Fem krav til partia

Noregs Mållag meiner at dei politiske partia må ha offensive ambisjonar for språkpolitikken.

Vi har desse fem krava til partiprogram-punkt for å sikre nynorskbrukarane og nynorsken gode utviklingsvilkår: 

1. Grunnlovfesting: Nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova 
Utgangspunktet for den norske jamstillingspolitikken er at dei to norske språka bokmål og nynorsk er jamstilte. Det bør Grunnlova reflektere. Og i store geografiske område er nynorsk det statsberande språket. Likevel finst det fleire rammevilkår som er ulike for nynorskelevane og bokmålselevane. Det må vere eit overordna mål at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg. Ei grunnlovfesting vil gje den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka.

Framlegg til kortfatta formulering:
[parti] vil:
– grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk og jamstillinga mellom bokmål og nynorsk

2. Hald på og løft sidemålsordninga 
Norskfaget er det viktigaste faget i skulen, og det skal gje alle barn eit felles språkleg utgangspunkt. Sidemålsordninga er ryggrada i å sikre nynorskbrukarane sine språklege rettar. Obligatorisk skriftleg opplæring i begge skriftspråk på ungdomsskulen og vidaregåande skule er viktig. Eleven sin kunnskap i sidemålet må vurderast, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring. Denne kompetansen må også synleggjerast på vitnemålet. Vurderinga i vidaregåande opplæring må vere gjennom eigen standpunktkarakter og obligatorisk eksamen. Eksamen i sidemål og hovudmål skal gjennomførast samstundes i Vg3 og med same krav, men på to ulike dagar.

Den systematiske sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål, treng eit lyft: ho må byrje tidlegare, bli betre og meir spennande. Skular der hovudmålet er bokmål, bør nytte sidemål i andre fag enn norskfaget som eit verkemiddel for at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk. Elevane med nynorsk som hovudmål møter så mykje bokmål i dagleglivet at dei ikkje har det same behovet for mengdetrening i sidemålet, men heller treng å få styrkt hovudmålsopplæringa si.

Framlegg til kortfatta formulering:
[parti] vil:
sikre ei god sidemålsordning med eigen karakter i ungdomsskulen og studieførebuande opplæring. Den systematiske sidemålsopplæringa må bli betre og byrje tidlegare

3. Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett
Digitalisering og språkteknologi blir stadig ein større del av liva våre. Det meste kan styrast frå telefonen, tenester er digitale, kommunikasjonen med kommunen skjer gjennom samtalerobotar, lys og varme i heimen kan fjernstyrast frå ein app. Mindretalsulempene nynorskbrukarane møter, blir forsterka. Utviklinga går så fort at det er vanskeleg å henge med i svingane, og språkperspektivet blir gløymt. Styresmaktene må sørgje for at teknologien tek omsyn til den norske språksituasjonen, mellom anna gjennom krav i offentlege innkjøp.

Den nye opplæringslova er ikkje god nok for lærarane og nynorskelevane, sjølv om det er bra at skriveprogram frå hausten av må finnast på både bokmål og nynorsk. Den nye opplæringslova opprettheld eit kunstig skilje mellom «læremiddel» og «læringsressursar». Produsentane utnyttar dette smottholet i lova og lagar produkt som ikkje har nynorskversjon. Situasjonen i nynorskklasseromma er så alvorleg at utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til svært ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane. Det bør leggjast inn at «læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa» kjem inn under parallell-kravet om bokmåls- og nynorskversjon. Berre slik kan nynorskelevane få ein skulekvardag på språket sitt.

Framlegg til kortfatta formulering:
[parti] vil:
– sikre alle elevar ein reell rett til fysiske og digitale læremiddel på eige språk, mellom anna gjennom krav om språklege parallellutgåver av digitale læringsressursar som er laga for bruk i skulen
– sørgje for at språkteknologien tek omsyn til dei norske skriftspråka og talemåla

4. Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar
Norskkunnskapar til lærarane er avgjerande for god norskundervisning. Dei ulike lærar- og lektorutdanningane må sikre at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk. Denne kompetansen må stå på vitnemålet. Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk. Barnehagelærarutdanninga må gjere barnehagelærarane i stand til å førebu borna på å verte nynorskelevar. Borna må få møte og utvikle språket sitt i barnehagen. Språkstimulering på bokmål er noko anna enn språkstimulering på nynorsk, det tek ikkje dagens rammeplan høgd for. Barnehagelærar- og lærarutdanningane må sørgje for kompetente lærarar som lèt alle ungar møte nynorsk frå barnehagen og ut heile skuleløpet.

Framlegg til kortfatta formulering:
[parti] vil:
– sikre at studentar går ut av lærarutdanningane med kompetanse til å undervise i og på nynorsk
– at barnehagelærarane er i stand til å førebu borna på å bli nynorskelevar

5. Eit løft for nynorsk kultur
Den nynorske litteraturen er stor og rik, og det kjem stadig til nye gode nynorske forfattarar. Dette er eit teikn på ein livskraftig skriftkultur. Det er viktig at breidda i denne er tilgjengeleg i heile Noreg. Då krevst det stønadsordningar, lov og løyving over statsbudsjettet som tek omsyn til at nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål.

Framlegg til kortfatta formulering:
[parti] vil:
– sikre gode økonomiske kår for nynorsk litteratur, scenekunst, film, musikk og andre kulturuttrykk