norsk tidend

Fonna rasar vidare

Frå eit arrangement på "popopp"-butikken til Fonna Forlag i Brugata 15, Oslo. Foto: Frida Pernille Mikkelsen

Frå pappøskjerot til arkivgull

Norsk Tidend møter dagleg leiar Kjartan Helleve i arkiva til Fonna forlag på Tveita i Oslo. Me blir møtte av fleire hyllemeter med bøker som høyrer til eit bokantikvariat. Deretter fleire haugar med pappøskjer og papir. Kjartan er ny majoritetseigar av Fonna forlag, eit forlag som kanskje er best kjent for dei årlege julehefta Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg.

– Det eg overtok, var ein pappøskjejungel og eit salig rot, men no er det nokolunde orden her, seier Kjartan Helleve.

Han snurrar på hjulet til arkivskåpet. Skåpa går frå kvarandre og viser fram meter på meter med permar, bøker og papir. Sortert etter dato og kategori.

– Velkommen til gullgruva, seier Kjartan. Her er det eit fullverdig administrativt arkiv, nesten heile historia til Fonna forlag frå 30-talet fram til i dag. Er det ikkje fantastisk?

Korleis fekk du ideen om å kjøpe Fonna forlag?

– For to-tre år sidan kom det opp ein notis om at han som eigde Fonna forlag ønskte å selje. Då kom Marit Aakre Tennø, tidlegare rådgjevar i Noregs mållag, til meg og spurde om ikkje me skulle kjøpe Fonna forlag. Det som begynte som ein litt morosam draum, blei til alvor då eg drog på besøk til eigaren ei stund etterpå, fortel Kjartan.

– Han som eigde forlaget var forretningsmann med fleire jern i elden, kan ein seie. Me vurderte det slik at han ville ut, og kunne gjere kva som helst med forlaget. Det inkluderte å kvitte seg med heile greia – også det fysiske arkivet.

VERDIFULLT ARKIV: – Eg er glad for at Samlaget aldri kjøpte opp Fonna, då trur eg ikkje me hadde hatt arkivet lenger, seier Kjartan. Her blar han i ei utgåve av ungdomsromanen «Tilfeldighetens spill». Fonna ga også ut bokmålsbøker.

Og kva var så hovudmotivasjonen for å kjøpe opp forlaget?

– Det er to grunnar. Den første var at det verka gøy å eige og drive eit forlag. Den andre grunnen er at eg ville ta vare på kulturhistoria, svarar Kjartan.

Korleis har det gått til no?

– Det har vore ein lang prosess. Eg kan ingenting om å eige noko, eg kan ingenting om aksjar, eg kan ingenting om konsern, eg kan ingenting om moms. Det har rett og slett vore ein stor læringsprosess å ta over og drive eit selskap.

Frå idealist til realist

Kva gjorde du før du blei redaktør for eit forlag?

– Eg er ikkje heilt grøn. Eg har vore med på å trykkje og gi ut ein del. Eg har vore med på bokutgjevingar på ulike vis: formgjeving, foto, trykk og innhald. Eg jobba tre år i Samlaget for lenge sidan. Så eg har altså kjennskap til forlagsbransjen. Eg veit kva eit ISBN-nummer er, ler Kjartan. Så har eg jo også jobba i Noregs Mållag og Kringkastingsringen, legg han til.

– Det forretningsmessige er der eg har manglande kunnskap. Skjemaveldet, avrekningar og slikt. Det er rart å vere ein person som plutseleg tenker på pengar, ikkje berre idealisme, historie, tradisjon og kultur. Det er ein overgang.

Kva er satsingsområda? Kor ser du føre deg Fonna om 1, 5 og 10 år?

– Eg kan vel seie at det finst prosjekt og idear, men noko femårsplan har me ikkje artikulert. No kjennest det som at me framleis lærer. Det som må skje, er at me må verte synlegare, gje ut meir enn julehefta og oftare, og det må vere enkelt å kjøpe dei.

Originalteikning av omslaget til Frå Moskva med kjærleg helsing.

Populærlitteratur og folkeleg nynorsk

Det finst allereie to utprega nynorskforlag i Noreg, Samlaget og Skald. Korleis skal de skilje dykk ut frå dei?

-Innhaldsmessig har me snakka om at Fonna forlag er bygd på populærkultur- og litteratur, og ein folkeleg nynorsk. Det ønsker me å halde fram med.

– Samlaget gjer mykje bra. Og Skald er jo fantastiske. Så me må finne oss ein plass mellom desse to. Eg trur det finst rom for mange nynorske forlag, og dersom me klarar å gjere Fonna forlag til meir enn eit utvida einpersonsføretak, trur eg det er mogleg.

AMBISIØST: Fonna forlag hadde eit tydeleg folkeleg opplysingsprosjekt. Blant dei meir ambisiøse utgjevingane er Norsk allkunnebok i ti band, som nesten slo forlaget konkurs.

Det er jo heller ikkje mangel på mindre forlag i Noreg i dag?

– I dag er det om lag 200 andre småforlag som tenkjer på det same som oss: kva bøker kan ein produsere som ein kan tene masse på utan at det kostar for mykje? Det er jo ei utfordring.

– Men håpet vårt, og det me trur, er at nynorsklojaliteten er sterkare enn ein er klar over. Eg trur det er nok folk som synest nynorsk i seg sjølv er gøy. Det er ein forretningsføremon som andre forlag ikkje har.

– Fonna er glad i den nynorske kulturen og historia, me veit kvar me kjem frå, og det trur me det er mange nok som vil vere med på. Prosessen om kva me skal gjere no framover, går framleis. Kva skal me eigentleg bruke dette til, utover å gje ut julehefte?

Kvifor kjøpe Fonna og ikkje berre starte eit eige forlag?

– Fonna forlag sel om lag 20 000 julehefte i året, utan særleg marknadsføring. Der er det altså potensial. Vangsgutane er ein sterk merkevare. Knut Berg har, i dei rette miljøa, også eit godt rykte. Dette er ein viktig grunnmur og sikkerheit, kan ein seie. Me startar ikkje frå ingenting.

NYNORSK FOR FOLKET: Kjartan blar i ei utgåve av Nynorsk Vekeblad. Nynorsk Vekeblad var del av Fonna forlag sitt prosjekt om å gje ut populærkulturelle utgjevingar i nynorsk språkdrakt.
Eit originaleksemplar av Nynorsk Vekeblad

Knut Berg på samisk

De skal satsa på utgjevingar på samisk. Fortel meir om den samiske utgåva av Ingeniør Knut Berg.

– To ting: Han som teiknar Knut Berg no, Øyvind Lauvdal, bur i Misvær og er opptatt av det samiske. I tillegg er det slik at når han fekk frie hender til å skrive og teikne ein ny Knut Berg, så laga han ei forteljing om «I Sápmi», der Knut Berg opnar Nord-Noreg-banen.

– Fonna forlag har tidlegare gjeve ut «Mine første 1000 ord» på heile tre samiske språk, og har hatt eit samarbeid med Sametinget tidlegare. Desse bøkene har vore ein suksess for forlaget, mest på bokmål vel og merke, men dei samiske har også selt nokolunde bra.

Så det er pengar i dette?

– Denne satsinga kjem ut frå ein smånaiv idé om at «no har me eit forlag, no kan me gjere kva me vil». Det er ei blanding av idealisme og at det er gøy. Særleg det at det er eit julehefte og attpåtil eit sci-fi hefte på samisk er så kult! Forretningsmessig er det moglegvis eit bomskot, men me får sjå.

Er det greitt at Fonna forlag, som ikkje har nokon med samisk tilknyting i redaksjonen, gjev ut samisk litteratur? Det er jo her snakk om ei omsetjing frå nynorsk til samisk, ikkje originale samiske verk.

– Sametinget fortalde oss at hovudproblemet med samisk litteratur er at det er gjeve ut for lite. For dei som les mykje, er det enkelt å lese seg gjennom alt som blir gjeve ut i løpet av eitt år. Det er på ingen måte eit problem at det kjem ut meir litteratur på samisk.

– Eg trur også det er ein styrke at Knut Berg ikkje speler på det alt for mange tenker på «typisk» samisk kultur og uttrykk. Det er som med nynorsken: samisk språk kan brukast til alt. Eg trur det er ei feilkopling å meine at samisk litteratur må leve opp til ein eller annan idé om kva som er «samisk».

– Eg synest det er kult at eg eig eit forlag som har gjeve ut bøker på lulesamisk [1500 brukarar på verdsbasis, journ. merk]. Me har tru på ein slags «mange bekkar små blir ei å»-greie. Netflix har tent pengar på å breie ut det kulturelle og språklege mangfaldet sitt.

KNUT BERG PÅ SAMISK: Her er den nyutgjevne samiske utgåva av Knut Berg.

Forlaget som avslo Jon Fosse

Me står i arkivet til Fonna forlag. Kva er det mest spennande du har funne her?

– Eg har vore overraska over kor mykje originale teikningar til bokomslag eg har funne. Det er originalteikningar til Ingeniør Knut Berg her. Å kome over dette gjev meg ærefrykt! Dei er svært vakre.

– Og berre tenk kva som finst av forlagshistorie her! Det som finst i desse permane, er språkpolitiske dokument. Her er eg overtydd om at det finst mykje gull, og eg har ikkje fått sett gjennom alt enno. Av nyare forlagshistorie fann eg ein korrespondanse mellom Fonna forlag og Jon Fosse, der han fekk avslag: «Oppattaking KAN vere eit effektfullt stilgrep når det blir brukt med måte, men det MÅ vere måte på.» Det var sjukt morosamt å finna han blant ein haug med ganske uinteressante avslag.

Kjartan fortel Norsk Tidend at han søkte om støtte til å få rydda i lageret. Det er også den einaste statlege støtta han har fått til no, og det nærmaste han har kome å få ei løn for arbeidet.

– I fjor søkte eg Kulturrådet om pengar til tre ting. Me ønskte å gje ut ei «Knut Berg komplett»-bok for å samle alle hefta på ein plass. Eg søkte også om støtte til å lage ein nettbutikk for å få selt det me har på arkivet. Og så søkte eg om støtte til å rydde i arkivet, få dekt utgifter knytt til rydding og kasting og slikt. Det er det einaste me fekk støtte for.

– Eg trur avslaget kjem av at prosjekta var for dårlege, ikkje at me er små. Men eg trur dette vert betre med tida.

KAOS: Slik såg det ut då Kjartan overtok arkivet.
ORDEN: No er rotet organisert og sortert og blitt til
gull, ifølgje Kjartan.

Å bla gjennom arkivet gjorde også Kjartan medviten om kor tøft det kan vere å drive forlag. Særleg eit så lite forlag som Fonna.

– Når me gjekk gjennom breva og rekneskapane, blei forretningsmannen i meg litt redd. Av å sjå kor tøft dei har hatt det opp igjennom. Fonna har vore nær konkurs lenge. Me har funne spor av om lag 120 aksjeeigarar. Dei eigarane er nok nynorskfolk som støtta forlaget ein gong på 70-talet då dei var nære konkurs.

– Derfor er eg veldig glad for jobben Roald Waktskjold har lagt ned over mange år. Han er hovudgrunnen til at forlaget framleis eksisterer, og har nokolunde sunn økonomi.

– Heldigvis er også vilkåra for å drive forlag i Noreg veldig gode. Ein må berre lære seg korleis ein blir del av industrien, og det er me ikkje ein del av nett no.

Grunnleggjaren av Fonna forlag, Hans Aarnes, sa at å tene pengar på nynorsk er like lett som å livberge seg på eit svaberg. Har du von for Fonna forlag?

– Samlaget og Skald har jo synt oss at dette er fullt mogleg! Det skal godt gjerast å få marknadsført dette, men me elskar Knut Berg! Så dette skal me få til.

Nye hefte med Ingeniør Knut Berg og Vangsgutane kom i november i år.

– Me har opna ein mellombels butikk i Brugata i Oslo som skal vera open fram til jol. Der sel me eigne julehefte, men òg utgjevingar frå Norsk Barneblad, Skald og Samlaget. I tillegg skal me ha ein del tilskipingar om kvelden. Samlags-forfattar Anders Totland var første gjest 22. november.

Tekst og foto: Vemund Norekvål Knudsen