– Omfattande og godt nynorskprogram frå Raudt
– Raudt vil mykje bra for nynorsken i programutkastet sitt, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Mållaget.
Nynorsk i Grunnlova, aviser, staten, lærarutdanninga og skulen. Raudt skriv omfattande om nynorsk i førsteutkastet til arbeidsprogram. Det gler leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge seg stort over.
– Raudt viser vilje til å programfeste ei lang rekkje saker som er viktige for nynorsken. Eg saknar likevel politikk på språkteknologi og KI, og den viktige sidemålsordninga, og håpar det kan kome inn i andreutkastet, seier Peder Lofnes Hauge.
Han håpar Raudt vil omtale alle dei fem hovudkrava frå Noregs Mållag. Desse er:
1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga.
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett.
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar.
5: Eit løft for nynorsk kultur.
Noregs Mållag sine fem krav til partia:
https://www.nm.no/lokallaga/4631-2/fem-krav-til-partia/
Les framlegget til nytt arbeidsprogram frå Raudt.