norsk tidend

Etterlyser opnare Utdanningsdirektorat

Snart skal norske elevar få ny opplæringslov. Men kva Utdanningsdirektoratet meiner dei skal ha rett på, risikerer omverda å få vite svært lite om. – Viktig for det offentlege ordskiftet at direktoratet er opne, meiner leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med ei ny opplæringslov, som det er venta skal bli lagd fram for Stortinget i løpet av dei næraste åra. Lova gjev kommunar og andre aktørar plikter overfor skuleelevane i Noreg, og for Noregs Mållag er den nye lova eit høve til å gjere vilkåra for nynorskelevane og for nynorsk i skulen betre.

Men så langt i prosessen har Noregs Mållag blitt skuffa. Fyrste framlegg til ny lov, som vart lagd fram av eit regjeringsoppnemnt utval i desember 2019, var utan framlegg til betringar for nynorskelevane.

– Ei totalvurdering

Det ansvarlege fagdirektoratet for tilhøva i norske skular, Utdanningsdirektoratet, er ein sentral faginstans i arbeidet med ny lov. Direktoratet har bidrege med innspel til arbeidet i opplæringslovutvalet, og deltek no i arbeidet med ny lov hos Kunnskapsdepartementet. Utdanningsdirektoratet har kunnskapsinnhenting som ei av sine oppgåver. Gjennom fleire år har direktoratet mellom anna bede om innspel til nynorskopplæringa gjennom ei eiga innspelsgruppe forum for nynorsk i opplæringa, der Noregs Mållag er blant deltakarane. Blant andre deltakarar er både Språkrådet og Nynorsk kultursentrum.

Men korleis Utdanningsdirektoratet meiner læringstilhøva for barn og unge skal vere i ei ny opplæringslov, risikerer ålmenta å få vite lite om. Så langt har direktoratet berre levert eit overordna høyringssvar på fem sider. Av 57 kapittel i utgreiinga frå utvalet, har Utdanningsdirektoratet valt å gje innspel til 8 av dei.

Cathrine Børnes er avdelingsdirektør i avdeling for opplæringslova i Utdanningsdirektoratet. Børnes vil ikkje gå inn på kva vurderingar som ligg til grunn for kva innspel frå Utdanningsdirektoratet som skal vere offentlege.

– Etter ei totalvurdering har vi i høyringssvaret valt å gå inn på dei overordna problemstillingane som utvalet tok opp. Innspel til andre delar av lova vart gjevne i møte, til dømes i styringsgruppa til Kunnskapsdepartementet.

Børnes meiner det er naturleg at mykje av kommunikasjonen mellom eit departement og deira underliggjande fagorgan skjer løpande og ikkje gjennom høyringsinnspel.

– Utdanningsdirektoratet leverer store og små innspel på opplæringsfeltet til Kunnskapsdepartementet dagleg. Mange av desse er offentlege.

Børnes seier Utdanningsdirektoratet vil vurdere om dei skal sende inn fleire høyringssvar til seinare lovframlegg, men at det ikkje er sikkert det kjem fleire offentlege innspel før lova blir levert til Stortinget.

– Når lovframlegget frå Kunnskapsdepartementet er klart seinare i år, skal vi igjen vurdere det.

– Sidan Mållaget deltek i ei innspelsgruppe for nynorsk i opplæringa i regi av Utdanningsdirektoratet, er det av interesse for organisasjonen å vite kva desse innspela blir brukte til, og om dei blir tekne vidare. Ville det ikkje for slike føremål vore ein fordel om direktoratet gjorde innspela sine offentlege?

– Her må ein ha tillit til at Utdanningsdirektoratet som fagorgan, og også departementet, får med alle relevante innspel. Opplæringslovutvalet fekk mange innspel om nynorsk frå ulike organisasjonar, og dei er refererte i utgreiinga. Utvalet hadde til dømes ikkje mandat til å føreslå tiltak som kostar pengar, slik som språkdelt ungdomsskule.

Etterlyser meir openheit

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner Utdanningsdirektoratet bør vere meir opne om kva faglege innspel dei gjev i arbeidet med ny opplæringslov.

– Direktoratet er den sentrale faginstansen for den norske opplæringa, ikkje ein tilfeldig høyringsinstans. Difor er interessant for det offentlege ordskiftet å vite kva dei meiner, både om nynorskopplæringa spesielt og om opplæringssituasjonen for norske elevar generelt.

Peder Lofnes Hauge meiner Børnes si oppmoding om tillit til direktoratet ikkje held.

– For det fyrste handlar openheit om ein god offentleg debatt, som er viktig i eit demokrati. For det andre har ikkje Utdanningsdirektoratet historia med seg. Direktoratet ber Noregs Mållag om innspel gjennom jamlege møte i forum for nynorsk i opplæringa, noko vi har bruka ein god del tid på oppigjennom. Vi har likevel sett lite til konkrete resultat for nynorskelevane og situasjonen for nynorsk i skulen av det vi har meldt inn.

Lofnes Hauge presiserer at han skjønar at ein del av kommunikasjonen i eit lovarbeid ikkje blir offentleggjort. Han meiner likevel at Utdanningsdirektoratet i kraft av si rolle bør ønskje å vere meir opne om kva dei meiner.

– Akkurat som det er interessant for ålmenta å vite kva Vegdirektoratet meiner er best når det gjeld veg, er det interessant å vite kva Utdanningsdirektoratet meiner er best når det gjeld skule. Men arbeidet med opplæringslova er ikkje over, og eg vonar Utdanningsdirektoratet vil dele meir frå no av.