Godt utgangspunkt frå Venstre
Mykje godt og attkjenneleg frå det gamle nynorskpartiet Venstre.
Noregs Mållag vart skipa på eit “målmannastemne” framfor landsmøtet i Venstre 5. februar 1906. Målfolket frå heile landet einast om det politiske hovudkravet til landsmøtet: “Den eine skriftlege prøva til artium skal vere på nynorsk (landsmål). I dag, 118 år seinare står kravet framleis sentralt for Venstre. I førsteutkastet til stortingsvalprogram ynskjer dei ei styrkt sidemålsordning som byrjar tidlegare, og slår fast at det framleis skal vere karakter i skriftleg sidemål.
Det er ellers mykje godt om språk generelt og nynorsk spesielt i Venstres førstutkast. Mellom anna krev til skjerpa nynorskkrav for TV2 som kommersiell allmennkringkastar, og at både NRK og TV2 må meir nynorsk på nett. Partiet vil styrkje norsk som fagspråk i høgare utdanning.
Framom programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedtatt fem politiske hovudkrav. Desse er:
1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar
5: Eit løft for nynorsk kultur
Venstre skriv at dei vil “styrkje norsk som samfunnsberande språk” og at “begge dei to norske skriftspråka, bokmål og nynorsk, skal være breidt representert i samfunnet, slik at det er like enkelt å bruke det eine som det andre”. Vi håpar dei vil programfeste grunnlovfesting av norsk, med jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.
Partiet vil sikre “lik tilgang på digitale læremiddel på begge målformer”, men bør her inludere dei mindre, men likefult viktige læringsressursane. Det var eit stridsspørsmål då den nye opplæringslova blei vedteke i Stortinget, og Venstre stod på mållaget si side. Vi saknar omtale av nynorsk språkteknologi, og håpar det kjem på plass når dei får gått gjennom høyringsinnspela.
På same vis saknar vi formuleringane om at lærarutdanningane må sikre at studentane får kompetanse til å undervise i og på nynorsk, og at barnehagelærarane er i stand til å førebu borna på å bli nynorskelevar.
Venstre skriv at dei ynskjer å “styrkje nynorsk skriftkultur”. Det er veldig bra, men vi ser helst at dei famnar breiare og inkluderer “scenekunst, film, musikk og andre kulturuttrykk”.
Programkomiteen sin leiar Sveinung Rotevatn la fram eit programutkast som viser at Venstre er på lag med nynorsken, og med relativt få tillegg vil Venstres program kunne svare gått på mållaget sine fem hovudkrav.
Meir info: