Solid fyrsteutkast frå MDG
– Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har lytta til Mållaget og har allereie inne fleire av våre viktigaste saker. Dette lovar godt, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
MDG har som vane å gå til val med gode nynorsksaker i programmet. Skal vi tru førsteutkastet som no er på høyring kjem dei til å gjere det også til hausten neste år.
– Det er særleg kjekt å sjå at MDG vil grunnlovfeste jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Det var den store saka på landsmøtet i Noregs Mållag i vår, og åtte stortingsrepresentantar leverte inn eit framslag i Stortinget før sumaren, seier Peder Lofnes Hauge.
Det er det neste Stortinget som skal handsame framlegget, og Mållaget vonar flest mogleg parti går til val med dette valløftet. Tidlegare har Raudt vore åleine om å programfeste dette standpunktet.
Hovudutfordringa med framlegget frå MDG er at partiprogramnemnda ikkje seier noko om korleis sidemålsordninga skal innrettast: MDG vil at “elever som er fritatt fra sidemålsundervisning, skal møte litterære tekster og sakprosa på sidemålet”.
– Sidemålsordninga er ofte under åtak, og det er viktig at partia tek stilling til saka og har ei klår meining om korleis ho skal vere, seier Peder Lofnes Hauge.
Hauge er nøgd med at MDG understrekar kor viktig det er at lærarstudentane får kompetanse til å undervise i og på nynorsk, og at lærarar har tilgang på etter- og vidareutdanning som styrkjer nynorskkompetansen deira.
Framom programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedtatt fem politiske hovudkrav. Desse er:
1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar
5: Eit løft for nynorsk kultur