norsk tidend

Fosse og målet hans

– Eg har vore i opposisjon mot mykje som høyrde oppveksten min til, men aldri mot nynorsken, seier Jon Fosse. Han definerer seg som målmann, men har ikkje noko imot å bli omsett til bokmål.

TEKST: ASTRID MARIE GROV

Jon Fosse. Berre namnet har litt mystisk og utilnærmeleg aura. Det er han som bur i Grotten, statens æresbustad i Slottsparken, ikkje sant? Og så skriv han på nynorsk, og blir mykje spela på teater? Men der stoppar assosiasjonane for ein del av oss. Jon Fosse er ikkje nokon Jo Nesbø som «alle» nordmenn har fleire bøker av i bokhylla.

Men at sekstiåringen frå Strandebarm i Hardanger er eit verdsnamn av stort format, er tvillaust. Når det gjeld eksportverdi, kan Jon Fosse nesten måla seg med både Nesbø og norsk laks. Han er ein svært produktiv forfattar av både skodespel, diktsamlingar, romanar og omsette verk. Mang ein omsetjar verda over har lært seg norsk for å omsetja Ibsen og nynorsk for å omsetja Jon Fosse. Fosse har blitt omsett til over 50 språk, teaterstykka hans blir spela på scener over heile verda, og han har vunne bråtevis med prisar. Som den andre norske forfattaren nokon gong vart han tidlegare i år nominert til den amerikanske Bookerprisen, ein av dei mest prestisjefylte litteraturprisane i verda. Og ikkje minst er Jon Fosse den einaste nordmannen som kvart år opptrer på topp 20 på bookmakarlistene før kunngjeringa av nobelprisvinnaren i litteratur.

Målmannen Fosse

Med andre ord er det vanskeleg å finna betre prov på nynorskens relevans som både bruks- og kulturspråk enn forfattarskapen til Jon Fosse. Og til glede for målrørsla nøler ikkje Fosse med å kalla seg målmann.

– Då eg var ung, tykte eg ‘målmann’ høyrdest litt gammaldags og traust ut, sjølv om eg var engasjert i saka og medlem i målungdomen. Men no som eg har blitt eldre og gammal sjølv, kan eg godt kalla meg for målmann.

Fosse fortel at han gjennom livet har vore opposisjonell og kritisk til mange sider ved det bygdesamfunnet han voks opp i – i Hardanger på seksti- og syttitalet – men aldri til nynorsken.

– Eg tykte både kristenkulturen og ungdomslagskulturen, med dans og slagsmål, var ganske vulgær. I tillegg opplevde eg mykje av tenkinga eg møtte i samfunnet, som ganske småskoren og trong. Eg hugsar at den fyrste boka eg kjøpte, då eg gjekk på ungdomsskulen, var Marx i eitt bind. Men sjølv om nynorsken òg var ein del av dei tradisjonelle verdiane, var det aldri i mine tankar at eg ikkje skulle skriva eller støtta nynorsk. Det har vore heilt sjølvsagt.

Fosse tok tidleg til å skriva, og skrivinga fekk alt då ei stor rolle i livet hans. Det er årsaka til det sterke bandet til skriftspråket, meiner han.

– Eg byrja å skriva dikt og forteljingar frå tolvårsalderen. Det eg skreiv den gongen, var frykteleg  dårleg, på alle vis, men det å skriva gav meg eit slags vern eller ein plass der eg kunne vera i fred. Olav H. Hauge snakkar om «lauvhyttor» i eit av dikta sine, og slik var det i grunnen for meg òg. Du lagar din eigen plass, og den er jo inni ordlyden og dermed – for meg – langt inni det nynorske. Så nynorsken har alltid vore ein slags tilhaldsstad for meg.

Jon Fosse har budd i Statens ærebustad for kunstnarar, Grotten i Slottsparken, sidan 2011. Foto: Katrine Gade

Nynorskprisane er meir personlege

Fosse opplever å vera litt av ein yndling for målfolket i kampen for posisjonen til nynorsk i samfunnet. Og han tykkjer det er heilt greitt at forfattarskapen og suksessen hans blir bruka i kampen for målsaka.

– Klart det. Om eg vinn ein teaterpris eller får ei ny oppsetjing i eit eller anna land, er jo det kjekt, men det er ikkje viktig. Nynorsken er jo veldig viktig for meg, fundamental i ein viss forstand. Eg har fått både Målprisen og fleire gonger Nynorsk litteraturpris, og – tru meg – det tyder noko ekstra for meg. Sjølvsagt er det meir spektakulært å få Nestroy-prisen i Austerrike på direktesendt fjernsyn, men nynorskprisane er meir personlege.

Fosse fortel at den nasjonale argumentasjonen for nynorsk ikkje har stått spesielt sentralt for han, og at det – særleg med åra – er den kulturelle som har kome i forgrunnen.

– Eg hadde ei venstreradikal mogning i oppveksten, så på den tida var den sosiale argumentasjonen den viktigaste. Men etterkvart har nok ein kulturell argumentasjon teke over. Det ville jo vore fullstendig galskap å ta nynorsken vekk frå Noreg og norsk litteratur. Nynorsken er der, han er mange sitt språk, mellom anna ditt og mitt. Det skal ein ikkje trenga å argumentera for, det blir jo som å måtta argumentera for sin eigen eksistens.

– Meir nynorskforfattar enn norsk forfattar

For forfattarar som skriv på nynorsk, kan språkspørsmålet lett ta mykje merksemd. For mykje, vil somme kunstnarar tykkja. Men stempelet «nynorskforfattar» plagar ikkje Fosse, snarare tvert imot.

– Heile karrieren har eg hatt meir med utlandet å gjera enn med Noreg, særleg etter at eg byrja å skriva for teateret. Eg slo faktisk igjennom i Sverige før i Noreg. Og dermed har det aldri vore noko ekstra press på meg for at eg skriv på nynorsk. Tvert imot insisterer eg på det sjølv, og eg kjenner meg i grunnen meir som nynorskforfattar enn som norsk forfattar. 

Fosse seier han ikkje er uroleg for framtida til nynorsken, men meiner det er viktig å praktisera eit tydeleg skilje mellom talespråk og skriftspråk. Mange lesarar har nok lagt merke til at han har endra sine eigne normval i meir tradisjonell lei med åra, mellom anna gjennom å gå frå e- til a-infinitiv.

– Tidleg i karrieren gav eg ut ei diktsamling som heitte «Hundens bevegelser». Ein slik tittel kunne eg aldri ha brukt i dag. Ein skal vakta seg for å sleppa inn dialektale variantar i skriftspråket som gjer at det liknar meir og meir på bokmål. Ein må insistera på nynorsken som nynorsk.

Sjølv om Fosse reknar seg sjølv som målmann, tykkjer han det er heilt greitt å bli omsett til bokmål.

– Eg er omsett til all verdas språk, så kvifor ikkje til bokmål? Det er dessutan ei understreking av at nynorsk er eit språk, til liks med bokmål. Stykket «Nokon kjem til å komme» vart omsett til bokmål og sett opp på Nationaltheatret under tittelen «Noen kommer til å komme» for nokre år sidan. Det fungerte veldig fint. Men det er jo klart at omsetjingar alltid vil bli noko anna, same kva språk det blir omsett til. Dei som vil lesa meg, slik eg verkeleg skriv, må lesa meg på nynorsk.