Feiring av nynorskdagen!
Det er feiring og markering av dagen over heile landet. På Osterøy er det stands, Gloppen og Fedje kommune har heisa flagg, og i Oslo og Trondheim blir det tog.
I år heisa Gloppen kommune flagget på nynorskdagen. Framfor Heradshuset var det markering med flaggheising, appellar ved Arnar Kvernevik, ordførar, Veronica Hauge, leiar i Gloppen Mållag og Nicolai Hauge Ravnestad, leiar i Firda Målungdom. Ola Tennes song «Romantikken gjer meg sjuk» av Stein Torleif Bella, Hege Lothe frå Noregs Mållag leia ordet og stunda vart avslutta med allsong av Nordmannen.
Elevar frå både Sandane skule, Gloppen ungdomsskule, Firda vidaregåande skule og Gloppen opplæringssenter deltok i markeringa.

I dag kan du sjå mellom andre kulturministeren og Jon Fosse ynskja til lukke på Facebook: www.facebook.com/noregsmallag
Statsminister Jonas Gahr Støre helsar alle elevar til lukke med dagen i denne fine videohelsinga.
Nynorsk på Oslo S
Me vil takka Bane NOR for å ha skifta til nynorsk på dei største informasjonstavlene sine på Oslo S, Nationaltheatret, Skøyen, Oslo Lufthamn, Stavanger, Bergen, Værnes og Trondheim S gjennom heile nynorskveka 6. til 12. mai.
Alle er inviterte!
No er det fest, og nokre av oss flaggar, nokre bakar kake, nokre syng Nordmannen på jobb i barnehagen og nokre er på møte med kunnskapsministeren.

Nynorskveka
Me er veldig glade for alle som har brukt ekstra mykje nynorsk i skulen, barnehagen, på biblioteket og mange andre stader i løpet av nynorskveka. Les meir her: www.nm.no/nynorskveka, og skriv gjerne nynorskveka opp i kalenderen din!
Les meir om nynorskdagen!