aktuelt

– Svakt Høgre-program

Henrik Asheim, nestleiar i Høgre, har leia arbeidet med framlegg til nytt partiprogram. (Foto: Høgre)

Høgre gløymer nynorsken i førsteutkast til nytt partiprogram.

– Programkomiteen i Høgre må lese innspela frå Noregs Mållag om igjen. Anten har dei gløymt nynorsken, eller så vil dei ikkje ha han med, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Høgre skriv rett nok at dei vil “bygge opp under både bokmål og nynorsk som skriftspråk”, men programmet er elles kjemisk fritt for tiltak som vil sørgje for dette. Det er mest alvorleg for nynorsken, som det minst brukte av dei to norske språka.

– Tvert om ynskjer dei éin felles skriftleg karakter i norsk, altså å fjerne eigen karakter i norsk skriftleg sidemål.
– Det høyrest mindre drastisk ut enn å gjere den skriftlege sidemålsundervisninga valfri, som var parolen frå Høgre på 2000-talet. Realiteten er at felles fag og karakter vil få store konsekvensar for nynorsken. I ein karakterstyrt skule vil det å slå saman hovudmåls- og sidemålskarakter fort føre til ei reell nedprioritering av arbeidet med og vurderinga av eleven sitt sidemål. 

I framkant av programprosessane i dei politiske partia har Noregs Mållag vedteke fem politiske hovudkrav. Desse er:

1: Grunnlovfesting: Bokmål og nynorsk skal vere jamstilte språk i Noreg – også i Grunnlova.
2: Hald på og løft sidemålsordninga.
3: Nynorskbrukarane må få bruke språket sitt på internett.
4: Lærarutdanningane må sikre gode nynorsklærarar.
5: Eit løft for nynorsk kultur.


Høgre sitt førsteutkast til partiprogram 2025-2029:
https://res.cloudinary.com/hoyre/images/v1725874430/Nye%20hoyre.no/Hovedside/240909-Utkast-stortingsvalgprogram-Digital/240909-Utkast-stortingsvalgprogram-Digital.pdf?_i=AA