norsk tidend

Fekk negative reaksjonar av å skifta til nynorsk

Foto: Privat

Då Silje Nathalie Luvåsen skifta til nynorsk i 2018 fekk ho så sterke reaksjonar at ho mista venner.

– Nokon fortalde meg at dei ikkje forstod kva eg skreiv, og frå andre var det generelt svært sterke og negative kommentarar, fortel Silje.

«Silje Nathalie Luvåsen er lærar ved Bjørnholt videregående skole i Oslo, og er vara til styret i Noregs Mållag. Ho skifta til nynorsk då ho studerte til å bli lærar ved Høgskolen i Innlandet i 2018, og har halde fast ved det sidan.

– Først starta eg å skriva nynorsk for å øva meg og læra det. Eg skulle jo bli lærar! Eg skifta Facebook-innstillingar til nynorsk, eg byrja å skriva nynorsk til alle eg studerte med, då var vegen kort til å berre byta heilt.

Fridom

Silje skriv framleis bokmål dersom ho skal ta avstand til det ho skriv, men både bacheloroppgåva og masteroppgåva blei skrivne på nynorsk. Silje fortel at ho set pris på fridomen som finst ved å ha to norske skriftspråk.

– Eg opplever at nynorsken ligg nærmare dialekta, og då ligg han òg nærmare slik eg tenkjer. Det er lettare å få tankane mine ned på eit ark, i skriven form, når eg skriv nynorsk, legg ho til.

I jobben som lærar skriv ho kon- sekvent nynorsk, og det blir stort sett motteke med respekt frå elevane.

– Ein elev spurde meg om folk reagerer på at eg skriv nynorsk, då måtte eg seia ja. Eleven syntest det var rart at folk reagerte på det, fortel Silje.

Betrar haldningane

Det er mange minoritetsspråklege elevar ved Bjørnholt videregående skole, og fleire av desse fortel til Silje at dei blir fortalde at dei er heldige som slepp nynorsk. Silje er overtydd om at det at ho skriv nynorsk på tavla gjer haldningane til elevane betre.

– Elevane vert mindre fordomsfulle fordi dei faktisk møter nokon som skriv nynorsk. Her i Oslo har fleire eit bilete av at folk berre skriv nynorsk på vestlandet, eg viser dei at det ikkje er slik.

– Har du møtt nokon som seier dei ikkje forstår når du skriv på tavla?

– Nokon spurde meg ein gong om eg kunne vera grei og skriva på bokmål heller. Då sa eg nei, og bad dei spørja om dei lurte på noko eller ikkje forstod. Etter det har eg ikkje fått det spørsmålet noko særleg.

– Det er mykje snakk om at elevar i skulen hatar nynorsk. Korleis opplever du dette?

– Eg får ikkje så mange spørsmål om kvifor vi skal læra det. Om dei spør, fortel eg at dei lærer dette for å delta i eit demokrati. Dersom dei no ikkje forstår nynorsk, skal dei ekskludera dei 600 000 som nyttar det? Eg opplever ikkje at elevane er så negative som mange seier, fortel Silje.

Nynorsk er hjartespråket til Silje. Ho tykkjer det er snodig at ikkje fleire har sett samanhengen mellom nynorsk og hedmarksdialektane. Her framfor eit portrett av Ivar Aasen på Det Norske Teateret.

Tryggare elevar

Silje underviser i faget teknologiforståing i tillegg til norsk, og også desse timane går føre seg på nynorsk. Det er viktig, meiner Silje.

– Eg trur elevane blir tryggare i å skriva nynorsk og mindre fordomsfulle av at eg sjølv brukar det i alle høve. Og så får dei jo veldig mykje gratis ved at eg skriv nynorsk på tavla.

Ikkje berre negativt

Sjølv om elevane ikkje lagar mykje oppstyr rundt at Silje skriv på nynorsk i timane, er det ikkje alle som har teke språkskiftet hennar i 2018 like godt. Ho fortel at enkelte i kretsen hennar hadde svært negative reaksjonar på at ho skifta til nynorsk.

– Språk er sårt og personleg, så det er klårt det kan blir mange kjensler. Nokon fortalde meg at dei ikkje forstod kva eg skreiv, andre reagerte litt latterleggjerande og generelt negativt for at eg hadde teke dette valet, fortel Silje.

– Det kan henda dei som reagerte negativt opplevde at eg endra identitet. Språk er jo eit identitetsspørsmål, og det vekker assosiasjonar. Men eg vil gjerne leggja til at det var nokon som sa dei ikkje la merke til at eg byta før eg poengterte det, så det har ikkje berre vore negativitet, altså, fortel Silje, som tykkjer det er snodig at ikkje fleire har sett samanhengen mellom nynorsk og hedmarksdialektane.

Etter at Silje byta til nynorsk, lærte ho noko nytt om familiehistoria si.

– Eg har aldri møtt morfaren min, men eg fekk høyra at han visstnok vaks opp med nynorsken. Det visste eg ikkje, men var jo fint å høyra. Kanskje det ikkje var så rart at nynorsk er hjartespråket mitt?