norsk tidend

Folkemålsjuristen

Han var ein uvanleg gåverik og arbeidsam kar, den tredje leiaren i Noregs Mållag. Jussprofessoren Nikolaus Gjelsvik (1866–1938) skal ha mykje av æra for at rettsmålet her i landet vart norskare og meir forståeleg. 

TEKST: ASTRID MARIE GROV / EIRIK HOLMØYVIK

«Rettstankane er jamnast enkle og klaare i seg sjølv. Det gjeld berre aa gjeva dei ei enkel og klaar form. Eller klæda dei i ein folkeleg bunad, so dei ikkje vert altfor avkjennelege. Det norske folkemaalet er her til stor hjelp, naar ein berre lærer seg til aa nytta ut dei fyremunene det hev.» 

Dette skreiv Nikolaus Gjelsvik i innleiinga til Juridisk ordliste frå 1929. Det er ikkje utan grunn at Gjelsvik har blitt kalla grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. Arbeidet hans for eit norskare rettsmål har flytt idealet for godt norsk rettsspråk reint ålment, og juristar har framleis mykje å lære av Nikolaus Gjelsvik og dei språklege ideala han sette opp. 

Jussprofessor og politikar 

Bondesonen Nikolaus Mathias Gjelsvik frå Vevring i Sunnfjord miste båe foreldra tidleg. Mora døydde dagen etter han fylte 14 og faren drygt to veker seinare. Som foreldrelaus, men gåverik, fekk Gjelsvik økonomisk stønad til å gå gymnas i Stavanger og synte seg å vere ein uvanleg kapasitet. Han studerte juss og vart ein framståande rettsvitskapsmann gjennom virket som universitetsjurist og professor i rettsvitskap frå 1906 til 1936. Dei fyrste tiåra av 1900-talet var han i lange periodar òg leiar i Det Norske Samlaget, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, delvis samtidig. I alle tre laga gjorde han mykje viktig arbeid for målsaka. Mellom anna blir han rekna for å vere sjølve arkitekten bak landsgymnasa, som vart oppretta ved lov frå 1914 og skulle gje bygdeungdom lettare tilgang til utdanning. 

Som andre universitetsjuristar i samtida var Gjelsvik også aktiv i politiske spørsmål. Framfor alt markerte han seg i striden om den svensk-norske unionen på slutten av 1800-talet. Her argumenterte han folkerettsleg for eit fullstendig norsk sjølvstende i utanriksstyret. Det var denne lina som til slutt vann fram, og som sprengde unionen. I 1905 var han òg sekretær under Karlstad-forhandlingane som avslutta unionen mellom Noreg og Sverige. 

– Vekk med latinen 

Gjelsvik tok til som dosent ved Universitetet i Oslo i 1897, og han var den fyrste på fakultetet – og den andre på heile universitetet – som underviste på landsmål. For Gjelsvik var arbeidet med språket ein svært sentral del av den juridiske gjerninga. Han såg på landsmålet som sjølve nykelen til eit betre og klarare rettsmål. 

Kva var det så som var så gale med dei rettslege tekstane på byrjinga av 1900-talet, meinte Nikolaus Gjelsvik? Det korte svaret er det han kalla «det latinske stilgrunnlaget». Gjelsvik meinte at rettsmålet, som anna skriftmål, skulle være enkelt og lett å forstå. Det latinske stilgrunnlaget, som hadde etablert seg via tysk og dansk, førte til at rettsmålet ofte var vanskeleg og innfløkt. Ved å skrive om mange utdrag frå juridiske tekstar frå dansk og bokmål til nynorsk viste Gjelsvik korleis rettsmålet vart enklare og betre med norsk stilgrunnlag. Bruken av genitiv, innskotssetningar og lange setningsrekkjer var noko av det Gjelsvik tok føre seg. Mange av døma vart presenterte i Juridisk ordliste (1929) og Von og veg (1938). 

Med døma sine viste Gjelsvik korleis det norske stilgrunnlaget «gjev fint mål og lett mål», som han skreiv i Von og veg, i motsetnad til det latinske. Gjelsvik sjølv såg på det norske stilgrunnlaget som ei rettleiing for eit betre rettsmål, ikkje som absolutte reglar. Som alle juridiske tolkingslærer, avslutta han med i Juridisk ordliste, må ho «brukast med vit». 

Arven etter Gjelsvik 

«Kvart folk som vil taka vare på seg sjølv, bør taka vare på minnet um sine store menn. Nikolaus Gjelsvik var ein av det norske folks store søner, ein hovudmann i råd og i dåd, ein framgangsmann og ein fyretenkjingsmann.»

Slik skildra ein av studentane til Nikolaus Gjelsvik, Knut Robberstad, læremeisteren sin i føreordet til minneskriftet om han. Robberstad tok opp arven etter Gjelsvik på fleire måtar, for han vart både professor i rettsvitskap og seinare leiar i Noregs Mållag. Knut Robberstad gjorde òg ein markant innsats for å gjere nynorsk til eit viktig juridisk språk, mellom anna skreiv han fleire lærebøker og omsette lover til nynorsk. 

Den av studentane til Gjelsvik som står for den viktigaste enkelthendinga i kampen for nynorsk rettsmål, er Ketil Skogen. Seinare sorenskrivar og stortingspolitikar Skogen vart den fyrste som valde å skrive juridisk embetseksamen på landsmål, i 1909. Den gongen var det ikkje lov, sjølv om det alt fanst ei lov på landsmål. 

«Det vert fortalt at [Skogen] på førehand gjekk til professor Gjelsvik og innvigde han i den vågale planen. Responsen til Gjelsvik var at ‘det kan du ikkje gjera, for det er ikkje lov’. Skogen heldt fast ved forsettet sitt og sa ‘eg gjer det like vel’. Gjelsvik, som må ha vore redd for at eit juridisk talent skulle gå tapt med ein strykkarakter, skal ha sprunge etter den sta studenten og ropa: ‘Eg hev åtvara Dykk!’. Skogen skreiv likevel sine elleve eksamensoppgåver på landsmål hausten 1909, og skreiv så godt at fakultetet lét han stå. Eksamenskommisjonen skal ha notert på ei av oppgåvene at hadde ho vore skriven på menneskemål ville ho visstnok ha vore god» (frå artikkelen «Til kamp! Nynorsk som rettsspråk før, no og i tida som kjem» i jubileumsheftet Mål og rett – Juristmållaget 75 år av Jørn Øyrehagen Sunde).

I arbeidet for eit norskare språk følgde Ketil Skogen òg i fotspora til Gjelsvik. Då Skogen skipa kraftlag i heimkommunen Sauherad, fekk sambygdingane merke kva han hadde lært. «Berøring av ledningene og deres befestelse er forbundet med livsfare», stod det på kraftstolpane i bygda. Med Ketil Skogen vart det rett og slett heitande: «Livsfarleg å koma innåt». 

Sjølv om det norske rettsspråket ikkje alltid er i tråd med prinsippa til Nikolaus Gjelsvik, har iallfall ideala hans om kva eit godt rettsspråk er, slege rot. I Hovuddrag i norsk språkhistorie skriv Arne Torp og Lars S. Vikør at grunnsynet til Gjelsvik har vunne fram i den offentlege forvaltninga etter 1945. No er ein enklare og meir folkeleg stil høgt prioritert i offentleg målbruk og i rettsmålet. Universitetet i Oslo tilsette i 2018 den fyrste vitskapleg tilsette juristen som har til oppgåve å jobbe med eit klarare juridisk språk. «Merket det stend, um Mannen han stupa», skreiv Per Sivle. Det er ikkje tvil om at det gjeld for Nikolaus Gjelsvik.

Teksten tek utgangspunkt i artikkelen «Nikolaus Gjelsvik og rettsmålet» av Eirik Holmøyvik i jubileumsheftet Mål og rett – Juristmållaget 75 år frå 2009. Holmøyvik er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.