norsk tidend

Engelsk i akademia: Farleg eller fantastisk?

Bør masterstudentar få undervisning på engelsk eller norsk? Ved Universitetet i Oslo har spørsmålet skapt debatt den siste tida.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Fagmiljøet i lingvistikk ved Universitetet i Oslo (UiO) ønskjer å undervisa masterstudentane sine på engelsk, men møter motbør frå fleire hald. Både delar av deira eige institutt, Språkrådet og fakultetet vender tommelen ned. 

Avslag på søknad 

I vår søkte Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Universitetet i Oslo fakultetet om løyve til å gå over til å undervisa berre på engelsk på masterprogrammet i lingvistikk (språkvitskap). Motivasjonen er mellom anna å rekruttera fleire studentar, og at fagmiljøet i større grad vil kunna konkurrera på den internasjonale scenen. Språkrådet meinte saka var så alvorleg at dei fann grunn til å engasjera seg. I eit brev til instituttet skriv språkdirektør Åse Wetås at framlegget ikkje bør bli ein realitet. Ho argumenterer mellom anna med at språkpolitiske føringar legg vekt på å unngå domenetap for norsk. 

Og Wetås kan jubla, for fakultetet sa nei – iallfall i denne omgangen.I grunngjevinga frå studiedekanen heiter det: «Slik overgang til engelsk reiser en del spørsmål av prinsipiell art.» Studiedekanen skriv vidare at det eksisterande  engelskspråklege studietilbodet ved fakultetet må evaluerast før det blir gjeve grønt lys for nye tilbod. 

– Vi veit for lite 

Saka har òg skapt debatt internt på instituttet. Det var til slutt eit samla styre som vedtok at søknaden skulle sendast, men fyrst etter at han hadde blitt handsama i fleire rundar. 

Ei av dei som er reagerte på innhaldet i søknaden, er Jorunn Simonsen Thingnes, stipendiat ved Senter for fleirspråklegheit på ILN. Ho forskar på språkpolitikk og meiner søknaden frå ILN gav ei mangelfull framstilling av språkval i akademia. 

– Sjølvsagt kan det vera gode grunnar for å velja engelsk iblant. Det som er viktig for meg, er prosessen fram mot ei avgjerd. For at ein skal kunna gå inn for ei slik endring, må argumentasjonen vera god og overtydande. Det synest eg har vore mangelvare i denne saka. 

Argumentasjonen Thingnes snakkar om, er eit notat frå dei fast tilsette ved lingvistikk, som har fungert som kunnskapsgrunnlag for instituttstyret i saka. Ho mei- ner dokumentet sviktar på fleire punkt, og er særleg kritisk til denne utsegna: «[V]i kan ikke se at et lite, forskningsbasert og internasjonalt orientert program som en MA i all- menn lingvistikk er, er en vesentlig arena for norsk domenetap.» 

– Dette meiner eg er svært alvorleg, for det er jo noko som vil gjelda svært mange fag. Dersom alle skulle seia at dei er så små at det ikkje har noko å seia, sit vi jo til slutt att utan norsk fagspråk. Domenetap skjer nettopp som eit resultat av alle enkeltvala små og store fagmiljø gjer. Ein annan stad i skrivet peikar fagmiljøet på at det er meir nærliggjande at nordiskfaget tek ansvar for norsk fagspråk. Det meiner eg blir ansvarsfråskrivande, seier Thingnes. 

Fagmiljøet har plukka ut fakta som byggjer opp under oppfatninga deira, meiner Thingnes. 

– Behandlinga av spørsmålet blir for lettvinn. Argumentasjonen er til dømes at faget vil koma til å tiltrekkja seg fleire internasjonale studentar om det blir undervist på engelsk, men dei tematiserer ikkje om det blir like mange norske studentar som før. Eg reagerer òg på korleis fagmiljøet brukar tilstandsrapporten «Språk i Norge– kultur og infrastruktur», som kom frå Språkrådet i fjor, til inntekt for sitt syn. I rapporten blir det til dømes uttrykt uro både for engelsk- og norskkompetansen i akademia, men fagmiljøet har berre teke med den delen som gjeld engelskkom petanse. 

Med vedtaket frå instituttstyret følgjer ein klausul om at endringa skal evaluerast etter tre år. Det meiner Thingnes er viktig, og ho er nøgd med at studiedekanen sa nei i denne omgangen. 

– Eg meiner det er rett å etterlysa meir kunnskap. Vi veit rett og slett for lite om følgjene ei slik omlegging kan få. 

– Må opna opp for verda 

Ein av dei som er skuffa, er Helge Lødrup. Han er professor i lingvistikk og har skrive under på brevet frå fagmiljøet. Lødrup seier han er overraska over både den interne behandlinga og merksemda saka har fått. 

– Endring av undervisningsspråk er noko som har blitt diskutert på instituttet i nokre år, og eg trudde eigentleg saka var så sjølvsagt at ho ikkje skulle opp i instituttstyret eingong. Eg er difor òg svært overraska over det førebelse avslaget frå studiedekanen. Eg hadde heller tenkt at om vi av ein eller annan grunn ikkje ville ha engelsk som undervisningsspråk, så ville vi blitt pålagt å ha det. 

Lødrup viser til at det finst fleire masterprogram ved instituttet som allereie i dag blir undervist på engelsk. Han opplever at instituttet i stor grad har stått samla bak søknaden. 

– Det har kome ei og anna motførestilling, men stort sett oppfattar eg at vi har vore samde om søknaden. Det var jo òg eit samla instituttstyre som gjekk inn for å søkja. 

Han er sterkt kritisk til at Språkrådet har blanda seg inn i denne saka. 

– Det irriterer meg grenselaust. Dette er eit spørsmål om vi vil opna opp for verda eller ikkje. Og universitetet har dessutan 68 andre masterprogram med engelsk som undervisningsspråk. Kvifor har ikkje Språkrådet sendt brev til alle dei?

– Meiner du Språkrådet ikkje har skjøna greia? 

– Ja, det gjer eg. Dei uttrykkjer at dei er urolege over at engelsk breier meir og meir om seg i akademia. Personleg synest eg den aukande internasjonaliseringa er heilt fantastisk. Vi kjem til verda, og verda kjem til oss. Dagens studentar er mykje flinkare og meir komfortable med å kommunisera på engelsk enn min generasjon var, og det er kjempeflott. 

Lødrup er ikkje uroleg for at færre norske studentar vil søkja seg til studiet om det blir undervist på engelsk. 

– Snarare tvert imot. Eg trur det vil vera veldig verdifullt for dei norske studentane å få studera saman med folk frå heile verda. 

Forskinga er internasjonal av natur, og då er det heilt på sin plass å nytta eit fellesspråk, meiner han.

– Folk snakkar om internasjonaliseringa av akademia som om det er noko nytt, men det er jo ikkje det. Om ein går tilbake til 1800-talet, vart òg mange forskingsartiklar skrivne på den tidas fellesspråk, som var tysk. For språkforskinga sin del vil eg òg leggja til at det er nødvendig at verda får tilgang til den forskinga som blir gjort om norsk språk. Det gjer dei ikkje dersom ho blir skriven på norsk. Sjølv dei av kollegaene på instituttet som jobbar med nordisk språkvitskap, publiserer mykje på engelsk no. 

Helge Lødrup deler ikkje den språkpolitiske uroa for norsk fagspråk.

– Eg interesserer meg ikkje for språkpolitikk, og eg må innrømma at eg ikkje ser kva eg skal vera uroleg for. Vi underviser framleis på norsk på bachelornivå, og eg ser ikkje nokon grunn til å endra på det. Der har vi alle eit ansvar for norsk fagspråk på eit praktisk plan, gjennom å finna norske omgrep for faguttrykka i dei engelskspråklege lærebøkene. Norsk er eit robust språk som kjem til å greia seg godt, seier han.