kalender

Litteratur i krigen – krig i litteraturen

Tid:
18. september 202115.00
Stad:
Stjørdal bibliotek
Arrangør: Stjørdal Mållag og Stjørdal bibliotek

Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek inviterer til eit spanande møte med forfattaren Kjartan Fløgstad laurdag 18. september klokka 15.00 i Vektersalen. 

Kjartan Fløgstad er ein veteran mellom norske forfattarar. Han vart fødd i 1944 i Sauda. I ein kort periode studerte han arkitektur ved NTH i Trondheim, men skifta over til litteratur og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har vore industriarbeidar i heimbyen Sauda og sjømann på eit lasteskip som segla mest på Sør-Amerika. Forfattardebuten kom med diktsamlinga Valfart i 1968. Forfattarskapen er uvanleg rik og variert og omfattar lyrikk, noveller, ei lang rekke romanar, krimromanar, essaysamlingar og ulike former for sakprosa, i alt om lag 50 bøker.

Det har gått tre år sidan Stjørdal hadde Fløgstad på besøk, og denne gongen skal han ta for seg dei fem seinaste bøkene sine under overskrifta «Litteratur i krigen – Krig i litteraturen». I desse bøkene har han stilt spørsmålet om kva som står att frå det han kallar Arbeidarklassens hundreår.

Svara har han gitt i form av essay om det høge og låge i kulturen, som i boka Etter i saumane frå 2016. Trans-Sovjet ekspress (2017) er ei reiseskildring gjennom ruinane som står att etter Sovjet-kommunismen. Gjennom heile forfattarskapen har Fløgstad skrive songtekstar som er tonesette av mange komponistar og gjengitt i Sandharpesongar (2018). Romanen Due og drone (2019) handlar både om det korte hundreåret 1914-1991 og den nye kalde krigen i våre dagar, medan På æren løs frå 2020 er ei historisk undersøking av kva norske forfattarar sto for under og etter den andre verdskrigen.

Billett: 200 kroner

Ting billettar hjå www.kimenkulturhus.no  

Møtet var fyrst planlagt til januar 2021, men er utsett til september på grunn av smittevernsituasjonen.