokmål og nynorsk. I partiet er me jo fleire som tek dette ansvaret, til dømes har eg med meg Kjersti Toppe i Hordaland, Marit Knutsdatter Strand i Valdres og Jenny Klinge i Møre og Romsdal, så no er me ein heil liten flokk. Det er veldig bra, for eg tykkjer det er veldig viktig at me held jamstillinga i hevd også internt i partikommunikasjonen.

Som politikar på fylkesnivå opplevde ho arbeidet for nynorsken som temmeleg uproblematisk.

– Nynorsken er rimeleg sjølvsagt i Sogn og Fjordane. Sjølv om vi kunne vere usamde om einskildspørsmål, var det ikkje snakk om nokon kamp i den forstand. Så det var fyrst då eg byrja i rikspolitikken, at eg verkeleg kom borti den slags.

POLITISK USEMJE: Liv Signe Navarsete legg ikkje skjul på at ho kjempa hardt for å stoppe framlegget frå regjeringskollega Kristin Halvorsen om å nedprioritere sidemålet. Foto: Stein J. Bjørge

– Eg var rysta

Som rikspolitikar har Navarsete fått god bruk for det velkjende temperamentet sitt i kampen for den språklege jamstillinga. Og det er særleg éi sak som stikk seg ut, frå tida ho sat i regjering. Navarsete er ikkje nådig i skildringa sitt av framlegget frå dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i 2011 om å gjere store endringar i norskfaget i vidaregåande skule.

– Eg var rysta.

Endringane galdt sidemålet si stilling, og meldinga om dei planlagde endringane fekk regjeringskollegaene over ein regjeringslunsj. Det er eit forum der statsrådane har høve til å lufte saker dei reknar med er temmeleg ukontroversielle, til skilnad frå dei meir formelle regjeringskonferansane.

– Under ein slik lunsj kom Kristin Halvorsen og sa at ho ville gjere endringar som innebar å svekkje sidemålet si stilling, mellom anna gjennom å gå bort frå eigen karakter og eigen eksamen. Navarsete seier lunsjen fekk ein temmeleg høg temperatur etterkvart.

– Eg måtte spørje om att, om eg verkeleg høyrde rett. Framlegget gjekk rett og slett veldig langt, og eg opplevde det som eit hardt åtak på nynorsken. Eg tykte òg det var veldig ubehageleg at dette kom så bardus på meg, utan noko tid til førebuing. Akkurat den dagen var ikkje Magnhild [Meltveit Kleppa] der, som var ein stødig meiningsfelle i slike saker i regjeringa, så eg hadde ingen å støtte meg på heller. Eg måtte berre setje ned foten og seie at dette vart heilt uaktuelt. Det vart rett og slett ein temmeleg hissig debatt mellom meg og Kristin. Eg har sjeldan kjent meg så aleine nokon gong i tida i politikken.

Navarsete seier ho er veldig overraska over at måten dette vart lagt fram på.

– Berre det at nokon kunne kome med dette i ein lunsj og tru det kom til å segle gjennom utan så mykje som eit regjeringsnotat, det må eg seie var ei skilsetjande oppleving. Eg veit ikkje om Kristin hadde diskutert dette med statsministeren på førehand, men ho fekk støtte frå Jens i møtet. Her feilvurderte nok begge kva sprengkraft saka hadde.

Sjølv om fyrste etappe var over etter lunsjen, var kampen slett ikkje avslutta der.

– Saka kom tilbake på meir formelt vis, til regjeringskonferansen. Men då var det i ordentlege former, og det hjelpte. Eg fekk tid til å setje meg inn i argumenta og førebu meg, slik at det vart ryddigare diskusjonar. Endringsframlegga var òg litt mindre radikale enn det vi hadde fått presentert i lunsjen.

Navarsete seier ho tykte argumenta for framlegget var svake.

– Kristin hadde blitt overtydd om at ei nedprioritering av sidemålet er det beste for norskkunnskapane til elevane. Det er eg ikkje samd i. Ein kan alltid dra fram ein eller annan forskar som har sagt det eine og det andre, men at ei munnleg opplæring i sidemål vil vere til skade for nynorsken, meiner eg det er liten tvil om.

– Godt vi var to

Det var eit sjokk at eit slikt framlegg kom skulle kome frå ein regjeringspartnar, seier Navarsete.

– Eg hadde absolutt ikkje venta meg noko slikt frå den sida, særleg ikkje frå SV. Dei er jo eit kunnskapsparti som profilerer seg på skule og kunnskap, og i tillegg har dei ein del nynorskfolk i rekkene.

Navarsete oppfatta arbeidet for å få stoppa framlegget som ein hard kamp, men det lukkast.

– Eg oppfatta ikkje dette som ei sak som var veldig viktig for Kristin personleg, heldigvis. Så då motførestillingane frå andre i regjeringa var så sterke som dei vart, fekk vi slått det tilbake. Men det var godt at eg og Magnhild var to i denne saka, for ho kravde litt politisk handverk av oss.

Frå storpolitikken kan ikkje Navarsete hugse å ha opplevd nokon kulturpolitisk kamp som kan måle seg med denne.

– Ettersom eg sette meg så på bakbeina i denne saka, kan det nok hende regjeringspartnarane skjøna at det ikkje var verdt å bruke kreftene på liknande saker etterpå.

– Aldri heilt ferdige

Som statsråd har Navarsete vore oppteken av nynorskbruken i departementa ho har leidd. Mellom anna tok ho initiativ til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet skulle dele ut pris for «Årets nynorskkommune». I tillegg har ho måtta sende byråkratane på kurs.

– I departementa er diverre nynorskkunnskapane for svake. Det fekk eg merke då eg tok til som statsråd og kravde meir nynorsk enn dei var vane med å skrive. Så det vart mykje kurs, men det hjelpte. Dei vart absolutt flinkare.

Om likesæle eller motstand er det største problemet for nynorsken, synest Navarsete det er vanskeleg å svare på.

– Begge delar kan jo vere svært skadeleg. Motstand såg vi eit døme på i saka eg hadde i regjering, men likesæla er òg noko vi må vere på vakt mot. Når det gjeld etterleving av lovverk, til dømes om offentleg målbruk, trur eg ho spelar ei viktig rolle. Så alt i alt skal vi vere på vakt mot begge delar, og det er nok eit arbeid vi aldri blir heilt ferdige med.

Tidlegare kunnskapsminister Kristin Halvorsen svarar:

Det var selvsagt aldri meningen at dette skulle behandles i en regjeringslunsj og uten et skikkelig saksframlegg, så det er en misforståelse. Jeg visste jo at dette ville være en kontroversiell sak, og det er riktig at det ble luftet i forkant av utarbeidelse av et regjeringsnotat. Det dreide seg om forslag fra en arbeidsgruppe som utarbeidet nytt forslag til læreplan som uansett skulle på en høringsrunde. Det kom mange motforestillinger, ikke bare fra Senterpartiet, men også fra SV og Ap og mange andre miljøer, om å redusere antall karakterer og eksamener i norskfaget. Jeg mente at det er for mye med tre karakterer i norskfaget, og at vi hadde gode forslag til hvordan sidemål kan styrkes. Det er jo dessverre ikke slik at dagens opplæring styrker nynorsk som sidemål. Men etter høringsrunden ble det konkludert med at læreplanen ikke skulle endres.