aktuelt

Ingen teikn til betring hjå Framstegspartiet

Hans Andreas Limi (Foto: FrP)

I førsteutkastet til nytt partiprogram føreslår FrP og nestleiar Hans Andreas Limi «valfri sidemålsopplæring» og vil «fjerne krav om sidemålet i det offentlege».

– Dette er eit program for mindre nynorsk i Noreg, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Språk treng språkpolitikk. Nynorsk treng nynorskpolitikk. Erfaring frå heile verda syner at språk treng gode rammer for å bli skrivne, lesne og lærte vidare. Det gjeld både bokmål og nynorsk.

Sidemålsordninga har vore ryggrada i norsk språkpolitikk sidan ho vart vedteken i 1907.  Ho sikrar at alle elevar kan skrive på begge dei norske skriftspråka. 

– Norskfaget er det viktigaste faget i skulen og grunnlag for læring i alle andre fag. Det skal gje alle norske born eit felles språkleg utgangspunkt, seier Peder Lofnes Hauge.

– Sidemålsopplæringa er ein viktig del av norskfaget både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Ho gjev elevane meir språkkunnskap, ikkje mindre. Noregs Mållag seier ja til kunnskap! Valfritt sidemål vil gje elevane eit tydeleg signal om at denne typen kunnskap ikkje er viktig. I praksis er det ei nedprioritering av nynorsk. 

Språkarven vår har gitt oss eit rikt språkleg mangfald. Det er ein grunnleggjande verdi i samfunnet vårt. Dette tek vi vare på når vi kan bruke nynorsken i alle samanhengar, og sjå at også andre gjer det same.

– Når færre lærer nynorsk, vil det etter kort tid bli vanskeleg å stille krav til at offentleg tilsette må skrive det, seier Peder Lofnes Hauge. Då mistar vi språkkompetanse, og vi får mindre nynorsk i offentlege rom. Det reduserer også nynorskbrukarane sin valfridom.

Sidemålsordninga er ein føresetnad for at nynorsk og bokmål skal vere likestilte. For å ha reell likestilling må nynorsk vere allmennkunnskap. Då kan ikkje sidemål vere valfritt i skulen.

Før programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedteke fem politiske hovudkrav:

1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga.
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett.
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar.
5: Eit løft for nynorsk kultur.