norsk tidend

Etter stormen i nordvest

Trass mykje rabalder vart Ålesund ein nynorskby, og kommuneadministrasjonen har fått ein endra kvardag. Men leiaren i Borgund Mållag meiner det er for få som ser på vedtaket som ein siger.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Jugendbyen Ålesund lange tradisjonar som eit bokmålsreservat midt i det erkenynorske Sunnmøre. Rett nok har det lenge vore nynorske skulekrinsar og nynorskklassar i utkanten av kommunen, og innflyttarane frå kommunane rundt har hatt rikeleg med potensial til å setje eit skikkeleg nynorskpreg på byen. Men ingenting av dette har rokka ved biletet av at Ålesund er ein bokmålsby, anten ein snakkar om profilering i bybiletet, skulemål eller som administrasjonsspråk i kommunen. 

Det som endra alt

1. januar i år skulle det endre seg. Ålesund vart då ein storkommune, slegen saman med dei fire grannekommunane Sandøy, Ørskog, Skodje og Haram. Alle dei andre kommunane hadde nynorsk som administrasjonsspråk, men var til saman langt mindre folkerike enn storebror Ålesund. Allereie i intensjonsavtalen mellom kommunane frå 2017 vart det likevel slege fast at administrasjonsspråket i den nye kommunen skulle vere nynorsk. Det skulle bli starten på tre år med språkkrangling i nordvest. 

Spaltene i Sunnmørsposten kokte, tillitsvalde for dei tilsette i kommunen var ute i den same avisa og melde at «vi føler det blir påtvunget oss», og ordførar Dag Olav Tennfjord i Skodje endra meining i løpet av valkampen og meinte språknøytralitet er best, likevel. Heilt inn til målstreken var tvilen hjå somme av kommunestyrepresentantane stor, men 15. desember 2019 kunne nynorsktilhengjarane juble. Då vedtok kommunestyret, rett nok med eit nokså knapt fleirtal, at planane frå intensjonsavtalen skulle bli ein realitet. Sjølv om ordlyden i vedtaket ikkje er krystallklar, går vedtaket langt i å slå fast at administrasjonsspråket i nyekommunen Ålesund er nynorsk, og dermed språket som i hovudsak skal brukast i ekstern kommunikasjon. 

– Nynorsk står ikkje sterkt

Lisa Alvestad er leiar i Borgund Mållag og ei av dei som har gjort livet surt for ålesundarar som ikkje ville bli ein del av ein nynorskkommune. Ho er òg kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Ålesund, og  har jobba hardt for at nynorskvedtaket skulle kome i hamn. Alvestad er klar på at vedtaket er viktig for posisjonen til nynorsk på Sunnmøre. 

– Eg synest ikkje nynorsk står spesielt sterkt her. Eg bur sjølv i gamle Haram kommune, der alle har nynorsk som opplæringsmål, men eg har ikkje inntrykk av at folk er spesielt opptekne av at det er nynorsk dei lærer. Eg registrerer til dømes at det er mange av dei vaksne som skriv bokmål på fritida, sjølv om dei er fødde og oppvaksne her. 

Lisa Alvestad meiner det norske samfunnet er blitt meir språktolerant, men at sunnmøringane heng litt etter. 

– Vi har absolutt representantar som er opptekne av kultur og forsvararar av nynorsk på Sunnmøre, men diverre synest eg få av dei unge ser på nynorsk som ei kampsak. Eg kan for så vidt kjenne meg litt att i det sjølv, for eg var mellom dei som skifta til bokmål då eg tok til på vidaregåande skule i Ålesund. Eg håpar dette vedtaket kan vere med på å lyfte nynorsk og gjere det meir akseptert over heile Sunnmøre. 

Språksaka har i større grad vore tema i avisspaltene og i sosiale medium enn den daglege samtalen, meiner Lisa Alvestad. Ho vil likevel ikkje kritisere sunnmøringane for å mangle nynorskengasjement. 

– Det er jo litt av oppgåva til mållaget å skape engasjement rundt språksaka. Så eg meiner vi må ta folk som dei er. Alt i alt synest eg heile prosessen har vore spennande å vere med på, òg trass den motstanden som har kome. 

Lisa Alvestad og meiningsfellane hennar har vore opptekne av at kommuneadministrasjonen må få tid til å omstille seg til vedtaket. Det meiner ho dei har lykkast med. 

– Vi har åtvara folk mot å ta i bruk raudpennen mot tekstane frå kommunen, og eg er veldig glad for at det ikkje skjer. Alt i alt synest eg dei tilsette har gjort ein kjempejobb. 

Nynorsk står ikkje spesielt sterkt blant folk flest på Sunnmøre, meiner Lisa Alvestad, leiar i Borgund Mållag. Foto: Kristoffer Antonsen

– Har vore ganske heftig 

Politikarane har vedteke nynorsk, men det er fyrst og fremst andre som skal setje vedtaket ut i livet. Språkvedtaket får uunngåeleg konsekvensar for arbeidskvardagen til dei tilsette, fyrst og fremst i kommuneadministrasjonen. Mange av dei er ålesundarar og har ikkje skrive nynorsk sidan sidemålsundervisninga på vidaregåande. Så kva gjer ein kommuneadministrasjon som må børste støv av nynorskkunnskapane i ein fyk og ein fei? 

Ingvild Liadal har vore kommunikasjonsrådgjevar i Ålesund kommune i tre år. Som vaskeekte ålesundar med bokmålsbakgrunn fortel ho at det har vore litt av ein overgang å skulle byrje å skrive nynorsk. 

– Eg hadde aldri skrive nynorsk sidan vi hadde det i undervisninga i 9. trinn på ungdomsskulen og i fyrste klasse på vidaregåande. Og sjølv om eg bur i Ålesund, synest eg i grunnen ikkje eg ser det så mykje rundt meg at det er til hjelp. Så det har vore ganske heftig, og eg har ofte kjent meg ganske utrygg. Vi kan framleis skrive mykje av intern kommunikasjon på bokmål, men eg vil tru at om lag 30 % av det eg skriv, er på nynorsk. 

Liadal skjøna med ein gong vedtaket kom, at ho måtte gjere ein innsats for å lære seg nynorsk. 

– Eg har bruka litt av fritida på å lese barnebøker på nynorsk. I tillegg har leiinga heile tida vore hjelpsam, støttande og optimistisk og mint om at vi er mange i same båt, og at vi kjem til å få til dette. Vi har mellom anna fått god rettleiing om kor vi skal gå for å finne hjelpemiddel, og nynorskkurs gjennom jobben. 

Det gjeld å ta konsekvensen av at ein ikkje er like sterk i nynorsk som i bokmål i det daglege arbeidet, meiner Liadal. 

– No i byrjinga har eg med vilje skrive enkle setningar. Sjølv om vi stort sett får andre til å sjå over tekstane før vi sender dei ut, er det ikkje alltid det blir tid til det. Enkle setningar minimerer då sjansen for feil. I tillegg bidreg det til klarare språk, og det er jo positivt. 

Ingen av dei tilsette i kommunikasjonsavdelinga har nynorskbakgrunn. Liadal fortel at overgangen har vore like brå for dei alle, og at dei til no har fått hjelp frå nynorskkunnige i andre avdelingar for å kvalitetssikre tekstane som går ut. 

– Eg likar svært dårleg å sende frå meg noko med feil, det handlar jo om profesjonalitet. Så sjølv no, etter nokre månader, kjenner eg meg framleis ikkje trygg nok til å sende noko ut utan at andre har stadfest at det er rett.

Ingvild Liadal meiner ei god leiing er alfa og omega for bokmålsbrukarar som skal byrje å skrive nynorsk i jobben, men at det ikkje finst nokon snarvegar. 

– Eg kjenner meg i grunnen like utrygg no som då eg starta å skrive nynorsk. Men eg ser jo at eg kanskje kan vere i overkant sjølvkritisk. Så det kjem seg nok sakte, men sikkert. 

Kommunikasjonsrådgjevar Ingvild Liadal (t.v.) og kommunikasjonssjef Christine Røsvik i Ålesund kommune. Foto: privat (Liadal) og Ålesund kommune.

Jobbar med ny språkbruksplan 

Christine Rørvik er fungerande kommunikasjonssjef i Ålesund kommune. Ho fortel at kommunen har vore nøydd til å gjere nokre grep for å auke nynorskkompetansen.

– Vi har mellom anna nyleg tilsett ein rådgjevar i kommunikasjonsavdelinga med nynorskbakgrunn, som skal hjelpe både oss og dei tilsette i andre avdelingar med omsetjing og skriveråd. Sidan ingen i avdelinga har nynorskbakgrunn lenger, og ikkje var vane med å bruke det i kvardagen, treng vi den kompetansen. 

Kommunen er no i gang med ein språkbruksplan som mellom anna skal avklare nøyaktig kva informasjon som skal vere på nynorsk, seier Rørvik. 

– I kjølvatnet av vedtaket har det dukka opp ein del spørsmål blant tilsette om kva type informasjon som skal vere på nynorsk, og kva som framleis skal vere på bokmål. Nokre overordna prinsipp har vi jo, som til dømes at all informasjon på nettsidene skal vere på nynorsk, men det dukkar ofte opp nokre spørsmål i gråsona. Vi treng rett
og slett klare rammer for kva som skal vere på nynorsk, som vi òg kan kommunisere overfor innbyggjarane om dei spør eller klagar. For det hender det dei gjer. 

I samband med språkbruksplanen held kommunen på å gjennomføre ei kartlegging av nynorskkompetansen blant dei tilsette, fortel Rørvik. 

– Vi er litt usikre på kva dei tilsette faktisk kan, og difor sender vi no ut ei spørjeundersøking til alle. På den måten får vi vite kva tiltak som kan gje oss den kompetansen vi treng. 

Rørvik seier ho har fått nokre reaksjonar frå dei tilsette på overgangen til nynorsk som administrasjonsspråk. 

– Reaksjonane har stort sett handla om at folk ikkje kjenner seg trygge, og det er jo ei kjensle ein skal ta på alvor, noko vi mellom anna gjer med den nemnde spørjeundersøkinga. Men med tanke på at det jobbar om lag 7000 i kommunen, så synest eg ikkje eigentleg det har kome så veldig mange reaksjonar. 

Rørvik er nøgd med korleis dei tilsette i kommunikasjonsavdelinga har handtert endringane i arbeidskvardagen, og i motsetnad til kommunikasjonsrådgjevar Ingvild Liadal meiner ho kompetansen har auka. 

– Eg er veldig imponert over stå-på-viljen til å få til dette og tileigne seg ny kunnskap. Vi ser ei klar betring i både effektivitet og språkferdigheiter når vi har halde på så lenge som no. Det hjelper å trene så jamt som dei har gjort. 

Eit godt samarbeidsklima både i og mellom avdelingane er ein viktig faktor i eit godt språkarbeid, seier Rørvik. 

– Sjølv om vi har hatt ein del kursing, er det veldig viktig å bruke kvarandre internt. Før vi fekk den ekstra stillinga, har vi hatt god hjelp frå andre avdelingar med å sjå over og lese korrektur på ting. Det har vore viktig når vi sender ut informasjon til fleire tusen tilsette. 

Det endra administrasjonsspråket har ikkje kravd veldig mykje ekstra ressursar av kommunen, meiner Christine Rørvik. 

– Iallfall no som vi er oppe og går, synest eg i grunnen vi har ein fin flyt på det. Det er klart ein må endre måten ein jobbar på, til dømes gjennom å venje seg til å bruke ordbøker. Men eg synest vi har vist oss tilpassingsdyktige. 

Eva Vinje Aurdal har heile tida stått fast ved at nye Ålesund skulle bli ein nynorskkommune. Foto: Per Staale Bugjerde

– Det har vore ein storm 

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) har vore den fremste og mest profilerte forsvararen av nynorskvedtaket. Ho var ordførar i gamle Ålesund, slik ho er det i nye. Sjølv om ho har møtt mykje motstand, har ho heile tida stått fast ved at intensjonsavtalen skulle bli ein realitet. Aurdal er klar på at ho har opplevd språkstriden som ein storm. 

– Det har vore veldig stor motstand blant innbyggjarane i gamle Ålesund. Sjølv om eg for så vidt hadde venta motstand, er eg nok litt overraska over omfanget. Men det eg er aller mest overraska over, er at det i tillegg har vore ein del openlys motstand blant dei tilsette i kommunen. 

Aurdal legg ikkje skjul på at ho meiner utspela frå dei tilsette har vore kjenslestyrte og lite kunnskapsbaserte, og til tider uprofesjonelle. 

– Sjølvsagt skal tilsette i Ålesund kommune ha lov til å engasjere seg i språkpolitikk på fritida, men eg set spørjeteikn ved rolleforståinga når dei gjer det som tilsette. Mellom anna var verneombodet ute og meinte at dei tilsette ikkje hadde blitt tekne med på råd før vedtaket i kommunestyret. Svaret mitt var då at administrasjonsspråket i Ålesund er ei sak for politikarane, ikkje dei tilsette. Dei skal derimot få vere med i prosessen i etterkant, mellom anna i arbeidet vi no gjer med språkbruksplanen. 

Aurdal meiner den politiske opposisjonen i kommunen har skodd seg på motstanden frå dei tilsette. 

– Som arbeidarpartipolitikar har eg sete i opposisjon i eit Ålesund styrt av Høgre og Framstegspartiet i mange år. Og eg har aldri sett dei to partia vere så opptekne av vilkåra til dei tilsette som i denne saka. 

– Frykta du at språkstriden kunne kome til å koste deg jobben som ordførar i nye Ålesund etter valet i 2019? 

– Eg har iallfall blitt presentert som ho som risikerte ordførarjobben for saka. Og det er nok noko i det, for det har vore dei som har meldt seg ut av partiet mitt på grunn av dette. Men frå dei næraste tillitsvalde i partiet har eg berre opplevd støtte.

– Skjønar du reaksjonane som har kome på at fire småkommunar skal få avgjere målforma i nye Ålesund? 

– Det er ikkje dei som har avgjort det, det er det det nye vi-et som har. Gamle Ålesund har fått med seg både kommunevåpenet og namnet. Nynorskvedtaket er med på å gjere nyekommunen til noko anna enn det som var. Og dersom ein som meg ønskjer at dei to skriftspråka skal vere reelle og jamstilte alternativ, må ein positivt diskriminere det eine. Eg meiner dette òg handlar om at vi tek vår del av eit nasjonalt ansvar for nynorsk. 

Eva Vinje Aurdal kjem frå Stordal på indre Sunnmøre og er såleis innflyttar til Ålesund. Ho meiner dei yngre generasjonane er mindre skeptiske til nynorsk enn dei eldre. 

– Ålesund har, kanskje i motsetnad til ein del andre norske byar, fyrst og fremst vakse grunna tilflytting frå bygdene rundt. Og det er innflyttarane som har tilpassa seg borgarskapstradisjonen, ikkje omvendt. Det har vore akseptert å snakke nedsetjande om «bonespråket» her. Eg ser på språksituasjonen i Ålesund og reaksjonane som har kome, som eit resultat av det som har vore. For dei yngre generasjonane er ikkje det gamle spenningsforholdet mellom by og land det same, og eg har god tru på at den kulturelle kløfta mellom Ålesund og resten av Sunnmøre er i ferd med å forsvinne.