aktuelt

Vi ventar meir, Sp!

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim, nestleiar i Senterpartiet, har leia arbeidet med nytt partiprogram. (Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet)

Senterpartiet forstår målsaka, kvifor vil dei ikkje meir?

– Senterpartiet forstår at dersom vi skal sikre begge dei norske skriftspråka, krevst det ein særleg innsats for nynorsken. Dette er kjernen i det som må vere offisiell norsk språkpolitikk. Vi må aktivt favorisere nynorsken for å jamne ut tilhøva mellom bokmål og nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Peder Lofnes Hauge peikar på at framlegget har ein solid politikk for sidemålsordninga. Likevel ynskjer han seg meir frå Senterpartiet.

– Senterpartiet er eit nynorskparti. Difor hadde vi venta å sjå fleire av våre fem hovudkrav i programmet. Dei skriv ingen ting om språkteknologi, lærarutdanning eller grunnlovfesting av norsk språk. Det håpar eg programkomiteen vil endre på til andreutkastet, seier Lofnes Hauge.

I framkant av programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedteke fem politiske hovudkrav. Desse er:

1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga.
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett.
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar.
5: Eit løft for nynorsk kultur.


Fyrsteutkastet til Senterpartiet:

Stortingsprogram for Sp, framlegg