Frå historisk bra til 0 ord om nynorsk
Nynorsk er ikkje nemnd med eitt einaste ord i Ap sitt programutkast.
Partiprogrammet Arbeidarpartiet gjekk til val på i førre stortingsval, vart omtalt som eit “historisk bra Ap-program” av Noregs Mållag. No tre år seinare er alt gløymt.
– Det er nesten så eg tenkjer det må vere eit arbeidsuhell. Ap viste gode takter opp mot førre val, men no er det som om alt er gløymt, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Dei skriv at dei vil “sikre en god språkpolitikk”, men seier ingen ting om kva det tyder eller korleis dei vil gjere det. Mållagsleiaren ventar at andreutkastet blir meir nynorskvenleg og fortel veljarane kva Ap vil med og for nynorsken.
– Det vil overraske meg stort om regjeringspartiet Ap verkeleg skal gå til val utan å ha ein nynorskpolitikk, seier Peder Lofnes Hauge.
Før programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedteke fem politiske hovudkrav. Desse er:
1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga.
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett.
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar.
5: Eit løft for nynorsk kultur.
Noregs Mållag sine fem krav til partia:
https://www.nm.no/lokallaga/4631-2/fem-krav-til-partia/